Bachelor i mediedesign
På Bachelorstudiet i Mediedesign skapar du innhald for og utformar dagens og morgondagens plattformer. Du lærer å designe brukarorienterte visuelle og interaktive produkt som kombinerer tekst, lyd, bilete og video.
Første året bygger studenten ei multimedial plattform med foto og visuell kommunikasjon saman med grunnleggande teori, i fellesskap med bachelorstudiet i Medieproduksjon. Frå og med andre året går du vidare med visuell kommunikasjon, front-end webdesign, redaksjonell design og multimedia.
I bachelorstudiet i mediedesign hentar vi inspirasjon frå tradisjonelle profesjonar og fagretningar, og utforskar nye metodar, sjangrar og teknologi.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Kandidaten har kunnskap om:
- virkemiddel, reiskapar og prosessar i visuell kommunikasjon
- korleis ein utviklar digitale produkt ved hjelp av designtenking
- multimedial formidling
- analytiske modellar for branding og strategisk planlegging
- innhald i media og medievitskapen sine metodar for innhaldsstudier
- korleis mediesamfunnet påverkar sosialisering, identitetsdanning og samfunnsutvikling
- sentrale medie- og kommunikasjonsteknologiske tema, teoriar og problemstillingar
- tradisjonelle og nyare digitale formidlings- og kommunikasjonsformer, produksjonsmåtar og utviklingsmetodar knytt til enkeltmedium og på tvers av medieelementa tekst, lyd og bilde
- utvalde retningar innan vitskapsteori og metode
Kandidaten kan
- nyttiggjere seg av metodar og verkemiddel frå ulike design-felt til å kommunisere ein bodskap
- planlegge og gjennomføre kreative prosessar som leder fram til produkt med høg brukskvalitet
- nyttiggjere seg kunnskapar om medie- og kommunikasjonsteknologi på praktiske og teoretiske problemstillingar, grunngje vala sine og analysere relevante uttrykk
- bruke relevante produksjonsmetodar, arbeids- og uttrykksformer både knytt til tradisjonelle medium, nyare medium og medieuttrykk som inneheld element frå fleire fagområde og medium
- fungere som kompetansemeklar i tverr- og fleirfaglege prosjekt- og produksjonsarbeid
- reflektere over eigen fagleg utvikling og gjere seg nytte av rettleiing i arbeid med teoretiske og praktiske oppgåver
Kandidaten
- har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar
- kan planleggje og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer
- kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar gjennom relevante uttrykksformer
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre og slik medverke til utvikling av god praksis
- kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar
Studiet er organisert med forelesingar, workshops og praktisk arbeid individuelt og i gruppe. Det går fram av emneplanane om det er obligatorisk frammøte til undervisninga. Les om obligatorisk frammøte i gjeldande Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emne | 2018 Haust | 2019 Vår | 2019 Haust | 2020 Vår | 2020 Haust | 2021 Vår |
---|---|---|---|---|---|---|
Obligatoriske emne | ||||||
30 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
Bacheloroppgåve: Anten MID230 (30 stp.) eller MID203 (15 stp.) + valfrie emne (15 stp.) | 30 | |||||
30 | ||||||
15 | ||||||
Valemne: | 30 | 15 | ||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
Sum (180 total) | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 |
For auka kvalitet og kontinuitet i studiet anbefalar vi at at studentane stiller med eigen bærbar PC/Mac som er kapabel til mediearbeid, samt minnekort (SD) til bruk i kamera/lydutstyr. Høgskulen har i tillegg ein godt utstyrt maskinpark tilgjengelig for studentane til spesialformål. Studentarbeid som blir produsert og dokumentert i løpet av studiet vil kunne bli brukt som døme ved seinare kurs, eller i skulen sin informasjon om eigne aktivitetar, dersom ikkje studenten skriftleg motsett seg dette.
I studiet inngår observasjonspraksis, intern og ekstern prosjekt- og produksjonspraksis. Nærare retningsliner for praksis kvart studieår blir gitt ved semesterstart.
4. semester er det høve til å reise på utveksling.
Vi anbefalar studentar på bachelorstudiet i Mediedesign å abbonnere på Adobe Creative Suite, noko som med studentrabatt gir ein kostnad på 150-200,- per mnd. I kombinasjon med eigen berbar PC/Mac får studenten med dette konstant oppdaterte design-verktøy inn i sin personlig arbeidsflyt, og vert godt førebudd på arbeidslivet.