See list of study plans starting on:

Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10

Studieprogram: 
Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
Studienivå: 
Master
Studiepoeng: 
300
Studielengd: 
10 semester
Kull: 
2022
Studieplassar: 
65
Studietype: 
Mastergradsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse og anten:

  • Minst 40 skulepoeng og snitt på minimum karakteren 3 i fellesfaget i matematikk (P-matte) og minimum snitt på karakteren 3 i norsk (gjennomsnitt av hovudmål, sidemål og munnleg)
    eller
  • Minst 35 skulepoeng og snitt på minimum karakteren 4 i fellesfaget i matematikk (P-matte) og minimum snitt på karakteren 3 i norsk (gjennomsnitt av hovudmål, sidemål og munnleg)

Karakterkravet i matematikk for begge alternativa over gjeld ikkje for søkjarar som kan dokumentere bestått programfag i matematikk (S1, S2, R1 eller R2). 

Krav om politiattest

Det er krav om politiattest, jf. Forskrift om opptak til høgare utdanning, kap. 6.

Om studiet

Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10 ved Høgskulen i Volda (HVO) byggjer på Forskrift om rammeplan for grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10. Utdanninga tek utgangspunkt i gjeldande læreplanverk for grunnskulen. 

Grunnskulelærarutdanninga for trinn 5-10 er ei 5-årig integrert, forskingsbasert og profesjonsretta masterutdanning, der det er ei er tett kopling mellom fagemna og praksis. Gjennom utdanninga skal studenten utvikle kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse som gjer studenten i stand til å skape trygge og inkluderande læringsmiljø, leie læreprosessar tilpassa elevar på ulike trinn og med ulike føresetnader og legge eit grunnlag for vidare profesjonell utvikling av eigen praksis. 

Utdanninga er delt inn i syklus 1 (1.- 3. studieår) og syklus 2 (4.- 5. studieår) Det er progresjon i læringsutbytte i utdanninga gjennom at studenten skal ha brei fagleg og fagdidaktisk kompetanse i fag i syklus 1, og inngåande kunnskap i utvalde område og fag, basert på forskings- og erfaringsbasert kunnskap i syklus 2.  

I grunnskulelærarutdanninga er praksis integrert i alle fag, og det vil vere eit nært samarbeid mellom fagpersonane innan pedagogikk og elevkunnskap, dei ulike faga og praksisfeltet.  

I både obligatoriske fag og valde fag vert det lagt vekt på tverrfaglege tema som er definert i nasjonal forskrift om rammeplan for grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10. 

 

Fagleg profil 

Studentane på MGLU 5-10 kan ta masterfordjuping i: 
- Matematikk 
- Norsk 
- Samfunnsfag 
- Engelsk 
- Spesialpedagogikk 

Sjå oversiktsmodell for utdanninga her 

Spesialpedagogikk 

Høgskulen i Volda har eit sterkt spesialpedagogisk fagmiljø som pregar heile grunnskulelærarutdanninga. Studenten kan velje 30 studiepoeng i spesialpedagogikk i andre studieår. Det er også mogleg å velje spesialpedagogikk som masterfordjuping. 

Profesjonsfagleg digital kompetanse  

Studentane skal gjennom studiet bli medvitne og kritiske brukarar og produsentar av digitale ressursar og læringsdesign. I tillegg til obligatoriske fagdagar skal digital kompetanse skal vere ein integrert del i alle fag og praksissamarbeid. Studentane har i tillegg tilgang til Læringsverkstaden, høgskulen sitt ressurssenter for utvikling av digital undervising.   

I tredje studieår kan studenten velje 30 studiepoeng Digital kompetanse og didaktisk medieproduksjon.  

Nynorsk og bokmål 

For å sikre at studenten meistrar norsk skriftleg, både bokmål og nynorsk, og kan bruke språket på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng, er emnet Profesjonsskriving på bokmål og nynorsk obligatorisk for alle studentane første studieår. Dette gjeld uavhengig av kva fag dei vel i grunnskulelærarutdanninga. I tillegg må studenten levere arbeidskrav på begge målformer i løpet av utdanninga. 

Forskingsbasert utdanning 

Faga i lærarutdanningane er forskingsbaserte. Studenten skal tileigne seg kompetanse og kunnskapar om vitskapsteori og vitskaplege metodar.  Temaet vitskapsteori og metode blir introdusert tidleg i studiet og vert eit gjennomgangstema med systematisk progresjon i utdanninga. Målet er at studentane på eit sjølvstendig grunnlag skal kunne lese og vurdere vitskaplege tekstar og vere i stand til sjølve å skrive akademiske fagtekstar. Studentane skal utvikle forskingskompetanse som omfattar forståing for, og bruk av, ulike forskingsmetodar og analyseformer, utvikling av eit fagspråk om vitskap og metode, og forskarblikket for eiga profesjonsutvikling. 

Andre fagovergripande tema i studiet 

I tillegg til fagspesifikke tema som blir skildra i dei ulike emneplanane, blir følgjande tema omhandla i alle fag og i praksisopplæring i løpet av den femårige grunnskulelærarutdanninga: 

Tilpassa opplæring  
Tilpassa opplæring er kjenneteikna av variasjon, for eksempel gjennom arbeidsoppgåver, lærestoff, intensitet i opplæringa, organisering av opplæringa, læremiddel og arbeidsmåtar. Studentane skal lære å tilpasse opplæringa til mangfaldet i elevgruppa. 

Vurdering 
I arbeid med vurdering skal studentane utvikle vurderingskompetanse som omfattar bruk av arbeidsmåtar, vurderingsformer, utvikling av eit fagspråk om vurdering og kompetanse for å fremme elevane si læring. Utdanninga legg til rette for at studentane får opplæring i å gi faglege relevante og læringsstøttande tilbakemeldingar i ulike fag, og vurdere læringsutbytte til elevane både med og utan karakterar 

Det vert lagt vekt på at studentane skal kunne sjå samanheng mellom: 
- Vurderingspraksis og elevane sin motivasjon og læring.  
- Vurdering og kompetansemål i læreplanar 

Grunnleggande ferdigheiter 
Å kunne utrykke seg munnleg og skriftleg, å kunne lese og rekne og å kunne bruke digitale verktøy er både ein føresetnad for utvikling av fagkunnskap og ein del av fagkompetansen i alle fag. Studentane får ein teoretisk overbygning om grunnleggande ferdigheiter, som føresetnad for arbeidet med desse i dei ulike faga. 

Andre tema som blir gjennomgått i studiet mellom anna gjennom tverrfagleg undervisning, seminar og temadagar 
- Medborgarskap og det fleirkulturelle samfunnet 
- Psykososialt læringsmiljø 
- Samiske tilhøve og rettane til samiske elevar 
- Bærekraftig utvikling 
- Estetiske læringsprosessar 

Innhald, samanheng og progresjon i studiet 

Innhald, arbeidsmåtar og vurderingsformer er varierte slik at emna i ulike fag samla legg til rette for at studentane skal oppnå det totale læringsutbyttet etter fullført utdanning. I utforming av arbeidsmåtar og vurderingsformer er det lagt vekt på variasjon og progresjon. Arbeidskrava er knytt til sentralt innhald i emna, og skal vere både ei fordjuping og prøving i fagstoff. Dei skal også gi trening i og prøve studentane sin kompetanse i forskingsmetodiske ferdigheiter, og grunnleggande ferdigheiter som akademisk skriving og lesing, munnleg og digital kompetanse. 

Det blir arrangert obligatoriske fagdagar gjennom alle år med fagovergripande tema som sikrar samanheng og progresjon mellom faga i grunnskulelærarutdanninga. 

Eit mål for praksis i grunnskulelærarutdanninga er at studentane skal utvikle læraridentitet og profesjonskunnskap. Praksisopplæringa skal vere ein arena for systematisk læring og utprøving. Praksis skal vere rettleidd, variert og bli vurdert, i samarbeid mellom studentar, faglærarar ved høgskulen, praksislærarar og rektor ved praksisskulane. Undervisningsaktivitetar på høgskulen vil førebu til god profesjonsforståing, og erfaringar frå praksis vil vere utgangspunkt for teoretiske refleksjonar. 

Praksisstudiet skal sikre ei gradvis innføring i ulike sider ved læraryrket i tett samanheng med undervisning i dei ulike faga. Det er progresjon i praksisstudiet frå observasjon og analyse ved starten av studiet til det å kunne innta forskarblikk og vidareutvikle forskings- og erfaringsbaserte undervisningspraksisar i den siste delen av studiet. 

Etter tredje studieår kan studentar som går femårig grunnskulelærarutdanning søke om overflytting frå ein institusjon til ein annan. Ut i frå nasjonale retningslinjer skal det faglege innhaldet og oppbygginga av alle grunnskulelærarutdanningane i prinsippet vere like etter tredje studieår 

 

Første studieår 

Hovudtema 
I første studieår er det fokus på lærarrolla og lærings- og utviklingsprosessar. Dette er knytt tett opp mot praksisopplæringa og dei ulike faga i utdanninga. 

Fag 
Alle har faget Pedagogikk og elevkunnskap (vidare omtalt som PEL), og i tillegg skal ein velje mellom desse faga: 
- Norsk eller Matematikk 
- Engelsk eller Samfunnsfag 

Praksis 
Praksis første studieår er på 30 dagar og er normalt lagt til mellomsteget. Dei fem første dagane er observasjonspraksis og studentane får deretter erfaring med lærarrolla og lærararbeidet. 
Sjå meir i emneplan for praksis første studieår 

Fagovergripande tema 

  • Profesjonsfagleg digital kompetanse 
    Gjennom obligatorisk fagdag får studentane innsikt i tema som digitale ferdigheiter som grunnleggjande ferdigheiter, personlege læringsnettverk, digital identitet, dømmekraft og etikk, samt algoritmisk tenking og bruk av samansette tekstar. Studentane gjennomfører praksisførebuande kurs i pedagogisk bruk av sentrale digitale verktøy og ressursar som blir brukt i skulen. 

  •  Forsking- og utviklingskompetanse 
    - Studentane deltek på FOU-konferanse, og er opponentar for studentar som skriv FOU-oppgåve.  
    - Studentane deltek på to fagdagar om akademisk lesing og skriving.  
    - Studentane får kunnskap og ferdigheit i systematisk observasjon som metode i faga i utdanninga og praksisopplæringa.  

  • Profesjonsskriving på bokmål og nynorsk 
    Studentane skal kunne bruke både nynorsk og bokmål som skriftleg undervisningsspråk, og får kunnskap om og utvikle ferdigheiter i aktuelle tekstar som blir brukt i lærarkvardagen.  
    Sjå meir i emneplan for Profesjonsskriving på bokmål og nynorsk

  • Estetiske læringsprosessar 
    Studentane får praktisk undervisning i drama og estetiske læringsprosessar og får innføring i stemmebruk, kroppsspråk og leiing av dramapedagogiske undervisningsopplegg.  

 

Andre studieår 

Hovudtema 
I andre studieår er det fokus på elevrolla, elevmangfald og tilpassa opplæring i ulike fag.  

Fag 
Studentane held fram med faga dei har første studieåret. 

Praksis 
Praksis andre studieår er på 25 dagar og er normalt lagt til ungdomssteget. Studentane skal tileigne seg kunnskapar og ferdigheiter som gjer dei i stand til å tilpasse opplæringa til enkeltelevar og til elevmangfaldet. I tillegg skal studentane få kunnskap om metodar knytt til forskings- og utviklingsarbeid i skulen. 
Sjå meir i emneplan for praksis andre studieår.

Fagovergripande tema 

  • Profesjonsfagleg digital kompetanse 
    Gjennom obligatorisk fagdag får studentane innsikt i barn og unge sin mediekultur, multimediekompetanse og motivasjon for læring. 

  • Forsking- og utviklingskompetanse 
    - Studentane deltek på FOU-konferanse, og er opponentar for studentar som skriv FOU-oppgåve.  
    - Det andre året skal studenten få kunnskap og ferdigheit i intervju som forskingsmetode, utvikle evne til kritisk lesing og kompetanse i akademisk skriving. Studenten vil arbeide med metodelitteratur og gjennomføre eit praktisk forskingsarbeid i løpet av praksisopplæringa. 

  • Det vil i andre studieår også bli arrangert fagdagar tema som, rettleing i utdanninga, elevmangfald og dysleksi/dyskalkuli 

 

Tredje studieår 

Hovudtema 

I tredje studieår er det fokus på elevmangfald, skulen som organisasjon og det heilskaplege opplæringsløpet.  

Fag 

I haustsemesteret held ein fram med skulefaga ein valte første studieår. I vårsemesteret vel studenten eitt fagemne på 30 studiepoeng: 
• Kroppsøving 
• KRLE 
• Naturfag 
• Spesialpedagogikk 
• Digital kompetanse og didaktisk medieproduksjon 

I tillegg kan studentane velje internasjonalt semester (Sjå internasjonalisering lenger ned på sida)  

NB! Vidare masterfordjuping i spesialpedagogikk - føreset at studentane vel spesialpedagogikk som fagemne dette semesteret.

Praksis 
Praksis tredje studieår er på 30 dagar og lagt til 5.-10.klassesteg. Sentrale tema er elevmangfald, skulen som organisasjon og det heilskaplege opplæringsløpet. Inntil fem praksisdagar er via observasjonspraksis i vidaregåande skule og fagdag med vekt på overgangen mellom ungdomssteg og vidaregåande opplæring.
Sjå meir i emneplan for praksis tredje studieår.

Fagovergripande tema 

  • Profesjonsfagleg digital kompetanse 
    Gjennom obligatorisk fagdag får studentane innsikt i klasseleiing, differensiering og vurdering i teknologirike klasserom 

  • Forsking- og utviklingskompetanse 
    - I tredje året skal studenten skrive ei FoU-oppgåve i undervisningsfaget norsk eller matematikk i samarbeid med pedagogikk og elevkunnskap. FoU-oppgåva er eit eige emne på 7,5 studiepoeng, og det følgjer eigen emneplan til dette emnet. Som del av dette emne deltek studentane på FoU-konferanse der studentane på første og andre årssteg deltek som opponentar.  
    - FoU-oppgåva legg ingen føringar på val av masterfag seinare i studieløpet, studentane  står fritt til å velje masterfordjuping i dei masterfaga som er tilgjengeleg i studieplanen. 

  • Den fleirkulturelle skulen 

Studentane får erfaring med å kople og diskutere samansette faktorar som kan ha betyding for elevane si læring og utvikling, som til dømes det fleirkulturelle samfunnet, medborgarskap og samiske perspektiv. Det blir arrangert fagdagar som omhandlar den fleirkulturelle skulen. 

 

Fjerde studieår 

Hovudtema 

I fjerde studieår er den profesjonelle læraren, elevmangfald og skulen som organisasjon sentrale tema. Studentane skal også få erfaring med lærarrolla som deltakar i eit profesjonelt fellesskap, der ein også ser på skule-heim-samarbeid, samarbeid mellom skulen og andre institusjonar og korleis skulen møter elevar med ulike behov. 

Fag 
Saman med PEL-faget vil studentane ha vidare fordjuping i masterfaget dei har valt. Dei som har spesialpedagogikk som masterfordjuping må i tillegg velje matematikk, norsk, engelsk eller samfunnsfag. 

Praksis 
Praksis fjerde studieår er på 30 dagar på 5.-10.klassesteg, og minst 5 av dagane er via skule-/klasseovertaking på ein eller fleire av praksisskulane. Studentane skal utvikle ein meir inngåande kunnskap om læreprosessar som fremmer inkluderande klasse og læringsmiljø, tilpassa opplæring i den fleirkulturelle skulen, skulen som organisasjon og forskings- og utviklingsarbeid. Både planlegging og gjennomføring av undervisning skal grunngjevast i forskingsbaserte tilnærmingar, og studentane skal innta forskarblikket og utvikle sin forskings- og erfaringsbaserte undervisningspraksis. 
Sjå meir i emneplan for praksis fjerde studieår 

Fagovergripande tema 

I løpet av fjerde studieår skal studentane delta på seminar som omhandlar tema som psykososialt læringsmiljø, elevmangfald, mobbing, nettmobbing og entreprenørskap. 

  • Profesjonsfagleg digital kompetanse 
    Gjennom obligatorisk fagdag får studentane innsikt i lærarprofesjonalitet, digital danning og innovasjon 

  • Forsking- og utviklingskompetanse 
    I fjerde studieår møter studentane internasjonal forskingslitteratur og vitskapsteori og metode på ulike måtar: 
    - Pensumlitteraturen er valt ut for å gi studentane døme på eit spekter av ulik metodebruk i faget.  
    - Innhaldet i fagemna omhandlar faget som vitskapsfag, og ulike sider ved faget sin eigenart og kunnskapsutvikling vert handsama. 

 

Femte studieår 

Hovudtema 
Femte studieåret får studentane ei avansert innføring i vitskapsteori og metode som grunnlag for å gjennomføre eit forskingsarbeid på masternivå. Studentane skal planlegge og gjennomføre eit individuelt og sjølvstendig vitskapleg arbeid og dokumentere dette i ei masteroppgåve med krav om vitskapleg framstilling.  

Fag 
Haustsemesteret gjennomfører studentane emne metode og vitskapsteori saman med det siste emnet i pedagogikk og elevkunnskap (PEL4). Som del av emnet metode og vitskapsteori skriv studentane ferdig forskingsplan, og vårsemesteret skal studentane skrive ei masteroppgåve på 30 studiepoeng.  

Praksis 
Det er ikkje lagt opp til praksisopplæring i det siste studieåret, men det kan bli aktuelt med ulike former for feltarbeid i skulen. 

Fagovergripande tema 

  • Profesjonsfagleg digital kompetanse 
    Gjennom obligatorisk fagdag får studentane innsikt i digital profesjonell utvikling og endringskompetanse med fokus på skulen i medie- og informasjonssamfunnet. 

  • Forskings og utviklingskompetanse 
    Studentane får ein vitskapsteoretisk og metodisk kompetanse som set dei i stand til å gjennomføre masteroppgåva, og samstundes får dei metodisk breiddekunnskap for å sette seg inn i forsking på høgt nivå. Arbeidet med oppgåva stiller høge krav til metode og forskingsetikk, og studentane vidareutviklar den metodiske spisskompetansen dei treng gjennom dette arbeidet.

Nasjonale føringar

Utdanninga er regulert av nasjonal forskrift om rammeplan for femårig grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10:  https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2016-06-07-861?q=forskrift%20grunnskolel%C3%A6rerutdanning 

Læringsutbytte

I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført utdanning: 

Kunnskapar

Kandidaten:

  • har avansert kunnskap i ett av faga norsk, matematikk. samfunnsdag, engelsk eller spesialpedagogikk.
  • har spesialisert innsikt i eit avgrensa fagområde (masteroppgåven)
  • har brei profesjonsretta kunnskap om digital kompetanse og om øvrige fag som inngår i utdanninga
  • har inngåande kunnskap om relevant forsking og teori, samt vitskaplege tenkemåtar, forskingsmetodar og etikk
  • har inngåande kunnskap om gjeldande lov- og planverk for grunnopplæringa, og om overgangen frå barnesteg til ungdomssteg og frå ungdomssteg til videregåande opplæring
  • har inngåande kunnskap om vidareutvikling av grunnleggande ferdigheiter, vurderings- og prøvesystem, klasseleiing og vurdering av elevane si læring og kva som fremmar læring i faga
  • har inngåande kunnskap om læringsteori og barn og unges si utvikling, danning og læring i ulike sosiale, språklege og kulturelle kontekstar
  • har kunnskap om barn og unge i vanskelege livvsituasjonar, herunder kunnskap om mobbing, vald og seksuelle overgrep mot barn og unge, gjeldande lovverk og barna sine rettigheiter i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv
  • har brei kunnskap om lærarprofesjonen, faga si eigenart og historie, og forståing av skulen si utvikling som organisasjon, sitt mandat, verdigrunnlag og plass i samfunnet
Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan undervise basert på forsking og erfaringskunnskap, aleine og saman med andre
  • kan analysere, tilpasse og bruke gjeldande lærarplaner
  • kan iverksette tidleg innsats og sikre progresjon i arbeid med elevane si utvikling av grunnleggande ferdigheiter og fag
  • kan skape inkluderande og helsefremjande læringsmiljø som bidreg til gode faglege, sosiale og estetiske læringsprosessar
  • kan analysere, vurdere og dokumentere elevane si læring, gje læringsfremmande tilbakemeldingar, tilpasse opplæringa til elevane sine føresetnader og behov, bruke varierte undervisingsmetodar og bidra til at elevane kan reflektere over eiga læring og utvikling
  • kan vurdere og bruke relevante læremiddel, digitale verktøy og resssursar i opplæringa, og gi elevane opplæring i digital kompetanse
  • kan analysere og forholde seg kritisk til nasjonal og internasjonal forsking og anvende denne kunnskapen i profesjonsutøvinga
  • kan alene, og i samarbeid med andre, bruke relevante metodar frå forskings - og utviklingsarbeid, for kontinuerleg utvikling av eigen og skulen sin kollektive praksis, samt gjennomføre avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing
  • kan identifisere teikn på mobbing, vald og seksuelle overgrep. På bakgrunn av faglege vurderingar skal kandidaten raskt kunne sette i verk tiltak, og kunne etablere samarbeid med relevante faginstansar
Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan styrke internasjonale og fleirkulturelle perspektiv ved skulen sitt arbeid, bidra til forståing av samanes status som urfolk og stimulere til demokratisk deltaking og bærekraftig utvikling
  • kan initiere og ta i vare eit godt skule-heim samarbeid, og samarbeide med andre aktørar relevante for skulen si verksemd
  • meistrar norsk munnleg og skriftleg, både bokmål og nynorsk, og kan bruke språket på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng
  • kan på eit avansert nivå formidle og kommunisere om faglege problemstillingar knytta til profesjonsutøvinga, og har profesjonsfagleg digital kompetanse
  • kan analysere og vurdere relevante faglege og etisket problemstillingar og bidra til utvikling av faglig fellesskap på den enkelte skule
  • kan bidra i innovasjonsprosessar knytta til skulen si verksemd og legge til rette for at lokalt, arbeids-, samfunns- og kulturliv involveres i opplæringa
Organisering og arbeidsmåtar

Undervisning er normalt lagt til høgskuleområdet og praksis skal normalt gjennomførast på praksisskular som HVO har avtale med.  Studentane skal få erfaring med yrkesrelevante arbeids- og vurderingsformer. Det vil vere stor variasjon i arbeidsformene. Arbeidsformene er gjort meir detaljert greie for i emneplanane i dei ulike faga. Høgskulen legg vekt på å legge opp til studentaktive læringsformer. I tillegg til å delta aktiv i dei ulike læringsaktivitetane, er det forventa at studenten tek ansvar for å før- og etterarbeid av studieaktivitetane. Arbeidsmengda skal vere om lag 1.600 arbeidstimar per 60 studiepoeng per år, fordelt over 40 veker. Det er forventa at studenten legg inn vesentleg tid til sjølvstudium i løpet av studieåret. 

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning og praksis i studiet. For å framstille seg til eksamen i eit emne må frammøtekrav og alle arbeidskrav knytt til emnet vere oppfylt. På emne som byggjer på kvarandre, må emnet før vere fullført før studenten kan ta eksamen i emnet. Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, Kapittel 4 - Om gjennomføring av studiet. 

Master i grunnskulelærarutdanning for 5.-10. årssteg
Navn: 
Master i grunnskulelærarutdanning for 5.-10. årssteg
Emne22 H23 V23 H24 V24 H25 V25 H26 V26 H27 V
Det skal være 30 studiepoeng kvart semester
30303030303030303030
Obligatoriske emne 1. studieår
 
7.57.5
 
**
 
*
I første studieår vel studenten kombinasjon av skulefag for dei fyrste åra i utdanninga. Moglege kombinasjonar er: Matematikk og samfunnsfag, matematikk og engelsk, norsk og samfunnsfag, norsk og engelsk
Fordjupningsemne 1. studieår
 
7.57.5
 
7.57.5
 
15
 
15
 
15
 
15
Obligatoriske emne 2. studieår
 
7.57.5
 
**
Fordjupingsemne 2. studieår, påbygging frå 1. studieår
 
15
 
15
 
15
 
15
 
7.57.5
 
7.57.5
Obligatoriske emne 3. studieår
 
**
Fordjupingsemne 3. studieår, påbygging frå 1. og 2. studieår
 
10
 
5
 
10
 
5
 
15
 
15
Fagval 30 stp. Studentar som skal velge master i spesialpedagogikk må velge MGL5-10SP1 og MGL5-10SP2 her.
 
30
 
30
 
30
 
15
 
15
 
15
 
15
Obligatoriske emne 4. studieår
 
15
 
**
Val av masterspesialisering. Studentar som vel MGL5-10SP3 i vårsemesteret skal ha to emne i norsk (MGL5-10NO3A og MGL5-10NO3C) eller matematikk (MGL5-10MA3A og MGL5-10MA3C) eller engelsk (MGL5-10EN3A og MGL5-10EN3C) eller samfunnsfag (MGL5-10SA3A og MGL5-10SA3C) i haust- og vårsemesteret.
 
15
 
15
 
15
 
15
 
15
 
15
 
15
 
15
 
15
 
15
 
15
 
15
 
15
Obligatoriske emne 5. studieår
 
15
 
15
 
30
Krav til utstyr eller ferdigheiter

Lærarprofesjonen er inne i ei digitaliseringsfase, og for auka kvalitet og kontinuitet i studiet krev vi at studentane stiller med eigen bærbar PC som er kapabel til arbeid med digitale ressursar i skulen. Studentane vil også få tilbod om særleg relevant utstyr og ressursar til bruk i skulen gjennom biblioteket og Læringsverkstaden, høgskulen sitt ressurssenter for digital undervising.

Krav om skikkavurdering og autorisasjon

Vurdering av om ein student er skikka for læraryrket, føregår gjennom heile studiet. Ein skil mellom løpande og særskild skikkavurdering. Den løpande skikkavurderinga skal gå føre seg gjennom heile studiet, og alle som er i kontakt med studentane har ansvar for dette. Særskild skikkavurdering startar med at tvilsmelding vert levert. Dersom det er tvil om ein student er skikka for læraryrket, må den som er i tvil, melde frå om tvilen til studieleiar på eige skjema. Det formelle grunnlaget for skikkavurdering er nedfelt i Forskrift om skikkavurdering i høgare utdanning, vedteken av Kunnskapsdepartementet.
Les meir om skikkavurdering ved Høgskulen i Volda her. 

 

Praksis

Praksis er lagt til dei fire første studieåra, og studenten skal ha gjennomført og fått godkjent 110 dagar rettleidd og vurdert praksis. I tillegg kjem fem dagar tilrettelagd observasjon i grunnskulen tidleg i studiet.  

Studenten må ha karakteren "Stått" i praksis kvart år for å gå vidare i studiet. Sjå meir om dette i emneplanane for praksis. 

Sjå meir i dei ulike emneplanane for praksis  

Internasjonalisering

Det vil bli lagt til rette for at studentane på grunnskulelærarutdanningane skal få internasjonale impulsar. I sjette semester kan studenten ha opphald ved ein utdanningsinstitusjon i utlandet. Studentar som er i utlandet på utveksling kan få gjennomføre heile eller delar av praksisopplæringa i utlandet, i samarbeid med utvekslingsinstitusjonen. Det vil også i vårsemesteret i fjerde studieår vere mulig å delta på utveksling ved utdanningsinstitusjonar som har relevante studietilbud på mastergradsnivå. HVO har inngått utvekslingsavtalar som er tilrettelagde for grunnskulestudentar ved  utanlandske utdanningsinstitusjonar. Nokre av avtalane gir høve til å gjennomføre praksis som ein del av opphaldet. 

Les meir om utveksling og internasjonalt semester her: https://www.hivolda.no/maglu/utveksling-maglu  

 

Andre internasjonaliseringstiltak 

  • Bruk av internasjonal pensumlitteratur og gjesteforelesere  

  • Den internasjonal studentkonferansen ITS Volda  

  • Årleg internasjonal veke med eit stort spekter av aktivitetar. 

 

Studieturar til utlandet 

Studentar på studiet vil ha høve til å ta del i studieturar arrangert av høgskulen. Ulike studieturar vil vere aktuelle for ulike fordjupningar. 

  • Studietur  til Schæffergaarden, København for studentar med masterfordjupning i norsk.  

  • Studietur til York (Det norske studiesenter i Storbritannia) for studentar med masterfordjupning i engelsk. 

  • Studietur til Island for studentar med masterfordjupning i samfunnsfag, i samarbeid med Haskoli Islands. 

Ansvarleg
Eivind Patrick Hanevik