Samfunnsutvikling - bachelor
Bachelorstudiet i samfunnsutvikling er eit tverrfagleg studium som gir ein allsidig bakgrunn for å jobbe med planlegging- og utviklingsoppgåver i offentleg, frivillig og privat sektor.
I studiet utviklar ein kompetanse innan sentrale tematikkar som:
- Berekraftig samfunnsutvikling og planlegging på lokalt og regionalt nivå (PLA)
- Governance/styring; demokratiutøving, styringssystem, økonomi og samstyring lokalt, regionalt og internasjonalt (GOV)
- Prosessleiing: prosesskompetanse, omstilling og endringskompetanse, kommunikasjon og samhandling (PRO)
Arbeidslivsrelevans er mellom anna ivaretatt gjennom ulike typar prosjektarbeid, praksis og samarbeid med offentlege, frivillige og private institusjonar. Du får også tilbod om å vere med på ekskursjon til utlandet og kan ta både praksis og delar av studiet i utlandet.
Studiet kvalifiserer til mastergradsstudium i Samfunnsplanlegging og leiing ved Høgskulen i Volda.
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten skal ha kunnskap om og forståing av:
- Sentrale teoriar, metodar og arbeidsmåtar på tvers av og innan si sjølvvalde spesialisering i samfunnsplanlegging, samfunnsstyring/governance eller prosessleiing
- Samfunnsfagleg forskingsmetode og akademisk skriving
- Samspelet mellom politikk, økonomi og sentrale rettsområde i samfunnsutvikling
- Plansystemet og viktige verktøy i berekraftig samfunns- og arealplanlegging
- Verdien av demokratisk deltaking i plan- og utviklingsprosessar
Studenten kan:
- Reflektere kritisk rundt og vurdere samfunnsvitskaplege tema, utviklingstrekk og utfordringar i samfunn og organisasjonar
- Planlegge, samle inn og framstille fagstoff som svarer på ei forskbar problemstilling
- Planlegge, gjennomføre og formidle i prosessar og prosjekt bygd på teoretisk og metodisk forståing innan fagfeltet
- Kommunisere og samhandle i tråd med arbeidslivet sine krav og etiske retningslinjer, både munnleg, skriftleg og digitalt, og både individuelt og i grupper
- Bruke grunnleggjande ferdigheiter i GIS (geografiske informasjonssystemer) i berekraftig samfunns- og arealplanlegging
Generell kompetanse
Studenten skal etter endt utdanning vere:
- Kvalifisert til å jobbe med planleggingsoppgåver og prosessleiing i samfunnsutvikling i offentleg, frivillig og privat sektor
- Kvalifisert til vidare masterstudium
Gjennom studiet vil ein møte stor variasjon i arbeidsmåtar og vurderingsformer, med fokus både på fagleg fordjuping og på arbeidslivsrelevans gjennom prosjektsamarbeid og ulike typar praksis.
Studiet har 150 studiepoeng obligatoriske og 30 studiepoeng valfrie emner, og er bygd rundt tre søyler, samfunnsplanlegging (PLA), samfunnsstyring/governance (GOV) og prosessleiing (PRO). Ein kan velje spesialisering innan ein av desse i 4. semester og i bacheloroppgåva 6. semester.
For fordjuping i samfunnsplanlegging (PLA) tilrår vi to av valemna:
- PLA221 Fordjuping i arealplanlegging, kartkunnskap og GIS
- IPA171 Grunnleggjande innføring i leiing
- IPA203 Internship with project report
For fordjuping i samfunnsstyring/governance (GOV) tilrår vi to av valemna:
- GOV115N Kommunal økonomi
- IPA171 Grunnleggjande innføring i leiing
- IPA203 Internship with project report
For fordjuping i prosessleiing (PRO) tilrår vi to av valemna:
- KOH139 Entreprenørskap i kreative næringar
- IPA171 Grunnleggjande innføring i leiing
- IPA203 Internship with project report
Tidlegare fagemne/studium kan innpassast her, jf. §4-10 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Dei valfrie emna som instituttet gjev tilbod om, kan bli avlyst dersom det melder seg for få studentar.
Emne | 2024 Haust | 2025 Vår | 2025 Haust | 2026 Vår | 2026 Haust | 2027 Vår |
---|---|---|---|---|---|---|
Obligatoriske emne 1. studieår | 30 | 30 | ||||
10 | ||||||
10 | ||||||
10 | ||||||
10 | ||||||
10 | ||||||
10 | ||||||
Obligatoriske emne 2. studieår | 30 | |||||
10 | ||||||
10 | ||||||
10 | ||||||
Valemne 2. studieår | 30 | |||||
Utveksling | 30 | |||||
15 | ||||||
15 | ||||||
30 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
Obligatoriske emne 3. studieår | 30 | 30 | ||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
Sum (180 total) | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 |
Det er høve til å velje praksis som eit valemne (fjerde semester). Det vil også kunne leggast til rette for praksisopphald i utlandet same semester. Val av praksisplass skal vere godkjend av instituttet.
Ein kan ta delar av utdanninga i utlandet, både gjennom praksisopphald og gjennom utveksling 4.semester. Høgskulen i Volda har avtalar om studentutveksling med ei rekkje universitet og høgskular rundt om i verda. Val av studieemne skal vere godkjend av instituttet.