Friluftsliv
Som bachelorstudent i friluftsliv får du vere med på allsidige aktivitetar i eit stimulerande fagleg og sosialt miljø. Sunnmørsnaturen er ei kraftfull ramme rundt undervisninga og opplevingane. Studieprogrammet skal gi deg personleg og fagleg utvikling både teoretisk og praktisk. Studiet legg vekt på helsefremmande og førebyggjande tiltak med utgangspunkt i friluftsliv.
Bachelor friluftsliv har minimum 120 stp innan friluftsliv, 60 stp på grunnivå, 60 stp på fordjupingsnivå og 60 stp valfrie emne. Valfrie emne kan gje føringar for yrkeskvalifiseringa og må ha relevans for arbeid med friluftsliv Studentar kan gjennomføre delar av studiet ved samarbeidande institusjonar både nasjonalt og internasjonalt, fortrinnsvis i det 3. studieåret. I valfri del 3. studieåret kan studenten søke om godskriving av grunnstudium og fordjupingstudium relevante for arbeid innan friluftsliv frå andre utdanningsinstitusjonar.
Dei obligatoriske emna handlar om grunnleggjande naturkjennskap og grunnleggjande ferdigheiter for ferdsel i fleire naturmiljø gjennom heile årssyklusen, ulike formidlingsformer, om friluftslivet som fenomen og samfunnsmessige tilknytning og funksjon. I fordjupingsemna vert tematikkane utvikla vidare både innan praktiske og akademiske ferdigheiter, her inngår skriving av bacheloroppgåve.
IFL105 Frå fjøre til fjell.
Emnet har vekt på basisferdigheiter, friluftsliv ved kysten, friluftsliv fra fjøre til fjell, kanopadling, ulike tauaktiviteter og sikring. Viktige tema er friluftslivspedagogikk og veglederlære, friluftsliv og samfunn, naturkjennskap og utstyrslære.
IFL106 Snø, ski og bre.
Emnet har hovudtema snø, ski, fjell og bre. Snø og skredlære er et viktig fokus tidlig på vinteren. I tillegg til tre til fire veker med utandørs overnatting med vegleder kjem ein til to veker med fordjuping og eigenferd.
IFL 203 Friluftsliv I
Emnet har vekt på ferdsel i fjell, høgfjell og bre. Naturkjennskap knytt til fjell og høgfjell. Filosofiske og didaktiske perspektiv blir vidareført frå grunnivået. Emnet inneheld eigenutvikling på eit avgrensa tema.
IFL 205 Helse
Emnet omhandlar fysiologiske og psykologiske perspektiv knytt til friluftsliv som helsefremjande aktivitet. Praktisk pedagogisk nærmiljøprosjekt. Observasjonspraksis knytt til helsefremjande arbeid med friluftsliv.
IFL 204 Friluftsliv II
Emnet har vekt på vinter, snø og skred, der ein byggar vidare på kunnskapen frå grunnivået. Det blir fordjupingstur til Sveits (Davos), Svalbard eller i Norge. Studiesamling på snødekka bre. Segltokt på Sunnmørskysten som avslutningstur.
IFL 206 Bacheloppgåve
Emnet inneber ein skriftleg oppgåve knytt til tema innafor friluftsliv, der ein nyttar vitskapleg tilnærming med utforming av problemstilling, val av metode, innsamling av data og drøfting. Reglar for sitering og referering.
Bachelorstudiet dannar grunnlag for vidare mastergradsstudium i friluftsliv ved andre utdanningsinstitusjonar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Kandidaten:
- har kunnskap om eit breitt spekter av sentrale tema, teoriar, problemstillingar, endringsprosessar, analyseverkty og metodar innanfor friluftlivsfaglege kompetanseområde
- kjenner forsking, nasjonalt og internasjonalt, innan fagfeltet
- har kunnskap, erfaringar og opplevingar i dei ulike disiplinane innanfor fagfeltet friluftsliv
- har kunnskap om fagfeltet si historie, tradisjon, eigenart og samfunnsrelevans
Kandidaten:
- kan planleggje, legge til rette, gjennomføre og vurdere friluftsliv for born, ungdom og vaksne
- kan legge til rette for og gjennomføre helsefremmande og førebyggjande tiltak, med særleg vekt på friluftsliv
- har praktisk erfaring med og kan rettleie innan friluftsliv
- har eigenferdigheit i praktiske aktivitetar
- kan reflektere over sin eigen faglege utøving og justere denne under rettleiing
- kan bruke relevante faglege analyseverkty, teknikkar og uttrykksformer
Kandidaten
- kan utøve kritisk og sjølvstendig tenking og refleksjon over eigen praksis
- kan presentere og formidle problemstillingar, synspunkt og løysingar, både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer
- har innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar
- kan planleggje og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekkjer seg over tid, åleine og som deltakar i ei gruppe
- kan formidle og drøfte sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante utrykksformer
- kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar
- kjenner særleg godt til fjell- og kystlandskap på Sunnmøre.
I friluftsliv vil teori og praksis følgje kvarandre gjennom turar og aktivitetar i ulike naturtypar og til alle årstider. Arbeidsmåte og organisering i studiet er prega av aktivt friluftsliv.
Undervisninga baserer seg på studentaktive arbeidsmåtar som krev eigenstudie, deltaking og medansvar og veksle mellom plemumsdrøftingar/forelesing, seminar, gruppearbeid og turprega utandørsopphald som kan vare over fleire døgn. Opplevingar, observasjonar og erfaringar ein får ute vil gje grunnlag for drøfting, refleksjon og anna studiearbeid.
Arbeidskrav:
Ved studiestart skal kvar student lage ei eigen utviklingsplan med personlege læringsmål. Ellers vil arbeidskrava variere mellom refleksjonar og rapportar etter turar og praksis, skriftlege oppgåver knytt til ulike tema (t.d. skred, skiferd i fjellet) og pensum,
undervisningsopplegg for medstudentar, gruppevise munnlege presentasjonar etter turar og utviklingsarbeid knytt til praktisk pedagogisk nærmiljøprosjekt.
Eksamen/ vurdering:
Gjennomføring og godkjenning av praktiske opplegg og turar der praktisk dugleik og aktiv deltaking, førebuing og etterarbeid blir vurdert til stått/ikkje stått.
Eksamensformene varierer mellom individuell skriftleg (6 og 8 t) og individuell munnleg.
Bacheloroppgåva IFL 206 skal normalt skrivast i gruppe på 2-3 studentar, alternativt munnleg presentasjon 30 min etterfylgt av 15 min munneleg eksaminasjon.
Krav til frammøte:
Det er obligatorisk deltaking på dei fleste praktiske opplegg, utandørsopplegg og førebuing og etterarbeid i samband med dette jfr "Forskrift om studium og eksamen § 4-6 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/§4-6". Enkelte praktiske opplegg krev 100 % deltaking. Semesterplan gjev nærare informasjon om obligatoriske delar i studiet.
Det blir fordjupingstur til Sveits (Davos), Svalbard eller i Norge.
Progresjonskrav:
For å ta IFL 106 må vere IFL 105 vere fullført. For å ta 2. studieåret (IFL 203 og IFL 205) må 1. studieåret (IFL 105 og IFL 106) vere fullført. For å ta IFL 204 og IFL 206 må IFL 203 og IFL 205 vere fullført.
Valemne i 3.studieår skal godkjennast av bachelorkoordinator.
Valfrie emner er tilrådde emner og legg ikkje spesielle føringar. Det er viktig å velje emne utfrå kva ein tenkjer å bruke utdanninga i friluftsliv til.
Emne | 2016 Haust | 2017 Vår | 2017 Haust | 2018 Vår | 2018 Haust | 2019 Vår |
---|---|---|---|---|---|---|
30 | ||||||
30 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
Valfrie emner | 30 | 30 | ||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
Sum (180 total) | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 |
Ein føreset at studentane kan symje og er fysisk skikka til å bere tung ryggsekk til fots og på ski, kan bevege seg i ulendt terreng og er utstyrsmessig utrusta til å gjennomføre undervisningsopplegga med overskot.
Under samlingane vil ein bu i telt.
I 1. studieår (IFL 105 og IFL 106) skal studentane ha 4 dagar observasjonspraksis av grupper som driv "organisert" friluftsliv og fem dagar rettleia praksis der studenten skal gjennomføre friluftsopplegg med andre.
I samband med Helse, IFL 205, må studentane skaffe seg relevant observasjonspraksis over til saman 4 dagar i skule, institusjon eller anna føretak som driv med helsefremjande arbeid. Observasjonspraksisen kan vere individuell eller i ei lita gruppe (2-3 pers)
I samband med Friluftsliv II, IFL 204, skal studentane gjennomføre fire dagar praksis, der studentane har hand om eit heilt eller fleire opplegg.
Studentar kan gjennomføre delar av studiet ved samarbeidande institusjonar internasjonalt, fortrinnsvis i det 3. studieåret evt. 6. semester.
Materialavgift på nokre emne, mellom 200 og 400 kroner.
Studentene må sjølv sørge for transport til og fra samlingar og turar, samt dekke økonomiske utgifter til desse turane.
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.