Vann pris for beste gründeridé

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

f0658a0c7adec202d5f76a8ef0ffc950e16987d8
Vinnarane av Gründercamp 2012. F.v. Karoline Røyrhus, Marine Halse, Åsmund Brunstad Øyehaug, Alijan Razai og Herman Rovde Hjertvik

–No er vi utruleg glade! Tenk at vi vann, jublar Herman Hjertvik.
Oppgåva dei fekk utlevert var «Høgskulen i Volda har fleire bygg på campus og nye studentar treng ein guide. Kva skal den innehalde og korleis bør den sjå ut?» – Etter litt idémyldring fann vi ut at å lage ein applikasjon vil vere i tida, enkelt å bruke og lett tilgjengeleg då den er gratis og dei aller fleste har smarttelefonar i dag, seiar leiar for gruppa Åsmund Brunstad-Øyehaug. Namnet på applikasjonen er «Lost in Campus – Campusguide HVO».

Lokale oppdragsgivarar
Gründercamp er eit samarbeid mellom skulen og næringslivet. Prosjektet er starta av Møre og Romsdal fylkeskommune og Ungt entreprenørskap. For Høgskulen i Volda er dette eit svært interessant prosjekt, fordi vi har lærarutdanning og Gründercamp er ein del av faget Utdanningsval i grunnskulen, seier rådgivar Torill Engeseth. Ho legg til at også dei andre to gruppene gjorde ein strålande innsats, og kunne presentere både utkast på turkokebok og blogg for Studiebygda. Under gründercampveka har seks grunnskulelærarstudentar vore mentorar for gruppene. 

Nytenking
Målet med gründercamp er å gi elevane trening i å vere nyskapande og kreative. Problemstillingane skal vere realistiske, slik at dei får øvd seg på samarbeid, problemløysing, og presentasjon. Det er aktuelt for Høgskulen å sjå på alle produkta for eventuelt å kunne setje dei i produksjon, seier Torill Engeseth.

047248343255e28fa92850c533410fa7e1332faa

Gruppa som skulle profilere studiebygda.

6b7a4b7987d0f8d3465ff09e5793d96b23a810ea

Gruppa som laga turmatboka «Skogsfrisk middag»

b1b232bae169bbc5211d987d34780d8354c67d02

Vinnargruppa foran nokre frå juryen. F.v. Ordførar i Ørsta, Rune Hovde og rektor ved Ørsta ungdomsskule, Kari Buset.

Del på