Bachelor i mediedesign
På Bachelor i Media, IKT og design - Mediedesign skaper du innhold for og utformer dagens og morgendagens plattformer. Du lærer å designe brukerorienterte visuelle og interaktive produkter som kombinerer tekst, lyd, bilde og video.
Første året bygger studenten en multimedial plattform med foto, lyd og visuell kommunikasjon sammen med grunnleggende teori, i fellesskap med studieretning Medieproduksjon. Du kan så fra andre året spesialisere deg innen visuell kommunikasjon, interaksjonsdesign og multimedia.
I mediedesign-retningen henter vi inspirasjon fra tradisjonelle profesjoner og fagretninger, og utforsker så nye metoder, sjangre og teknologi.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Kandidaten har kunnskap om:
- virkemiddel, reiskapar og prosessar i visuell kommunikasjon
- korleis ein utviklar digitale produkt ved hjelp av designtenking
- multimedial formidling
- Analytiske modellar for branding og strategisk planlegging
- innhald i media og medievitskapen sine metodar for innhaldsstudier
- korleis mediesamfunnet påverkar sosialisering, identitetsdanning og samfunnsutvikling
- sentrale medie- og kommunikasjonsteknologiske tema, teoriar og problemstillingar
- tradisjonelle og nyare digitale formidlings- og kommunikasjonsformer, produksjonsmåtar og utviklingsmetodar knytt til enkeltmedium og på tvers av medieelementa tekst, lyd og bilde
- utvalde retningar innan vitskapsteori og metode
Kandidaten kan
- nyttiggjere seg av metodar og verkemiddel frå ulike design-felt til å kommunisere ein bodskap
- planlegge og gjennomføre kreative prosessar som leder fram til produkt med høg brukskvalitet
- nyttiggjere seg kunnskapar om medie- og kommunikasjonsteknologi på praktiske og teoretiske problemstillingar, grunngje vala sine og analysere relevante uttrykk
- bruke relevante produksjonsmetodar, arbeids- og uttrykksformer både knytt til tradisjonelle medium, nyare medium og medieuttrykk som inneheld element frå fleire fagområde og medium
- fungere som kompetansemeklar i tverr- og fleirfaglege prosjekt- og produksjonsarbeid
- reflektere over eigen fagleg utvikling og gjere seg nytte av rettleiing i arbeid med teoretiske og praktiske oppgåver
Kandidaten
- har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar
- kan planleggje og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer
- kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar gjennom relevante uttrykksformer
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre og slik medverke til utvikling av god praksis
- kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar
Studiet er organisert med forelesingar, workshops og praktisk arbeid individuelt og i gruppe. Det går fram av emneplanane om det er obligatorisk frammøte til undervisninga. Les om obligatorisk frammøte i gjeldande Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emne | 2017 Haust | 2018 Vår | 2018 Haust | 2019 Vår | 2019 Haust | 2020 Vår |
---|---|---|---|---|---|---|
Obligatoriske fellesemne | ||||||
30 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
Bacheloroppgåve: Anten MID230 (30 stp.) eller MID203 (15 stp.) + valfrie emne (15 stp.) | 30 | |||||
30 | ||||||
15 | ||||||
Valfritt emne (sjå lista nederst i tabellen) | ||||||
Andre moglege valemne: | 30 | 15 | ||||
15 | ||||||
15 | 15 | |||||
15 | ||||||
15 | 15 | |||||
15 | ||||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
5 | 5 | 5 | 5 | |||
Sum (180 total) | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 |
For auka kvalitet og kontinuitet i studiet krev vi at studentane stiller med eigen bærbar PC som er kapabel til mediearbeid, samt minnekort (SD) til bruk i kamera/lydutstyr. Høgskulen har i tillegg ein godt utstyrt maskinpark tilgjengelig for studentane til spesialformål. Studentarbeid som blir produsert og dokumentert i løpet av studiet vil kunne bli brukt som døme ved seinare kurs, eller i skulen sin informasjon om eigne aktivitetar, dersom ikkje studenten skriftleg motsett seg dette.
I studiet inngår observasjonspraksis, intern og ekstern prosjekt- og produksjonspraksis avhengig av studieretning. Nærare retningsliner for praksis kvart studieår blir gitt ved semesterstart.
4. semester er det høve til å reise på utveksling.
Studentar på Media, IKT og Design - Mediedesign må abbonnere på Adobe Creative Suite, noko som med studentrabatt gir ein kostnad på 150-200,- per mnd. I kombinasjon med eigen bærbar PC får studenten med dette konstant oppdaterte design-verktøy inn i sin personlig arbeidsflyt, og vert godt forberedt på arbeidslivet.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)