Velbrukt søk-korps i sommar

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Den populære informasjonstenesta, som er spesifikt retta mot søkjarar, er den einaste av sitt slag i landet. Eilis-Mari Grinde er ein av fire studentrettleiarar i tenesta, og ho kan fortelje om ein travel seinsommar og søkjarar med stor informasjonstrong.

– Frå og med hovudopptaket 20. juli har dei fire telefonane våre sjeldan slutta å kime. Dette, kombinert med  ein konstant straum med spørsmål på e-post, har resultert i ein utfordrande og travel seinsommar for oss i søk-korpset, seier Grinde.  

Viktig informasjonskanal
Men det er ikkje berre nye søkjarar som har kontakta søk-korpset denne sommaren. 

– Vi har i røynda blitt kontakta om alt mogleg. Folk i alle aldrar ringer og spør om dei mest varierte tema, alt frå studentbarnehage, hyblar, vidareutdanning og permisjon. Likevel er det visse spørsmål som vi  får mest kvar dag. Desse omhandlar i hovudsak innsending av vitnemål og annan informasjon, søknadsfristar og resultat av opptak. Desse ofte stilte  spørsmåla er som regel greie å svare på, og er kunnskap som søkjarane sjølve har moglegheit å tileigne på høgskulen sin studiestart-portal på nettet og i nettsøknaden sin.

7d24eb654f9cba6c0540d61142379b80bd64489b
Studentrettleiarane i søk-korpset opplyser søkjarar og studentar som studiestart og det å vere student i Volda.

Dei fleste spørsmål er overkomelege å svare på for dei fire rettleiararne i søk-korpset. Likevel kjem det mest kvar dag vanskelege spørsmål som ein ikkje kan svare direkte på, og som set kunnskapane på prøve.

– Ofte er er fagansvarlege  på ferie, og spesialkunnskapane våre strekk ikkje alltid til. Då det alltid er svært viktig for oss å gi korrekt informasjon til søkjarane, hender det ofte at vi ringer tilbake med svar på eit seinare tidspunkt. Som regel får vi alltid nøsta opp og strikka ferdig, seier Grinde.

Snart studiestart
I dagane framover forventast det i midlertid nye typer spørsmål. Nærare fram mot studiestart endrast nemleg informasjonsbehovet til studentane som har fått studieplass.

– Vi reknar med at spørsmåla i august i stor grad vil omhandle hjelp til registrering, lånekassa, og praktisk informasjon kring oppstartdatoen, 18. august. Då innleiast fadderveka, og dei nye studentane vil sosialiserast inn i ei ny tilvære som voldastudent. Informasjon om registreringsprosedyrer vil ligge på studiestartportalen på nettet, men studentar kan framleis ringe oss med spørsmål i heile august, avsluttar ho.

Del på