Teater og drama (Årsstudium)
Korleis vert ei framsyning laga? Korleis vert ei tekst analysert og tolka og eit ensemble skapt? Korleis bli ein betre forteljar? Om du vil utvikle deg som utøvar i eit kreativt studentmiljø og lære å bruke teater og dramakunnskapar på ulike arenaer, er dette studiet for deg.
Årsstudiet i teater og drama er eit ettårig studium som består av 60 studiepoeng. Studiet vil gi deg erfaring med, og kunnskap om teaterfaget på ulike arenaer.
I studiet skal de jobbe med t.d.:
- Skodespelarteknikk
- Ensemblebyggjing og improvisasjon
- Teaterproduksjon
- Dramaturgi
- Museumsformidling
- Forteljing
- Teaterkunnskap.
Årsstudiet i Teater og drama tilsvarer første året i bachelorutdanninga. Studentar som har fullført årsstudium kan difor søkje overgang til bachelorgraden innan gitt frist, og ta direkte til på andre studieår.
Studiet kvalifiserer deg for arbeid som utøvar i det frie kulturlivet, og som formidlar ved ulike institusjonar.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten:
- har grunnleggjande kunnskap om utvalde teaterhistoriske retningar og teaterfornyarar.
- har kunnskap om sentrale drama- og teaterfaglege metodar, verkty og prosessar.
- har kunnskap om eit utvalt spekter av formidlings- og kommunikasjonsformer i ulike media.
Studenten
- kan nyttiggjere seg teaterkunnskap og analysere relevante kunstnarlege uttrykk.
- kan planleggje og leie praktiske øvingar og opplegg saman med andre.
- kan bruke teaterfaglege teknikkar, arbeids- og uttrykksformer, og nytte desse i kunstnarleg formidling.
- kan reflektere over eigen fagleg utvikling og gjere seg nytte av rettleiing i arbeid med teoretisk og praktiske oppgåver.
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som deltakar i ei gruppe.
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre og slik medverke til utvikling av god praksis.
a) Arbeids- og undervisingsformene
Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:
- seminar
- workshops
- praktisk undervisning
- framsyningar
- gruppearbeid
- individuelt arbeid
- førelesingar.
Det vil arrangerast obligatoriske visningar, såkalla Husteater, for eit ope publikum, i tillegg til studentdrevne morgontreningar.
b) Progresjon
For å oppnå eit årsstudium må studenten ha til saman 60 studiepoeng.
Studentar som har teke teater og drama frå andre høgskular/universitet kan få dette godskrive som del av graden etter søknad.
c) Frammøte
All undervisning er obligatorisk, og krev aktiv deltaking. Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6.
d) Vurderingsformer
Studiet inneheld mange ulike vurderingsformer, som t.d.:
- Skriftlege individuelle- og gruppeinnleveringar
- Teaterproduksjonar
- Forteljarframsyning
- Analysar
- Føredrag
- Seminar/workshops
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Emne | 2017 Haust | 2018 Vår |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
Sum (60 total) | 30 | 30 |
Studentane skal:
- ha hensiktsmessige klede (svarte ledige bukser og topp) og innesko.
Eit av arbeidskrava i TOD104 vil vere knytt til opphald i praksisfeltet (3 veker), der dagleg undervisning og arbeid vil vere knytt til eit museum i nærområdet.
Det er ikkje høve til utveksling i årsstudiet.
- Det er lagt inn fleire teaterbesøk og kortare ekskursjonar til eigen kostnad i løpet av studiet.
- Det vert lånt ut klassesett med manus til studentane. Manglande innlvering av manus gjer ei avgift på 200,- per manus.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)