Sjå liste over studieplanar som starter på:

Teater og drama 2 (Vidareutdanning)

Program of study: 
Voice acting and scriptwriting
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Credits: 
30
Duration: 
2 semesters
Year: 
2016
Number of students: 
10
Type of study: 
Further education (bachelor's degree level)
Study mode
Part-time
Admission and rating

60 stp i teater og drama

About

Korleis skrive eit godt manus? Kva er forskjellen på å dubbe ein animasjonsfilm og lese inn ei lydbok? Korleis adaptere eit kunstnarleg uttrykk til eit anna? Korleis lagar ein radioteater? Om du vil utvikle deg som utøvar i eit kreativt studentmiljø og lære nye kunnskapar og ferdigheiter, er dette studiet for deg. 

Videreutdanninga i teater og drama er eit ettårig studium som består av 30 studiepoeng. Studiet gir kunnskap om utvalde retningar innanfor adaptasjon og manusutvikling og kunnskap om eit breidt spekter av formidlings- og kommunikasjonsformer i ulike media. 

I studiet skal de jobbe med m.a:

  • Stemmebruk
  • Lydbok for born og vaksne
  • Adaptasjon av ulike media
  • Dramaturgi
  • Manusutvikling
  • Dubbing av teiknefilm og/eller dataspel
  • Radioteater for born og vaksne
Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har kunnskap om utvalde retningar innan adaptasjon og manusutvikling.
  • har kunnskap om eit bredt spekter av formidlings- og kommunikasjonsformer i ulike media.
Learning outcome skills

Studenten

  • har ferdigheiter i utvalde skodespelteknikkar i ulike media.
  • kan nytte drama- og teaterkunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar og analysere relevante kunstnarlege uttrykk.
  • kan nytte drama- og teaterkunnskapar og metodar på faglege og samfunnsmessige arenaer og grunngje vala sine.
  • kan bruke teaterfaglege teknikkar, arbeids- og uttrykksformer i kunstnarleg formidling.
Learning outcome qualification

Studenten

  • har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar.
  • kan planleggje, gjennomføre og vurdere varierte arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer.
Content structure

a) Arbeids- og undervisingsformene

Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:

  • seminar 
  • workshops 
  • gruppearbeid
  • individuelt arbeid
  • førelesingar. 

Det vil arrangerast obligatoriske visningar, såkalla Husteater, for eit ope publikum. 
Undervisinga i haustsemesteret vil vere på engelsk.

b) Progresjon

 Studiet er eit samlingsbasert deltidsstudium, og vil gå over haust og vår. Minst ei av samlingane vil vere i Oslo, og studentane må sjølv koste reise og opphald.

Vidareutdanning 2 inneheld følgjane emne:
Haust: TOD105 - Adaptation and script writing
Vår: TOD107 - Lydbok, dubbing og radioteater

Emna i studiet tilsvarar 30 stp av andre studieår i bachelorgraden til Teater og drama. Studentar som har fullført årsstudium og vidareutdanning 2 kan difor søkje overgang til bachelorgraden innan gitt frist. 

c) Frammøte

All undervisning er obligatorisk, med eit godkjent frammøte på minimum 80%. Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. 

d) Vurderingsformer

Studiet inneheld mange ulike vurderingsformer:

  • Skriftlege, auvitive og visuelle individuelle og gruppeinnleveringar
  • Manusarbeid
  • Analysar
  • Munnlege framføringar
Teater og drama 2 (Vidareutdanning)
Navn: 
Teater og drama 2 (Vidareutdanning)
Informasjon

Studiemodellen inneheld to emne: TOD105 - Adaptation and script writing, med undervising i haustsemesteret, og TOD107 - Lydbok, dubbing og radioteater, med undervising i vårsemesteret. 

Course2016 Autumn2017 Spring
TOD105 Adaptation and script writing
15
15
Requirements

Alle studentane må ha tilgang til bærbar PC

Internationalisation

a) Det er ikkje høve til utveksling i studiet

b) Emnet TOD107 - Lydbok, dubbing og radioteater inneheld 1-2 studiereiser til Oslo.

c) Emnet TOD105 - Adaptation and script writing er eit internasjonalt emne og undervisinga er på engelsk.

Expenses
  • Det er lagt inn ei obligatorisk studiereise i andre semester til eigen kostnad. 
  • Det vert lånt ut klassesett med manus, lydbøker og høyrespel til studentane.
    Manglande innlevering gjer ei avgift på 200,- per stk.
Anna
Studentarbeid som blir produsert og dokumentert i løpet av studiet vil kunne bli brukt som døme ved seinare kurs, eller i skulen sin informasjon om eigne aktivitetar og studier, dersom ikkje studenten skriftleg motsett seg dette.
Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)