Tettare samarbeid med Tsjekkia og Polen

Tekst: Webmaster Volda

Målet med turen var å møte fagpersonar og potensielle studentar for å promotere Volda og få ei betre forståing om kva desse institusjonane representerer, fortel leiar av internasjonalt kontor Cecilie Wilhelmsen.Turen gjekk først til Praha og besøk til ein ny partnar Charles University, der spesielt mediefaga står i fokus. Dernest besøkte dei partnaruniversitet Jan Amos Komensky University og fekk mellom anna møte tre av fire studentar som skal til Volda i vårsemesteret. Dei uttrykte at dei gler seg stort til studieopphald i Volda, og har fått mange tilbakemeldingar frå medstudentar som har vore i Volda.

1dbfd41d2c790326f092bd3f6bb738fbe014e1ab
Maria, Jacup og Andrea kjem til Volda neste semester som Erasmus-studentar (Foto: CW).

Fleire norske studentar
Turen gjekk vidare sør i landet, til industribyen Zlin og Thomas Bata University. Dette er eit universitet som HVO har hatt eit samarbeid med over ei fem års periode, og kvart semester kjem omlag fem studentar til Volda. Universitetet har dei fleste fagområda som Høgskulen i Volda, og ser gjerne at fleire norske studentar tek eit semester hjå dei.

Frå Zlin gjekk ferda med tog til Krakow i Polen og ærverdige Jagiellion University. Der besøkte dei studentar og tilsette på medie- og humanistiske fag. Dei har sendt to studentar til Volda dette semesteret og er svært ivrige etter å få studentar frå Volda til Krakow. Dei kan lokke med gode stipend - så om du vil reise til våren kan dei gi lovnad om 500 Euro i månaden i ekstra støtte. Det er framleis ikkje for seint!

Ny partnar innan kunstfag
Dei reisande frå Internasjonalt kontor fekk også ein avtale med ein ny og spanande partnar, Fine Arts University of Krakow, der sjølvaste rektor tok imot Volda-delegasjonen på sitt enorme kontor, med kunst på alle veggane. Her kan våre studentar til dømes halde fram med ein master innanfor kunstfaga, og det kan vise seg å bli ein interessant partnar i den nye lærarutdanninga som står på trappene.

Noreg har eit eige program - det såkalla EEA Scheme - som rettar seg m.a. til landa Polen og Tsjekkia. Du kan lese meir om dette programmet her. I tidsrommet 2009 til 2011 skal EFTA/EØS landa (Noreg, Island og Liechtenstein) overføre til saman vel 10,4 milliardar kroner til dei nye medlemslanda i EU. Noreg står for om lag 10 milliardar kroner av total summen.

Del på