Sjå liste over studieplanar som starter på:

Teater og drama 1 (Vidareutdanning heiltid haust)

Program of study: 
Storytelling and theatre production
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Credits: 
30
Duration: 
1 semester
Year: 
2017
Number of students: 
5
Type of study: 
Further education (bachelor's degree level)
Study mode
Full-time
Admission and rating

Generell studiekompetanse.

About

Korleis vert ei framsyning laga? Korleis vert eit ensemble skapt? Korleis analysere eit drama med tanke på oppsetjing? Studieprogrammet er retta mot deg som vil arbeide med drama og teater i skule, kulturskule og anna kulturverksemd, eller mot deg som siktar mot vidare teaterutdanning. 

I studiet skal de jobbe med t.d.:

  • Skodespelarteknikk
  • Ensemblebyggjing
  • Teaterproduksjon
  • Teaterhistorie
  • Improvisasjon
  • Analysar
  • Teaterkunnskap
Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har kunnskap om utvalde teaterfaglege tema, teoriar og problemstillingar.
  • har kunnskap om utvalde teaterfaglege metodar, verkty og prosessar.
  • har generell kunnskap om europeisk teaterhistorie og teaterorientert tekstanalyse
Learning outcome skills

Studenten

  • kan planleggje og leie praktiske øvingar og opplegg saman med andre, og analysere relevante kunstnarlege uttrykk.
  • kan bruke utvalde teaterfaglege teknikkar, arbeids- og uttrykksformer i kunstnarleg formidling.
  • kan setje dramatikk og teaterframsyningar inn i ein historisk kontekst.
Learning outcome qualification

Studenten

  • kan planleggje og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer.
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre og slik medverke til utvikling av god praksis.
Content structure

a) Arbeids- og undervisingsformene

Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:

  • seminar 
  • workshops 
  • praktisk undervisning 
  • framsyningar
  • gruppearbeid
  • individuelt arbeid
  • førelesingar

Det vil arrangerast obligatoriske visningar, såkalla Husteater, for eit ope publikum, i tillegg til studentdrevne morgontreningar.

 

b) Progresjon

Vidareutdanning heiltid haust inneheld desse 30 studiepoenga:

TOD101 - Teaterproduksjon 1: Realistisk teater + TOD102 - Teaterkunnskap

Emna i studiet tilsvara 30 stp av første studieår i bachelorgraden til Teater og drama. 

 

c) Frammøte

All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art. Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. 

 

d) Vurderingsformer

Studiet inneheld mange ulike vurderingsformer, som td.:

  • Skriftlege individuelle og gruppeinnleveringar
  • Teaterproduksjonar
  • Analysar
  • Munnlege framføringar
  • Husteater

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Teater og drama 1 (Vidareutdanning, heiltid haust)
Navn: 
Teater og drama 1 (Vidareutdanning, heiltid haust)
Requirements

Studentane skal:

  • ha hensiktsmessige klede (svarte ledige bukser og topp) og innesko.
Professional training

Det er ingen praksis i studiet.

Internationalisation

a) Det er ikkje høve til utveksling i studiet.

Expenses
  • Det er lagt inn teaterbesøk og kortare ekskursjonar til eigen kostnad  i løpet av studiet. 
  • Det vert lånt ut klassesett med manus til studentane. Manglande innlevering av manus gjer ei avgift på 200,- per manus.
Anna
Studentarbeid som blir produsert og dokumentert, i form av bilde eller film, i løpet av studiet, vil kunne bli brukt som døme ved seinare kurs, eller i skulen sin informasjon om eigne aktivitetar og studie, dersom ikkje studenten skriftleg motsett seg dette.
Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Ansvarleg
Hege Holmqvist Synnes