Praktisk-pedagogisk utdanning R15, deltid
Praktisk-pedagogisk utdanning er eit profesjonsretta og forskings- og erfaringsbasert studium. Pedagogikk, fagdidaktikk og praksis i skule står i samanheng i utdanninga. Studiet kvalifiserer til mellom anna å planlegge, gjennomføre og kritisk analysere undervisning, med utgangspunkt i refleksjon over elevar si læring.
Kunnskap er resultat av teoretisk studiearbeid saman med refleksjon over eigen praksis. Eit godt læringsutbytte føreset eigeninnsats gjennom sjølvstudium, deltaking i undervisning og praksis, samt diskusjon og refleksjon i gruppe eller plenum over relevante problemstillingar. Praktisk-pedagogisk utdanning skal legge til rette for profesjonslæring hos den enkelte. Studiet skal også kvalifisere til å vidareutvikle skulen som institusjon for læring og danning i eit demokratisk og globalt samfunn. Barn og unge sin rett til opplæring i tråd med opplæringslova og gjeldande læreplanverk for 5-13 trinn er grunnlaget for studiet.
Studieplanen bygger på Rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning, fastsett 21. desember 2015 av Kunnskapsdepartementet.
Forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten
har inngåande fagdidaktisk og pedagogisk kunnskap for relevante trinn
har forståing for skulen sitt mandat, opplæringa sitt verdigrunnlag og opplæringslaupet
har kunnskap om og evne til å halde seg oppdatert på gjeldande lov- og planverk for profesjonsutøvinga
har brei kunnskap om barne- og ungdomskultur og barn og ungdom si utvikling og læring i ulike sosiale og kulturelle kontekstar
har oppdatert kunnskap om læringsstrategiar, læringsarenaer og arbeidsmetodar generelt og særleg i respektive fag
har kunnskap om barn og unge i vanskelege livssituasjonar, herunder kunnskap om vold og seksuelle overgrep, og om barn og unge sine rettar i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv
har kunnskap om korleis skulen kan jobbe for å fremje helse og trivsel hos barn og unge
Studenten
kan planlegge, gjennomføre og reflektere over undervisning basert på forskings- og utviklingsarbeid og erfaringsbasert kunnskap
kan leie og legge til rette for undervisningslaup som fører til gode faglege og sosiale læringsprosessar
kan bruke varierte arbeidsmetodar, differensiere og tilpasse opplæring i samsvar med gjeldande læreplanverk, og skape motiverande og inkluderande læringsmiljø
kan beskrive kjenneteikn på kompetanse, vurdere og dokumentere elevar si læring, gi læringsfremjande tilbakemeldingar og bidra til at elevane kan reflektere over eiga læring og eiga fagleg utvikling
kan identifisere særskilde behov hos barn og unge, herunder identifisere teikn på psykiske vanskar, vold eller seksuelle overgrep. På bakgrunn av faglege vurderingar skal kandidaten raskt kunne setje i verk nødvendige tiltak
Studenten
kan reflektere over pedagogiske og fagdidaktiske problemstillingar på eit avansert nivå
har ei profesjonell holdning og kan kritisk reflektere over faglege, profesjonsetiske og fag- og utdanningspolitiske spørsmål
kan med stor grad av sjølvstende vidareutvikle eigen kompetanse og bidra til elevar, kollegaer og skulen si utvikling
kan bygge relasjonar til elevar og føresette, og samarbeide med aktørar som er relevante for skuleverket
Praktisk pedagogisk utdanning skal knytte teori og praksis saman til eit heilskapleg og integrert studium sikta inn mot framtidig yrke som lærar. Prinsippet om yrkesretting av utdanninga krev at det blir lagt til rette for studentaktive arbeidsformer, praksisbaserte oppgåver og vurderingsordningar som ein del av læreprosessen. Bruk av IKT vil vera ein integrert del av studiet, både som hjelpemiddel i eigne studiar og i undervisning i skulen.
Utdanninga er sett saman av:
Pedagogikk (30 stp)
Fagdidaktikk (30 stp)
Praksis 60 dagar
Studentar med allmennfagleg bakgrunn i to eller fleire fag skal gjennomføre to fagdidaktiske emne (2 x 15 stp). Studentar med eitt allmennfag skal gjennomføre eitt fagdidaktisk emne med omfang på 30 stp. Emne i fagdidaktikk med få søkjarar vert ikkje sett i gang.
- Praktisk pedagogisk utdanning allmennfag er retta mot undervisning i allmennfag i grunnskulen, i vidaregåande opplæring og i vaksenopplæringa.
- Sjå emnetabellen for meir informasjon om studieløpet.
Emne | 2018 Haust | 2019 Vår | 2019 Haust | 2020 Vår |
---|---|---|---|---|
Obligatoriske felleemne (7.5 poeng per semester) | 15 | 15 | 15 | 15 |
7.5 | 7.5 | |||
* | * | |||
7.5 | 7.5 | |||
* | * | |||
Valemne fagdidaktikk (7.5 poeng per semester) | 7.5 | 7.5 | 7.5 | 7.5 |
7.5 | 7.5 | 7.5 | 7.5 | |
7.5 | 7.5 | 7.5 | 7.5 | |
7.5 | 7.5 | 7.5 | 7.5 | |
7.5 | 7.5 | 7.5 | 7.5 | |
7.5 | 7.5 | |||
7.5 | 7.5 | 7.5 | 7.5 | |
7.5 | 7.5 | |||
7.5 | 7.5 | 7.5 | 7.5 | |
7.5 | 7.5 | 7.5 | 7.5 | |
7.5 | 7.5 | 7.5 | 7.5 | |
7.5 | 7.5 | |||
7.5 | 7.5 | 7.5 | 7.5 | |
7.5 | 7.5 | 7.5 | 7.5 | |
7.5 | 7.5 | 7.5 | 7.5 | |
7.5 | 7.5 | 7.5 | 7.5 | |
7.5 | 7.5 | 7.5 | 7.5 | |
7.5 | 7.5 | 7.5 | 7.5 | |
7.5 | 7.5 | 7.5 | 7.5 | |
7.5 | 7.5 | |||
7.5 | 7.5 | 7.5 | 7.5 | |
Emne i fagdidaktikk med få studentar vert ikkje sett i gang. | ||||
Studenten skal ha 15 studiepoeng fordelt i obligatoriske emne og valemne kvart semester | 15 | 15 | 15 | 15 |
Sum (60 total) | 15 | 15 | 15 | 15 |
Praktisk- pedagogisk utdanning er ei av utdanningane med krav om skikkavurdering, dvs. at ein student vil bli vurdert om han/ho har dei faglege og personlege føresetnadane for yrkesutøvinga som utdanninga kvalifiserer til, jmf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-14.
Viser også til Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning:
https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-06-30-859?q=skikkethets
Praktisk pedagogisk utdanning er praksisbasert, der praksis i skule er ein integrert del av opplæringa i pedagogikk og fagdidaktikk. Gjennom studiet har studentane tilsvarande 60 dagar rettleia praksis. Praksisopplæringa skal vere rettleia, vurdert og variert.
Studentar skal ha praksis både i grunnskule og vidaregåande opplæring. For studentar med fagbakgrunn i utøvande kunstfag kan inntil 50% av praksis gjennomførast i kulturskulen og inngå i kravet om 60 dagar. Emneplan for praksis gir nærmare omtale av praksisorganisering og læringsutbytte for praksis.