See list of study plans starting on:

Teater og drama (Årsstudium)

Studieprogram: 
Teater og drama - årsstudium
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2016
Studieplassar: 
20
Studietype: 
Årsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Om studiet

Årsstudiet i teater og drama har ei solid praktisk-teoretisk tilnærming til faget og utviklar deg både som utøvar i interessante teaterproduksjonar og som forteljar/formidlar.

I studiet skal de jobbe med m.a.:

  • Skodespelarteknikk
  • Ensemblebyggjing
  • Teaterproduksjon
  • Dramaturgi og regi
  • Forteljing
  • Teaterkunnskap. 

Årsstudiet er identisk med det første året i bachelor i teater og drama, og studenten kan demed gå vidare på bachelor dersom det er ønskjeleg. Studiet kvalifiserer deg for arbeid som utøvar i det frie kulturlivet, og som formidlar ved ulike institusjonar.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Kunnskapar

Studenten:

  • har grunnleggjande kunnskap om teaterhistoriske retningar og tradisjonar, og utvalde teaterfornyarar.
  • kunnskap om sentrale drama- og teaterfaglege metodar, verkty og prosessar.
  • har kunnskap om eit utvalt spekter av formidlings- og kommunikasjonsformer i ulike media.
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nyttiggjere seg teaterkunnskap og analysere relevante kunstnarlege uttrykk.
  • planleggje og leie praktiske øvingar og opplegg saman med andre.
  • bruke teaterfaglege teknikkar, arbeids- og uttrykksformer, og nytte desse i kunstnarleg formidling.
  • reflektere over eigen fagleg utvikling og gjere seg nytte av rettleiing i arbeid med teoretisk og praktiske oppgåver.
Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggje og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som deltakar i ei gruppe.
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre og slik medverke til utvikling av god praksis.
Organisering og arbeidsmåtar

a) Arbeids- og undervisingsformene

Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:

  • seminar 
  • workshops 
  • praktisk undervisning 
  • framsyningar
  • regiarbeid
  • gruppearbeid
  • individuelt arbeid
  • førelesingar. 

Det vil arrangerast obligatoriske visningar, såkalla Husteater, for eit ope publikum, i tillegg til studentdrevne morgontreningar.

b) Progresjon

For å oppnå eit årsstudium må studenten ha til saman 60 studiepoeng.  
Studentar som har teke teater og drama frå andre høgskular/universitet kan få dette godskrive som del av graden etter søknad. 

Årsstudiet i Teater og drama tilsvarer første året i bachelorutdanninga. Studentar som har fullført årsstudium kan difor søkje overgang til bachelorgraden innan gitt frist, og ta direkte til på andre studieår. 

c) Frammøte

All undervisning er obligatorisk, med eit godkjent frammøte på minimum 80%. Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. 

d) Vurderingsformer

Studiet inneheld mange ulike vurderingsformer:

  • Skriftlege individuelle og gruppeinnleveringar
  • Teaterproduksjonar
  • Forteljar framsyning
  • Analysar
  • Føredrag/seminar/workshops

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Internasjonalisering

Det er ikkje høve til utveksling i årsstudiet.

Kostnader
  • Det er lagt inn fleire obligatoriske teaterbesøk og kortare ekskursjonar til eigen kostnad  i løpet av studiet. 
  • Det vert lånt ut klassesett med manus til studentane. Manglande innlvering av manus gjer ei avgift på 100,- per manus.
Anna
Studentarbeid som blir produsert og dokumentert i løpet av studiet vil kunne bli brukt som døme ved seinare kurs, eller i skulen sin informasjon om eigne aktivitetar og studier, dersom ikkje studenten skriftleg motsett seg dette.
Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)