See list of study plans starting on:

Planlegging og administrasjon

Studieprogram: 
Planlegging og administrasjon - bachelor
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Studiepoeng: 
180
Studielengd: 
6 semester
Kull: 
2017
Studieplassar: 
55
Studietype: 
Bachelorgradsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Om studiet

Gjennom bachelorstudiet i planlegging og administrasjon får du ei brei innføring i sentrale samfunnvitskaplege emne. Studiet gjev deg viktig teoretisk innsikt i fagområde som:

  • planlegging og GIS (geografiske informasjonssystem)
  • samfunnsgeografi
  • sosiologi og samfunnsvitskapleg metode
  • statsvitskap og organisasjonsteori
  • administrasjon og leiing
  • økonomi
  • juss

Studiet er retta mot viktige trekk ved samfunnsvitskapleg tenkemåte og tverrfagleg samfunnsforsking. Med ein yrkesretta profil, vil studiet kunne gje deg grunnleggande kompetanse til eit breitt utval av arbeidsoppgåver og yrke både i stat og kommune, privat næringsliv og frivillig sektor. Studiet er ei god plattform for mastergrad i Samfunnsplanlegging og leiing ved Høgskulen i Volda, samstundes som det også kvalifiserar til vidareutdannings- og mastergradsløp ved andre utdanningsinstitusjonar.

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten har tileigna seg kunnskap om og forståing av:

  • Økonomiske, sosiale og fysiske utviklingstrekk, og dei utfordringar desse gir i forhold til berekraftig utvikling 
  • Det teoretiske og metodiske grunnlaget for planlegging og utviklingsarbeid i samfunn og organisasjonar
  • Administrative prosessar og strategiar for leiing
  • Strategiar og tiltak for å utvikle robuste og attraktive regionar, kommunar og lokalsamfunn – både i eit teoretisk perspektiv og i lys av politiske vedtak og rammevilkår 
Ferdigheiter

Studenten kan å:

  • analysere og forstå utviklingstrekk og utfordringar i samfunn og organisasjonar
  • reflektere fagleg rundt sentrale samfunnsvitskaplege omgrep og gjere bruk av desse på ein kritisk måte
  • gjennomføre sjølvstendige metodiske og faglege arbeid, både individuelt og i grupper
  • samhandle med ulike aktørar frå offentleg, privat og frivillig sektor
  • utvikle eigen innsikt og kompetanse knytt til planlegging, administrasjon og utviklingsarbeid
Generell kompetanse

Studenten skal generelt :

  • ha utvikla gode haldningar og verdiar i forhold til fagområdet
  • kunne vurdere ulike strategiar og drøfte løysingsalternativ
  • kunne føreta kritiske vurderingar av perspektiv og teoriar som er relevante for administrasjon, planlegging og utviklingsarbeid
  • kunne bruke verktøy og metodar på ein konstruktiv og kritisk måte
  • ha evne til kritisk refleksjon over eiga rolle som tilretteleggjar av planleggings- og utviklingsprosessar 
Organisering og arbeidsmåtar

Bachelorstudiet i planlegging og administrasjon er lagt opp som ei fleksibel samfunnsvitskapleg grunnutdanning med ein kombinasjon av obligatoriske og valfrie emne. Studieprogrammet gir 180 studiepoeng og går over seks semester. Av dette er 150 studiepoeng obligatoriske og 30 valfrie.

Første studieår inneheld to tverrfaglege emne, Samfunnskunnskap og Forvaltningskunnskap, kvart på 30 studiepoeng. Emna går parallelt gjennom haust- og vårsemesteret. Samfunnskunnskap gir ei grunnleggande innføring i sentrale samfunnsgeografiske, sosiologiske, statsvitskaplege og samfunnsøkonomiske emne. Forvaltningskunnskap rettar søkelyset mot viktige lokale- og regionale planleggings- og forvaltningsoppgåver og juss. 

Lokalsamfunnsanalyse inngår som eit større tverrfagleg prosjektarbeid, og er definert som obligatorisk arbeidskrav i begge dei to førsteårsemna. Med utgangspunkt i aktuell teori og samfunnsvitskapleg metode vil studentane få øving i å førebu, gjennomføre og presentere eit analysearbeid som byggjer på feltarbeid og datainnsamling i utvalde kommunar og lokalsamfunn. Hovuddelen av arbeidet med Lokalsamfunnsanalysen er lagt til siste del av vårsemesteret.

Heile året må vere fullført for å få med seg studiepoeng vidare. Studentar som ynskjer å avslutte etter eitt år, kan be om ei karakterutskrift som stadfesting av emna dei har fullført.

Haust andre studieår er obligatoriskVitskapsteori og samfunnsvitskapleg metode (IPA172) er obligatorisk. Studentane skal i tillegg velje enten Forvaltningsarbeid (IPA106) eller Offentleg rett 1 (IPA107).

Vår andre studieår er valfritt, studentane vel emne tilsvarande 30 stp. Instituttet tilbyr emna Kommunal økonomi (IPA115), Offentleg rett 2 (IPA108), Grunnleggande innføring i leiing (IPA171), Arealplanlegging og GIS (IPA173), samt emnet Internship with internship report (IPA203/IPA206). Alternativt kan det tilretteleggast for studiar i utlandet eller val av frie studieemne ved HVO eller andre norske universitet og høgskular.

Tidlegare fagemne/studiar kan søkjast om å få godskrive her, jf. §4-10 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Dei valfrie emna som instituttet gjev tilbod om, kan bli avlyst dersom det melder seg for få studentar.

Tredje studieår inneheld fire obligatoriske fordjupingsemne. I haustsemesteret blir søkelyset retta mot regionale planleggings- og utviklingsprosessar i emna Lokalsamfunnsplanlegging og utvikling (IPA202) og The European Union and regional development: theories and practice (IPA213), kvart på 15 studiepoeng. 

Vårsemesteret omfattar to emne på 15 studiepoeng: Juridiske emne (IPA209) og Bacheloroppgåve (IPA210) med sjølvalt tema.

Praksis

Internship with internship report (IPA206) er eit valfritt emne i 4. semester. Studentane skal her planlegge og gjennomføre eit praksisopphald på 12 veker i tillegg til å utarbeide rapport med tema og problemstillingar knytt til praksisfeltet. Aktuell praksisplass kan vere innan offentleg, privat eller frivillig sektor. Det vil her også kunne leggast til rette for praksisopphald i utlandet. Val av praksisplass skal vere godkjend av instituttet. Praksisrapporten utgjer eksamensarbeidet for emnet og skal vere på omlag 8000 ord.

Internasjonalisering

Vårsemesteret andre studieår er valfritt, og det kan tilretteleggast for studiar i utlandet. 

Anna
Valfritt semester: 4. semester i bachelorutdanninga er valfritt. Studentane kan her velje mellom ulike undervisningstilbod ved HVO eller tilbod frå andre utdanningsinstitusjonar i Norge eller i utlandet. Emne (inntil 30 studiepoeng) frå andre universitet og høgskular vil også kunne bli godskrive som del av utdanninga, jf. §4-10 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Instituttet er medlem av AESOP (The Association of European Schools of Planning), eit nettverk med europeiske universitet og høgskular som driv med undervisning og forsking i samfunnsplanlegging. Det er også inngått intensjonsavtalar kring program for studentutveksling med institusjonar i fleire land i Europa, USA m.v.
Evaluering og kvalitetssikring

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem

Ansvarleg
Grethe Mattland Olsen, gmo@hivolda.no, tlf.: 70075182.