Vi opplyser deg!

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert


Høgskulen i Volda har to sentrale ordningar for å fange opp spørsmål frå aktive og nyfikne søkjarar: studentrettleiarane og  portalen for studiestart.

Studentrettleiarane

Studentrettleiarane har vore studentar i fleire år, anten ved Høgskulen i Volda eller ved høgskular og universitet i andre delar av landet. Øystein er nett ferdig med ei mastergrad i nordisk språk og litteratur. Han og Silje er ekte voldingar.   Silje bur no i Bergen der ho tek allmennlærarutdanning.   Eilis er nett ferdig med bachelorgradsstudium i planlegging og administrasjon ved høgskulen, og kjem frå nabobygda Ørsta. Gunnhild vart ferdig med bachelorgraden i historie, kultur og samfunn, og skal til på mastergradsstudium i nynorsk skriftkultur  ved høgskulen til hausten. Ho er opphavleg frå Færøyane og Bømlo men bur no i Volda.  Alle har god kjennskap til både bygda og studiestaden. Felles for dei alle er at dei veit korleis det er å vere student på HVO.

5f0a8b0e687c8f6b0426c4bad1810bc3045352f4

Studiestartportalen

Fram mot studiestart finn du mykje nyttig informasjon på www.hivolda.no/studiestart.  Her finn du hjelpesider, kart, informasjon om bygga våre, kontaktpersonar, rettleiing og rådgjeving, praktisk informasjon om studiet ditt, studiehandboka, ofte spurte spørsmål, nyttige lenker osv.

Informasjon om studiestart

På studiestartportalen vil vi fortløpande legge ut informasjon om det som gjeld sjølve studiestarten 18. august: offisiell opning av studie­året, avdelingsvise orienteringar, sosiale aktivi­tetar, fadderpro­grammet osv. Du vil også få tilsendt nyttig informasjon frå høgskulen i posten.

Vegvisar

Når du kjem til Volda må du sjå etter «Studiestart - Vegvisar til nye studentar». Hugs å registrere deg i god tid før 1. september. Nøl ikkje med å kontakte oss om det er noko du lurer på!

Del på