See list of study plans starting on:

Samfunnsutvikling - bachelor

Studieprogram: 
Samfunnsutvikling - bachelor
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
180
Studielengd: 
6 semester
Kull: 
2023
Studieplassar: 
35
Studietype: 
Bachelorgradsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Om studiet

Bachelorstudiet i samfunnsutvikling er eit tverrfagleg studium. Gjennom studiet får du ei brei innføring i sentrale samfunnsvitskaplege emne.

Her lærer du å sjå samanhengar mellom lokalsamfunnsutvikling og økonomisk sosial og kulturell berekraft. Som del av utdanninga deltek du i fleire prosjektarbeid. Her får du øving i metodar for innsamling og bearbeiding av data om samfunn.

Studiet gir deg grunnleggande kompetanse i å arbeide med utviklings- og administrative oppgåver i både offentleg, privat og frivillig sektor. Studiet kvalifiserer også til mastergradsstudium i Samfunnsplanlegging og leiing ved Høgskulen i Volda.

Læringsutbytte

I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten skal ha:

  • forståing for økonomiske, sosiale og fysiske utviklingstrekk, og utfordringar desse gir for berekraftig utvikling 
  • kunnskap om teoretisk og praktisk planlegging i kommunar og lokalsamfunn
  • kunnskap om offentleg forvalting
Ferdigheiter

Studenten skal kunne:

  • vurdere og forklare utviklingstrekk og utfordringar i samfunn og organisasjonar
  • reflektere kritisk rundt sentrale samfunnsvitskaplege tema
  • gjennomføre sjølvstendige metodiske og faglege arbeid, både individuelt og i grupper
  • framstille og presentere fagstoff som svarer på ei forskbar problemstilling
Generell kompetanse

Studenten skal:

  • ha utvikla gode haldningar til, og verdiar for, fagområdet
  • kunne samhandle med ulike aktørar frå offentleg, privat og frivillig sektor
  • kunne planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver, individuelt og i samarbeid med andre
  • kunne bruke verktøy og metodar på ein konstruktiv og kritisk måte
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet gir 180 studiepoeng og går over tre år. Av dette er 135 studiepoeng obligatoriske og 45 valfrie.

Første studieår inneheld seks obligatoriske emne på til saman 60 studiepoeng. Dei seks obligatoriske emna dekker sentrale tematikkar som; 

  • berekraftig samfunnsutvikling og planlegging på lokalt og regionalt nivå
  • governance/styring; demokratiutøving, styringssystem og samstyring
  • prosesskompetanse; prosessleiing, omstilling, kommunikasjon, sosialt entreprenørskap, nyskaping og digitalisering

Hausten i det andre studieåret består av dei obligatoriske emna Vitskapsteori og samfunnsvitskapleg metode (IPA172) og Juridiske emne (IPA209).

Våren i det andre studieåret skal studentane velje blant valfrie emne, tilsvarande 30 studiepoeng. Moglege val går fram av studiemodellen. Alternativt kan det tilretteleggast for studiar i utlandet eller val av frie studieemne ved HVO eller andre norske universitet og høgskular.

Tidlegare fagemne/studiar kan søkjast om å få godskrive her, jf. §4-10 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Dei valfrie emna som instituttet gjev tilbod om, kan bli avlyst dersom det melder seg for få studentar.

Tredje studieår inneheld tre obligatoriske fordjupingsemne. I haustsemesteret blir søkelyset retta mot regionale planleggings- og utviklingsprosessar i emna Lokalsamfunnsplanlegging og utvikling (IPA202) og The European Union and regional development: theories and practice (IPA213), og i vårsemesteret skriv studentane bacheloroppgåva med sjølvvalt tema (IPA210A). I tillegg skal studentane velje eit valemne tilsvarande 15 studiepoeng som dei gjennomfører i vårsemesteret (jf. omtale av andre studieår).

 

Praksis

Praksis er ikkje obligatorisk i studiet, men det er høve til å velje praksis som eit valemne på andre og tredje studieår gjennom emnet Internship with internship report (IPA203/206). Aktuell praksisplass kan vere i offentleg, privat eller frivillig sektor. Det vil også kunne leggast til rette for praksisopphald i utlandet. Val av praksisplass skal vere godkjend av instituttet.

Internasjonalisering

Som ein del av studiet kan det tilretteleggast for studiar i utlandet. Eit eventuelt utanlandsopphald gjennomførast i vårsemesteret andre studieår. Høgskulen i Volda har avtalar om studentutveksling med ei rekkje universitet og høgskular rundt om i verda. Val av studieemne skal vere godkjend av instituttet.

Ansvarleg
Gro Anita Bårdseth