See list of study plans starting on:

Sosialt arbeid, sosionom - bachelor

Studieprogram: 
Sosialt arbeid, sosionom - bachelor
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
180
Studielengd: 
6 semester
Kull: 
2023
Studieplassar: 
60
Studietype: 
Bachelorgradsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Om studiet

Sosionomutdanninga passar for deg som ønskjer å jobbe med menneske og som samtidig er oppteken av samfunnsspørsmål og sosiale problem. Studiet gir deg kunnskap om korleis ein kan hjelpe menneske i ulike livsfasar og tilstandar til å meistre livsutfordringar. Ein hovudkomponent i den faglege kompetansen til sosionomen er samhandling, som er kunnskap om og evne til å etablere og handtere relasjonar til menneske i krevjande livssituasjonar. Den andre hovudkomponenten er kompetanse til å forstå korleis strukturar i samfunnet verkar inn på og formar enkeltmenneske og grupper sine liv og muligheiter, og å forstå korleis strukturar påverkar vilkåra for yrkesutøving. Sosialt arbeid handlar altså både om individ og samfunn; om å forstå individet som ein del av samfunnet og korleis samfunnet påverkar individet. Forståing av faget sosialt arbeid som samspel mellom fag, samfunnsmessige og sosialpolitiske forhold er gjennomgåande i oppbygginga og innrettinga av utdanninga. Studiet legg opp til å utdanne brukarorienterte, reflekterte og analytiske sosionomar, som er kvalifiserte til å arbeide med menneske i krevjande livssituasjonar. Det blir difor lagt vekt på bevisstgjering av verdigrunnlag gjennom kritisk refleksjon over eigne verdiar og haldningar. Fordi yrkesfeltet er meir dynamisk enn nokon gong, er det viktig å utdanne sosionomar som er fleksible med tanke på fagleg innretting. Det er viktig å sikre at studentane gjennom studiet får ein god fagleg og metodisk kompetanse til å møte eit omskiftande arbeidsfelt.

Følgjande kompetanseområde er sentrale for sosionomutdanninga:
Solidarisk heilskapsperspektiv
Sosialt arbeid er verdibaserte handlingar. Sosionomen skal vere kvalifisert for arbeid med alle aldersgrupper, på individ-, gruppe- og samfunnsnivå. Samtidig møter sosionomen ofte menneske i sårbare og krevjande livssituasjonar. I møte med brukarar, som på grunn av ulike hindringar ikkje vil vere i stand til, eller ha vanskar med å realisere sine behov og rettar, treng sosionomen ei heilskapleg forståing av mennesket sin livssituasjon fysisk, psykisk, sosialt, materielt og kulturelt. Mangfald er derfor sentralt i sosionomutdanninga. Sosionomen må både ha forståing for og evne til å undersøke korleis menneske lever sine liv på ulike måtar på bakgrunn av m.a. oppvekst, sosioøkonomisk status og kultur. Minoritetsperspektivet, med fokus på samar som urbefolkning, menneske på flukt og andre minoritetar, krev kultursensitivitet og ei opa og undersøkjande innstilling til menneske med ulike sosiale identitetar.

Sosionomen må kunne analysere korleis samfunnet si innretting både kan hindre og fremje innbyggjarane sine evner til å få oppfylt sine behov, og gi tilpassa hjelp til personar i deira situasjon. I møte med individ og grupper skal sosionomen i samarbeid med dei det gjeld og andre samarbeidspartar finne løysingar for å komme over eller kompensere for hindringar, frigjere ressursar og utløyse mestringsevne. Samtidig skal sosionomen på samfunnsnivå ha kunnskap om sosial ulikheit og forebygging av marginaliseringsprosessar, og ha evne til å fremje menneske sine interesser på samfunnsnivå. Dette fordrar både kunnskap om ulike metodar og arbeidsmåtar, og evne til samhandling, empati og refleksjon.

Forvaltningskompetanse
Sosialt arbeid inneber å gi velferdstenester. Sosionomar møter menneske med behov for velferdstenester, og forvaltar og formidlar store samfunnsmessige ressursar. Det er viktig med kvalifiserte avgjerder med høg kvalitet og legitimitet. For å kunne ta vare på rettstryggleiken, må sosionomen ha kunnskap om lover, rettar og relevante ordningar. Skriftlege kunnskapar og øving i å dokumentere og drøfte informasjon og faglege, juridiske og etiske vurderingar er sentralt i studiet.

Personleg kompetanse, samarbeids- og relasjonskompetanse
Menneske som kjem i kontakt med sosionomen er ofte i ein sårbar situasjon. Personleg kompetanse er ein kombinasjon av kunnskapar, eigenskapar, haldningar og ferdigheiter. Personleg kompetanse er viktig for utøving av godt sosialfagleg arbeid, fordi slik kompetanse til ei kvar tid spelar på lag med den profesjonelle kompetansen. I utdanninga blir det lagt til rette for utvikling av personleg kompetanse gjennom sjølvrefleksjonsprosessar og deltaking i refleksjonsgrupper. Å arbeide som sosionom vil seie å utøve omsorg, formidle tenester og forsvare rettane til menneske med behov for hjelp, samtidig som rolla inneber å utøve sosial kontroll. Dette føreset at ein kan lytte til menneske og leve seg inn i ulike livssituasjonar. Å undersøke og prøve å forstå korleis menneske opplever møta med hjelpeapparatet, og ta den kunnskapen med seg i eiga fagutvikling, er viktig kompetanse. Slik kompetanse inneber å kunne oppnå tillit og etablere gode samarbeidsrelasjonar. 

Analytisk kompetanse
Å ha analytisk kompetanse, kunne gjere gode vurderingar og ha god rolleforståing er nødvendig for å gjerne godt sosialfagleg arbeid. I yrkesutøvinga vil sosionomen stå overfor komplekse situasjonar der kva som er rett hjelp ikkje alltid er like tydeleg, og der det kan vere utfordrande å ta avgjerder. Kunnskapsbasert praksis handlar om å ta i bruk forskings- og teoretisk kunnskap, brukarkunnskap og erfaringsbasert kunnskap i yrkeskonteksten. Dette krev eit godt oppøvd skjønn, og gode ferdigheiter i etisk og kritisk refleksjon. I utdanninga vert det difor lagt vekt på å øve opp analytiske ferdigheiter for å styrke vurderings- og avgjerdskompetansen gjennom praktiske øvingar. Fagteori, vitskapsteoretiske perspektiv, empiri, metodiske val, skjønnsutøving og etiske vurderingar inngår i desse øvingane. Sosionomen skal også ha evne til å oppdatere kunnskapen sin på fagområdet. 

Tverrprofesjonell samhandlingskompetanse 
Sosionomen må ha kunnskap om andre tenester det er nødvendig å samarbeide med for å betre situasjonen til brukaren, og for å utvikle kompetanse i tverrprofesjonell samhandling. Utdanninga er delvis integrert med Bachelor i sosialt arbeid – barnevernspedagog, noko som legg til rette for å gje studentane erfaringar med tverrprofesjonelt samarbeid. Studentane tek også del i tverrprofesjonelle prosjekt, der andre velferdsprofesjonar er med. På den måten får studentane utvikla forståing for kor viktig samarbeid er for å løyse sosiale problem. 

Nasjonale føringar

Utdanninga er regulert av Forskrift om felles rammeplan for helse- og sosialfagutdanninger. Vidare er utdanninga regulert av Forskrift om nasjonal retningslinje for sosionomutdanning, og i samsvar med denne skal studentane etter fullført utdanning ha læringsutbytte innanfor to kompetanseområde: 1) Rammer for og perspektiv på sosialt arbeid, 2) Kunnskap om og arbeid med sosiale problem.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten:

  • Har kunnnkap om ansvars- og arbeidsfordeling i velferdsforvaltninga, velferdspolitiske mål og verkemiddel, ulike velferdsmodellar og velferdspolitikkens betydning for praksis i sosialt arbeid
  • Har kunnskap om sosialt arbeids faghistorie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet
  • Har kunnskap om sosialt arbeids kunnskapsutvikling, teoretiske perspektiv og metodiske tilnærmingar, og korleis politikk kan påverke fagets rolle og samfunnsmandat
  • Har kunnskap om korleis sosiale problem oppstår og utviklar seg, og forstå korleis samspel mellom individ, grupper og samfunn kan bidra til inkludering, ikkje-diskriminering, likestilling og medverknad
  • Har kunnskap om forebygging og folkehelse, og forstå verdien av erfarings- og brukarkunnskap
  • Har kunnskap om kva betydning faktorar som levekår, helse, utdanning, arbeid og aktiv deltaking har for individ, familie og samfunn, og forstå korleis samspel mellom faktorar kan bidra til marginalisering
  • Har kunnskap om den vitskapsteoretiske posisjon til sosialt arbeid, etiske utfordringar og profesjonen sitt samfunnsansvar
  • Har kunnskap om menneskerettar, sentrale konvensjonar, og utfordringar når det gjeld minoritetsposisjonar i samfunnet og kulturelt mangfaldige samfunn og oppvekstmiljø
Ferdigheiter

Studenten:

  • Kan anvende forskingsbasert, erfaringsbasert og brukarbasert kunnskap for å  kartlegge, dokumentere, analysere, og ta avgjerder som sikrar brukaren sin medverknad og ivaretek vedkomande sine rettar
  • Kan vurdere og reflektere over vitskapleg kunnskap og politiske rammer i ein praktisk samanheng, og bruke kunnskap om sosiale problem for å fremme meistring og endring i samarbeid med enkeltpersonar, familiar og andre
  • Kan analysere kritisk sosial- og velferdspolitikken og vite korleis ein kan vere premissleverandør for avgjerder i hjelpeapparatet  
  • Kan bruke ulike metodiske tilnærmingar på individ-, familie-, gruppe- og samfunnsnivå, og kunne planlegge, iverksette og evaluere tiltak som skal betre brukarane sine livsvilkår  
  • Kan handtere aktuelle sosialfaglege metodar i relasjonar prega av interessemotsetning og krysspress, og bruke relevante arbeidsformer for å kartlegge, analysere og ta beslutningar
  • Kan anvende fagleg kunnskap om relasjon og kommunikasjon i rettleiing og systematisk endringsarbeid i lærings-, meistrings- og endringsprosessar 
  • Kan anvende metodar i samfunnsarbeid som fremmer brukaren si makt, innverknad, deltaking og representasjon, og arbeide tverrfagleg i møte med menneske med komplekse problem for å sette inn tiltak som lindrar og reduserer problem
Generell kompetanse

Studentane:

  • Kan vurdere maktstrukturar og politiske og administrative beslutningsprosessar
  • Kan planlegge, gjennomføre og evaluere arbeidsoppgåver i tråd med yrkesetiske retningsliner, og reflektere kritisk over etiske dilemma i møte med personlege, institusjonelle og politiske krav i tenesteutøvinga.  
  • Kan vise forståing for eiga yrkesrolle og utvise dømmekraft i situasjonar med mangelfull eller motstridande informasjon, og kjenne til og vurdere kompetansen til andre yrkesgrupper i tverrfagleg samhandling.
  • Kan vise forståing for korleis ein kan bidra til å identifisere muligheiter og fremme sosial rettferd. 
  • Kan vise innsikt i profesjonsetikk, menneskesyn og verdiar i sosialt arbeid, og vere solidarisk med menneske i utsette og marginale posisjonar
  • Kan vise evne til å samarbeide med menneske i vanskelege livssituasjonar for å fremme meistring, deltaking, sosial inkludering og likeverdige livs- og oppvekstvilkår. 
  • Kan handtere digitale verktøy og reflektere kritisk over digitale rammer for yrkesutøving
  • Kan planlegge og koordinere tverrprofesjonelt samarbeid mellom ulike tenester og tenestenivå
  • Kan formidle teoriar, problemstillingar og løysingar skriftleg og munnleg på ein fagleg og analytisk måte 
Organisering og arbeidsmåtar

Organiseringa av studiet byggjer på studie- og emneplanar, Forskrift om nasjonal retningslinje for sosionomutdanning § 10 om studiets oppbygging og Forskrift for opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda med tilhøyrande retningslinjer. Studentane har sjølve ansvar for å setje seg inn i studie- og emneplanar og gjeldande regelverk.

Læringsformer
Fleire læringselement i studiet, som til dømes kompetanse i samhandling og kommunikasjon, medvit om verdiar og haldningar til andre menneske, kan ein ikkje utan vidare tileigne seg berre ved sjølvstudium. Slik kompetanse er ferdigheiter som ein utviklar best gjennom nærvær i felles læringsmiljø. Det blir derfor lagt vekt på studentaktive arbeids- og læringsformer, som til dømes studentstyrte seminar, gruppearbeid, skriftlege arbeid og ferdigheitstrening, i tillegg til tradisjonell undervisningsaktivitet.

Deltaking og arbeidskrav
I dei fleste emna er det arbeidskrav som må vere oppfylte innanfor fastsett tid for å kunne framstille seg til eksamen. Vidare har enkelte undervisningselement særskilte reglar for deltaking og frammøte. Alle arbeidskrav skal skrivast/gjennomførast på norsk.

Pensum
Pensum er ei ramme for omfanget av faglitteratur som studiet skal innehalde og som det kan eksaminerast i ved eksamen. Pensumliste knytt til kvart emne vert publisert på høgskulen sine nettsider. 

Vurdering og eksamen
Det er varierte vurderingsformer i studiet; frå skriftlege heimeoppgåver til skriftlege skuleeksamenar eller munnleg prøving. Det vil gå fram av den einskilde emneplan kva vurderingsform som gjeld. Studenten vel sjølv om eksamensbesvarelsen vert halde/skrive på norsk eller engelsk.

Studieprogresjon
Studiet er eit integrert treårig profesjonsstudium sett saman av fleire emne som byggjer på kvarandre. Forkrava til dei einskilde emna går fram av emneplanane.

Krav om skikkavurdering og autorisasjon

Skikkavurdering foregår gjennom heile studiet, og inngår i heilskapsvurdering av studenten sine faglege og personlege føresetnader for å fungere som profesjonsutøvar. Jf. Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning.

Praksis

Praksisstudia er dei delane av utdanninga der studentane gjennom direkte kontakt med yrkesfeltet og brukarar av sosiale tenester får høve til å relatere teoretisk kunnskap til praktisk sosialfagleg arbeid, og få trening i praktisk yrkesutøving. Praksisstudia er ein viktig del av yrkesrettinga i utdanningane, og Høgskulen i Volda har som mål å skape best mogleg samanheng og integrasjon mellom dei ulike læringsformene. Praksis går føre seg i eksterne institusjonar/organisasjonar under rettleiing av erfarne profesjonsutøvarar og kontaktlærarar.

Studiet har to praksisperiodar med eit samla omfang på 20 veker, fordelt på fire veker i andre semester og 16 veker i femte semester. I praksisstudia skal studenten få erfaring med å etablere kontakt, utgreie/undersøke, vurdere og ta avgjerder i samarbeid med dei som oppsøkjer hjelp. Vidare skal studenten delta i samarbeidsmøte og få kjennskap til tverrfagleg samarbeid på individ- og tjenestenivå. Studenten bør så langt det er mogleg få erfaringar frå to ulike praksisfelt. Forvaltningserfaring bør vere ein del av praksisstudia. Nærare informasjon om praksis går fram av emneplanane.

Vi har lang tradisjon for internasjonal praksis i sosionomutdanninga, og legg vekt på at det globale perspektivet i undervising og praksisstudium skal komplementere kvarandre.

Vi viser til Forskrift om nasjonal retningslinje for sosionomutdanning § 11 om praksisstudier, § 4-8 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda om praksis/praksisstudium og Retningsliner for praksis ved utdanningane Bachelor i sosialt arbeid - sosionom og Bachelor i sosialt arbeid - barnevernspedagog ved Høgskulen i Volda

Internasjonalisering

I tredje semester kan studentar som har fullført 60 studiepoeng ved sosionomutdaninga før utreise, søkje om å få studere ved internasjonale læreinstitusjonar som HVO har avtale med.

I femte semester kan studentar søkje om praksis ved utanlandske organisasjonar og institusjonar som HVO gjer samarbeidsavtale med. Praksisplass i utlandet vert tildelt ut frå ei vurdering av studenten sine faglege og personlege føresetnadar. 

Ansvarleg
Betina Haug Olson, betina.haug.olson@hivolda.no tlf. 70 07 54 69