Sosialt arbeid – sosionom
Sosionomutdanninga passar for deg som ønskjer å jobbe med menneske og som samtidig er oppteken av samfunnsspørsmål og sosiale problem. Studiet gir deg kunnskap om korleis ein kan hjelpe menneske i ulike livsfasar og tilstandar til å meistre livsutfordringar.
Ein hovudkomponent i den faglege kompetansen til sosionomen er samhandling, som er kunnskap om og evne til å etablere og handtere relasjonar til menneske i krevjande livssituasjonar. Den andre hovudkomponenten er kompetanse til å forstå korleis strukturar i samfunnet verkar inn på og formar enkeltmenneske og grupper sine liv og muligheiter, og å forstå korleis strukturar påverkar vilkåra for yrkesutøving.
Sosialt arbeid handlar altså både om individ og samfunn; om å forstå individet som ein del av samfunnet og korleis samfunnet påverkar individet. Forståing av faget sosialt arbeid som samspel mellom fag, samfunnsmessige og sosialpolitiske forhold er gjennomgåande i oppbygginga og innrettinga av utdanninga.
Studiet legg opp til å utdanne brukarorienterte, reflekterte og analytiske sosionomar, som er kvalifiserte til å arbeide med menneske i krevjande livssituasjonar. Det blir difor lagt vekt på bevisstgjering av verdigrunnlag gjennom kritisk refleksjon over eigne verdiar og haldningar. Fordi yrkesfeltet er meir dynamisk enn nokon gong, er det viktig å utdanne sosionomar som er fleksible med tanke på fagleg innretting. Det er viktig å sikre at studentane gjennom studiet får ein god fagleg og metodisk kompetanse til å møte eit omskiftande arbeidsfelt.
Følgjande kompetanseområde er sentrale for sosionomutdanninga:
Solidarisk heilskapsperspektiv
Sosialt arbeid er verdibaserte handlingar. I møte med brukarar, som på grunn av ulike hindringar, ikkje vil vere i stand til, eller ha vanskar med å realisere sine behov og rettar, treng sosionomen ei heilskapleg forståing av mennesket sin livssituasjon fysisk, psykisk, sosialt, materielt og kulturelt. Sosionomen skal i samarbeid med den einskilde og andre samarbeidspartar finne løysingar for å kome over eller kompensere for hindringar, frigjere ressursar og utløyse meistringsevne. Slike faglege perspektiv fordrar evne til samhandling, empati og etisk refleksjon.
Forvaltningskompetanse
Sosionomar møter menneske med behov for velferdstenester, og forvaltar og formidlar store samfunnsmessige ressursar. For å kunne ta vare på rettstryggleiken, må sosionomen ha kunnskap om lover, rettar og relevante ordningar. Å ha analytisk kompetanse, kunne gjere gode vurderingar og ha god rolleforståing er nødvendig for å gjerne godt sosialfagleg arbeid.
Samarbeids- og relasjonskompetanse
Å arbeide som sosionom vil seie å utøve omsorg, formidle tenester og forsvare rettane til menneske med behov for hjelp, samtidig som rolla inneber å utøve sosial kontroll. Dette føreset at ein kan lytte til menneske og leve seg inn i ulike livssituasjonar. Å undersøke og prøve å forstå korleis menneske opplever møta med hjelpeapparatet, og ta den kunnskapen med seg i eiga fagutvikling, er viktig kompetanse. Slik kompetanse inneber å kunne oppnå tillit og etablere gode samarbeidsrelasjonar. Sosionomen må også kunne samarbeide med andre hjelpeinstansar til det beste for brukaren.
Personleg kompetanse, kritisk refleksjon og sjølvrefleksjon
Personleg kompetanse er ein kombinasjon av kunnskapar, eigenskapar, haldningar og ferdigheiter. Personleg kompetanse er viktig for utøving av godt sosialfagleg arbeid, fordi slik kompetanse til ei kvar tid spelar på lag med den profesjonelle kompetansen. I utdanninga blir det lagt til rette for utvikling av personleg kompetanse gjennom sjølvrefleksjonsprosessar og deltaking i refleksjonsgrupper.
Praktisk analytisk kompetanse og kunnskapsbasert praksis
I yrkesutøvinga vil sosionomen stå overfor komplekse situasjonar, der det kan vere utfordrande å ta avgjerder. I utdanninga vert det difor lagt vekt på å øve opp analytiske ferdigheiter for å styrke vurderings- og avgjerdskompetansen gjennom praktiske øvingar. Fagteori, vitskapsteoretiske perspektiv, empiri, metodiske val, skjønnsutøving og etiske vurderingar inngår i desse øvingane. Sosionomen skal også ha evne til å oppdatere kunnskapen sin på fagområdet.
Tverrprofesjonell samhandlingskompetanse
Sosionomen må ha kunnskap om andre tenester det er nødvendig å samarbeide med for å betre situasjonen til brukaren, og for å utvikle kompetanse i tverrprofesjonell samhandling. Utdanninga er delvis integrert med Bachelor i sosialt arbeid – barnevernspedagog, noko som legg til rette for å gje studentane erfaringar med tverrprofesjonelt samarbeid. Studentane tek også del i tverrprofesjonelle prosjekt, der andre velferdsprofesjonar er med. På den måten får studentane utvikla forståing for kor viktig samarbeid er for å løyse sosiale problem.
Internasjonalisering og kultursensitivitet
Internasjonalisering og mangfald er sentralt i sosionomutdanninga. Globale prosessar, som migrasjon og flukt, har gjort Noreg til eit meir samansett og fleirkulturelt samfunn, som har skapt nye utfordringar for sosialarbeidarar. Det globale perspektivet, utvikling av kultursensitivitet og ei opa og undersøkande innstilling til menneske med ulike sosiale identitetar, er difor sentrale tema i utdanninga. Global forståing og kulturell kompetanse kan også utviklast gjennom studentutveksling og klientpraksis i utlandet.
Utdanninga er regulert av Forskrift om nasjonal retningslinje for sosionomutdanning, fastsett av KD 15.03.2019, og Forskrift om felles rammeplan for helse- og sosialfagutdanninger, fastsett av KD 06.07.2017.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten har kunnskap om:
- ansvars- og arbeidsfordeling i velferdsforvaltninga, velferdspolitiske mål og verkemiddel, ulike velferdsmodellar og velferdspolitikkens betydning for praksis i sosialt arbeid
- sosialt arbeids faghistorie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet
- sosialt arbeids kunnskapsutvikling, teoretiske perspektiv og metodiske tilnærmingar, og korleis politikk kan påverke fagets rolle og samfunnsmandat
- korleis sosiale problem oppstår og utviklar seg, og forstå korleis samspel mellom individ, grupper og samfunn kan bidra til inkludering, ikkje-diskriminering, likestilling og medverknad
- forebygging og folkehelse, og forstå verdien av erfarings- og brukarkunnskap
- kva betydning faktorar som levekår, helse, utdanning, arbeid og aktiv deltaking har for individ, familie og samfunn, og forstå korleis samspel mellom faktorar kan bidra til marginalisering
- den vitskapsteoretiske posisjon til sosialt arbeid, etiske utfordringar og profesjonen sitt samfunnsansvar
- menneskerettar, sentrale konvensjonar, og utfordringar når det gjeld minoritetsposisjonar i samfunnet og kulturelt mangfaldige samfunn og oppvekstmiljø
Studenten har ferdigheiter i:
- å bruke forskingsbasert, erfaringsbasert og brukarbasert kunnskap for å kartlegge, dokumentere, analysere, og ta avgjerder som sikrar brukaren sin medverknad og ivaretek vedkomande sine rettar
- å vurdere og reflektere over vitskapleg kunnskap og politiske rammer i ein praktisk samanheng, og bruke kunnskap om sosiale problem for å fremme meistring og endring i samarbeid med enkeltpersonar, familiar og andre
- å analysere kritisk sosial- og velferdspolitikken og vite korleis ein kan vere premissleverandør for avgjerder i hjelpeapparatet
- å bruke ulike metodiske tilnærmingar på individ-, familie-, gruppe- og samfunnsnivå, og kunne planlegge, iverksette og evaluere tiltak som skal betre brukarane sine livsvilkår
- å handtere aktuelle sosialfaglege metodar i relasjonar prega av interessemotsetning og krysspress, og bruke relevante arbeidsformer for å kartlegge, analysere og ta beslutningar
- å bruke fagleg kunnskap om relasjon og kommunikasjon i rettleiing og systematisk endringsarbeid i lærings, meistrings og endringsprosessar
- å bruke metodar i samfunnsarbeid som fremmer brukaren si makt, innverknad, deltaking og representasjon, og arbeide tverrfagleg i møte med menneske med komplekse problem for å sette inn tiltak som lindrar og reduserer problem
Studentane kan:
- vurdere maktstrukturar og politiske og administrative beslutningsprosessar
- planlegge, gjennomføre og evaluere arbeidsoppgåver i tråd med yrkesetiske retningsliner, og reflektere kritisk over etiske dilemma i møte med personlege, institusjonelle og politiske krav i tenesteutøvinga.
- vise forståing for eiga yrkesrolle og utvise dømmekraft i situasjonar med mangelfull eller motstridande informasjon, og kjenne til og vurdere kompetansen til andre yrkesgrupper i tverrfagleg samhandling.
- vise forståing for korleis ein kan bidra til å identifisere muligheiter og fremme sosial rettferd.
- vise innsikt i profesjonsetikk, menneskesyn og verdiar i sosialt arbeid, og vere solidarisk med menneske i utsette og marginale posisjonar
- vise evne til å samarbeide med menneske i vanskelege livssituasjonar for å fremme meistring, deltaking, sosial inkludering og likeverdige livs- og oppvekstvilkår.
- handtere digitale verktøy og reflektere kritisk over digitale rammer for yrkesutøving
- planlegge og koordinere tverrprofesjonelt samarbeid mellom ulike tenester og tenestenivå
- formidle teoriar, problemstillingar og løysingar skriftleg og munnleg på ein fagleg og analytisk måte
I samsvar med Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk og Forskrift om nasjonal retningslinje for sosionomutdanning skal studentane etter fullført utdanning ha læringsutbytte innanfor to kompetanseområde: 1) Rammer for og perspektiv på sosialt arbeid, 2) Kunnskap om og arbeid med sosiale problem.
Organiseringa av studiet byggjer på studie- og emneplanar, og på Forskrift for opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda med tilhøyrande retningslinjer. Studentane har sjølve ansvar for å setje seg inn i studie- og emneplanar og gjeldande regelverk.
Ulike læringsformer
Det blir lagt vekt på studentaktive arbeids- og læringsformer, som til dømes studentstyrte seminar, gruppearbeid, skriftlege arbeidskrav og ferdigheitstrening, i tillegg til tradisjonell undervisningsaktivitet. Fleire læringselement i studiet, som til dømes kompetanse i samhandling og kommunikasjon, medvit om verdiar og haldningar til andre menneske, kan ein ikkje utan vidare tileigne seg berre ved sjølvstudium. Slik kompetanse er ferdigheiter som ein utviklar best i felles læringsmiljø.
Deltaking og arbeidskrav
Studiet er sett saman av fleire emne slik det går fram av emnetabellen. I dei fleste emne er det arbeidskrav som må vere oppfylte innanfor fastsett tid for å kunne framstille seg til eksamen. Enkelte undervisningselement har særskilte reglar for deltaking og nærvær.
Pensum
Pensum er ei ramme for omfanget av faglitteratur som studia skal innehalde og som det kan eksaminerast i til eksamen. Deler av pensum kan vere sjølvvalt og skal vere godkjent av instituttet.
Studieprogresjon
Studiet er eit integrert treårig profesjonsstudium sett saman av ni emne. Som hovudregel gjeld at ein må ha gjennomført og bestått eit emne før ein kan ta det neste emnet.
Vurdering og eksamen
Det er varierte vurderingsformer i studiet; frå skriftlege heimeoppgåver til skriftlege skuleeksamenar eller munnleg prøving. Det vil gå fram av den einskilde emneplanen kva vurderingsform som gjeld. Eksamen er elles regulert av «Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda». Det er eigne forskrifter og retningsliner for godkjenning av klientretta praksisstudium.
Emne | 2020 Haust | 2021 Vår | 2021 Haust | 2022 Vår | 2022 Haust | 2023 Vår |
---|---|---|---|---|---|---|
30 | ||||||
20 | ||||||
10 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
30 | ||||||
30 | ||||||
* | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
Sum (180 total) | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 |
Skikkavurdering foregår gjennom heile studiet og inngår i heilskapsvurdering av studenten sine faglege og personlege føresetnader for å fungere som profesjonsutøvar. Jf. Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning fastsett av Kunnskapsdepartementet 30. juni 2006 (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-06-30-859)
Praksisstudia er dei delane av utdanninga der studentane gjennom direkte kontakt med yrkesfeltet og brukarar av sosiale tenester får høve til å relatere teoretisk kunnskap til praktisk sosialfagleg arbeid, og få trening i praktisk yrkesutøving.
Praksisstudia er ein viktig del av yrkesrettinga i utdanningane, og Høgskulen i Volda har som mål å skape best mogleg samanheng og integrasjon mellom dei ulike læringsformene. I praksisstudia skal studenten få erfaring med å etablere kontakt, utgreie/undersøke, vurdere og ta avgjerder i samarbeid med dei som oppsøkjer hjelp. Vidare skal studenten delta i samarbeidsmøte og få kjennskap til tverrfagleg samarbeid på individ- og tjenestenivå. Studenten bør så langt det er mogleg få erfaringar frå to ulike praksisfelt. Forvaltningserfaring bør vere ein del av praksisstudia.
Praksis går føre seg i eksterne institusjonar/organisasjonar under rettleiing av erfarne profesjonsutøvarar og faglærarar. Studiet har to praksisperiodar med eit samla omfang på 20 veker. Praksis i andre semester omfattar fire veker på ein yrkesrelevant arena, der studenten kan observere og inngå i kommunikasjon og samhandling med kollegaer og brukarar av tenestene. Rettleia praksis i femte semester omfattar 16 veker i institusjonar eller organisasjonar der sosialt arbeid vert praktisert, og der samarbeid og samhandling med brukarar og andre profesjonar er sentralt.
Det blir gjennomført personlege intervju med alle studentar, og tildeling av praksisplass skjer ut frå vurdering av studenten sine faglege og personlege føresetnader.
I tredje semester kan studentar med karakternivå som tilsvarar C eller betre i gjennomsnitt første studieår studere ved internasjonale læreinstitusjonar som HVO har avtale med. I femte semester kan studentar søkje praksis ved utanlandske organisasjonar og institusjonar som HVO gjer samarbeidsavtale med.