See list of study plans starting on:

Journalistikk - bachelor

Studieprogram: 
Journalistikk - bachelor
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Studiepoeng: 
180
Studielengd: 
6 semester
Kull: 
2023
Studieplassar: 
55
Studietype: 
Bachelorgradsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse. Kvote for søkjarar med relevant journalistisk praksis. Sjå Samordna opptak.

Det er eigne emneopptak til dei ulike spesialiseringane. Sjå meir informasjon om eventuell prioritering i den enkelte emneplan.

Om studiet

Bachelor-programmet gir studentane solid journalistisk grunnopplæring, samtidig som dei kan spesialisere seg innanfor tv, radio og nettavis. Studiet gir ei brei innføring i journalistisk formidling og metode, og erfaring med ulike format, plattformer, teknikkar og teknologiar. Fleire praksisperioder med redaksjonelt arbeid er ein viktig del av studiet, der det også blir lagt stor vekt på å bruke same arbeidsflyt, verktøy og type utstyr som du finn ute i bransjen. Studentar som fullfører journalistutdanninga ved Høgskulen i Volda er attraktive for redaksjonar i mediebedrifter over heile landet. 

Studiet inneheld desse elementa:

·       Journalistrolla og journalistisk metode

Målet er å gi studentane trening i journalistisk arbeid og kunnskap om journalistikk som fag. Undervisninga fokuserer på forståinga av journalistrolla og den journalistiske profesjonskulturen. I tillegg til god allmennkunnskap er sentrale hjelpemiddel teori om medias rolle og funksjon i samfunnet, om nyhendekriterium og nyhendekjelder. Området blir dekt gjennom forelesingar og praktiske oppgåver i plenum og gruppevis i redaksjonane, og omfattar både lokale og nasjonale nyhende.

·       Kjeldearbeid og journalistisk undersøking

Målet er å setje studentane i stand til å arbeide fram eigne nyheiter. Sjølvstendig journalistisk undersøking er viktig i alt journalistisk arbeid, og eit vilkår for ein uavhengig journalistikk. Viktige tema er kjeldearbeid, reglar for offentlegheit og innsynsrett. Undervisninga blir gitt som forelesingar og praktiske oppgåver. 

·       Mediespråk og formidling

Målet med undervisninga er å gjere studentane medvitne om bruk av skrift-, tale- og bildespråk, og ulike sjangrar for journalistisk formidling. Sjangerkonvensjonar, dramaturgi og forteljeteknikk blir tatt opp i undervisninga saman med retorikk, språksosiologi, språknormering og språkreglar. Gjennom praktiske øvingar og medieprodukt skal studentane lære god språkbruk, og bli i stand til å dyrke fram ein personleg forteljarstil.

·       Medieetikk og mediejuss

Målet med undervisninga er å utvikle studentane sine evner til å analysere og vurdere medieetiske og mediejuridiske problem knytta til publisering. Viktige tema er pressefridom, personvern, opphavsrett og kjeldevern. Undervisninga tek også opp forholdet mellom dei presseetiske publiseringsreglane og dei juridiske publiseringsreglane. Gjennom førelesingar, praktiske døme og oppgåver får studentane kunnskapar om medieetikk og medielovgjevinga. Tidleg i studiet får studentane ei grunnleggjande innføring i medieetikk og det lovverket som regulerer journalistisk arbeid. Seinare arbeider studentane vidare med sentrale område innafor desse temaene. 

·       Medievitskap

Undervisninga gir grunnleggande kunnskap om medier, ytringsfridom og offentligheit, både i eit historisk og samtidsaktuelt perspektiv. Studentane skal utvikle evne til kritisk refleksjon kring medias makt og profesjonsroller. Siste del av undervisninga går vi breiare inn i medie- og kommunikasjonsteorien og set den i eit humanistisk og samfunnsvitskapleg perspektiv. Studentane blir introduserte for dei mest vanlege verktøya som forskarar brukar i arbeidet med å forstå medias innhald, makt og rolle i samfunnet. Målet med undervisninga er at studentane også skal utvikle ferdigheiter knytt til akademisk oppgåveskriving.

Studiet kvalifiserer til å kunne søkje om opptak til Master in Media Practices ved Høgskulen i Volda.

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten skal

  • ha brei kunnskap om journalistrolla og journalistikken sitt samfunnsoppdrag
  • ha brei kunnskap om journalistisk metode, nyheitsjournalistikk, medieetikk og mediejuss, kjeldearbeid og kjeldekritikk, offentleglova, reglar for publisering
  • ha brei kunnskap om redaksjonelt arbeid og dei ulike funksjonane i ein redaksjon
  • ha god kunnskap om den journalistiske forteljinga, ulike sjangrar, språkbruk, dramaturgi og produksjon på ulike plattformer
  • ha grunnleggande kunnskap om utviklinga innan digitaljournalistikk og kritisk innsikt i aktuelle etiske problemstillingar
  • ha grunnleggande kunnskap om offentleg forvaltning, viktige institusjonar i arbeidslivet og sentrale problemstillingar i norsk samfunnsliv
  • ha grunnleggande kunnskap om norsk mediehistorie, utviklinga av media og problemstillingar knytta til media si rolle i samfunnet
  • ha grunnleggande kunnskap for å forstå medias innhald, makt og rolle i samfunnet
Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • gjere kildekritiske, etiske, juridiske og analytiske vurderingar i det journalistiske arbeidet, og praktisere bruk av innsynsretten og offentleglova
  • identifisere, prioritere og vurdere ulike typer journalistisk innhald
  • arbeide fram eigne idéar og gjennomføre undersøkande nyheitsjournalistikk
  • meistre journalistisk arbeidsteknikk og den journalistiske forteljinga, og produsere saker med god flyt og oppbygging for fleire format
  • meistre bruk av teknisk produksjonsutstyr og publisere saker på ulike plattformer
  • meistre fleire roller i det redaksjonelle arbeidet
  • drøfte viktige samfunnstema og analysere media
  • meistre akademisk oppgåveskriving og reflektere over eige fagleg arbeid
Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • reflektere godt rundt journalistikken si rolle og plass i samfunnet
  • reflektere godt rundt eiga profesjonsrolle og eige arbeid
  • gjere sjølvstendige etiske vurderingar rundt utviklinga i journalistikken
  • setje seg inn i nye problemområde og analysere saker frå ulike perspektiv
  • delta i dagleg evalueringsarbeid og reflektere rundt eige og andres arbeid
  • samarbeide godt med andre, ta eige ansvar og jobbe sjølvstendig
Organisering og arbeidsmåtar

Bachelorgraden i journalistikk ved Høgskulen i Volda (HVO) er sett saman av både obligatoriske og valfrie emne, og er på 180 studiepoeng. Oppbygginga av studiet og oversikt over emne som kan veljast ved HVO går fram av studiemodellen.

Det tredje semersteret er eit valfritt semester. Eit fleirtal av studentane veljer å reise på utveksling til utlandet. Det er også mogleg å studere valfrie emne som HVO tilbyr, eller ta emne ved andre norske utdanningsinstitusjonar (må godkjennast på førehand).  

Studiet er arbeidskrevjande med stor grad av obligatorisk undervisning, obligatoriske innleveringsoppgåver og obligatorisk deltaking i interne øvingsproduksjonar. Studentane skal gjennomføre journalistiske øvingar og vurdere sine eigne arbeid i høve til relevant teori. Studiet spenner frå dei enklaste journalistiske arbeidsteknikkane og til meir analyserande og undersøkjande journalistikk.

Journalistikk - bachelor
Praksis

I løpet av studiet skal studentane gjennomføre fire periodar med obligatorisk praksis. I dei tre første periodane er det intern praksis. Studentane vel eit praksisemne og arbeider saman i ein stor redaksjon med produksjon og punblisering av journalistisk innhald. Studentane må velje ulike praksisemne i første og andre periode. Fordjupingspraksisen i tredje periode byggjer på eitt av vala som er gjort i første og andre periode. I siste perioden blir studentane som hovudregel utplasserte i riksdekkjande eller regionale medieverksemder, og type praksis vil vere knytt til valt fordjupingspraksis i tredje periode.

I periodane med intern praksis vert det lagt vekt på rettleiing, evaluering og refleksjon rundt journalistiske problemstillingar. Studentane må fylgje oppsette arbeidsplanar og gjere dei oppgåvene dei blir tildelte. Studentane skal òg delta i evalueringa av studentproduksjonane.

Internasjonalisering

Bachelorstudiet i journalistikk har samarbeidspartnarar i fleire land, og mange studentar vel å studere i utlandet i det valfrie tredje semster. Aktuelle emne må vere relevant for journalistisk arbeid. Det er krav om å ta 30 studiepoeng i valfrie emne dette semesteret.

Ansvarleg
André Folkestad