Sosialt arbeid, barnevernspedagog - bachelor
Barnevernspedagogstudiet passar for deg som ønskjer å jobbe med barn, unge og deira familiar, og som samtidig er oppteken av samfunnsspørsmål og sosiale problem. Studiet gir deg kunnskap om korleis desse gruppene gjennom systematisk barnevernsfagleg arbeid kan hjelpast til å meistre ulike livsutfordringar på deira arena. Dette gjer barnevernspedagogen gjennom å analysere og vurdere samspelet mellom barn, familie og omgivnadar og setje i verk utviklingsfremmande tiltak på førebyggande og intervenerande nivå. Gjennom studieprogrammet skal studentane oppleve danning og utvikling av yrkesidentitet. Fullført studium kvalifiserer også for opptak på relevante mastergradsprogram.
Barnevernspedagogutdanninga har følgjande kompetanseområde:
Barn, unge og familiar
Dei fleste barn og unge veks opp i familiar. Å kjenne til ulike familiestrukturar, kjenneteikn ved barndom og utvikling, sosialisering og danning, men også problemstillingar knytt til normalitet, er derfor sentralt. Til dømes krev minoritetsperspektivet, herunder urfolks- og migrasjonsperspektiva, sensitivitet og ei opa og undersøkande innstilling til menneske med ulike sosiale identitetar og levesett. Barnevernspedagogen må derfor ha ferdigheiter i å kartlegge nettverk og identifisere ressursar, og eit syn på barn, unge og familiar som aktørar. Samtidig er det sentralt å kunne forstå korleis prosessar i samfunnet fører til at barn og familiar lever i risiko for marginalisering og ekskludering. Ein må kunne identifisere kjennteikn på ulike former for omsorgssvikt, funksjonsnedsetting og utviklingsforstyrring, og kva tiltak som kan vere til hjelp. Studiet legg derfor vekt på at studentane blir i stand til å reflektere kritisk over korleis barn og familiar har det i samfunnet, korleis deira livsvilkår kan beskyttast, og korleis barnevernspedagogen kan bidra til at deira stemmer blir høyrde også på samfunnsnivå.
Personleg kompetanse, samarbeids- og relasjonskompetanse
Å arbeide som barnevernspedagog vil seie å gi omsorg, formidle tenester og forsvare rettane til menneske med behov for hjelp, samtidig som rolla inneber å utøve sosial kontroll. Barnevernspedagogen sin personlege kunnskap, eigenskapar, haldningar og ferdigheiter utgjer derfor ein sentral del av barnevernspedagogen si profesjonsutøving. I utdanninga blir det lagt til rette for trening i å undersøke, lytte til og forsøke å forstå menneske sine ulike livssituasjonar i møte med hjelpeapparatet, og å ta med seg denne kunnskapen i eiga fagutvikling.
Forvaltningskompetanse
Barnevernsfagleg arbeid inneber å gi velferdstenester til barn og deira familiar. Tenestene utførast ofte i kommunalt og statleg barnevern, som barnevernstenester og barnevernsinstitusjonar, og kan innebere miljøterapeutisk arbeid, saksbehandling, å gi råd og rettleiing, økonomisk støtte eller gjere vedtak om avlasting og omsorgsovertaking. Det er viktig med kvalifiserte avgjerder, og i saker som gjeld omsorgsovertaking er det spesielt avgjerande med høg kvalitet og legitimitet. For å kunne ta vare på rettstryggleiken, må barnevernspedagogen ha kunnskap om dei strukturelle vilkåra for profesjonsutøvinga, herunder om velferdsstat, lover og rettar. Skriftlege kunnskapar og øving i å dokumentere og drøfte kunnskap og faglege, juridiske og etiske vurderingar er sentralt i studiet.
Analytisk kompetanse
Å ha analytisk kompetanse, å kunne gjere vurderingar og ta gode avgjerder, er nødvendig for godt barnevernsfagleg arbeid. Barnevernspedagogen skal arbeide systematisk og gjennom verksame arbeidsmåtar og metoder. Ein skal arbeide kunnskapsbasert gjennom å ta i bruk oppdatert forskings- og teoretisk kunnskap, brukarkunnskap og erfaringsbasert kunnskap i yrkeskonteksten. Samtidig møter barnevernspedagogen i si yrkesutøving komplekse situasjonar der kva som er verksam hjelp ikkje alltid er like tydeleg, og der det kan vere utfordrande å ta avgjerder. Utdanninga legg derfor opp til øvingar der studentane kan utvikle sine evner i etisk og kritisk refleksjon over forsking og praksis.
Tverrprofesjonell samhandlingskompetanse
Samarbeid på tvers av profesjonar og etatar er svært sentralt i barnevernsfagleg arbeid. Barnevernspedagogen må også kunne samarbeide med andre hjelpeinstansar til barnets og familiens beste. Barnevernspedagogen må ha kunnskap om andre tenester som det er nødvendig å samarbeide med for å betre situasjonen til barnet og/eller familien, og utvikle kompetanse i tverrprofesjonell samhandling. Delar av studiet er integrert med sosionomstudiet, og gir studentane øving i tverrprofesjonell samarbeidslæring.
Kunnskap om og kompetanse på desse områda vil bidra til å bygge den handlingskompetente barnevernspedagogen, som kan etablere og handtere relasjonar til barn, unge og deira familiar, og bidra til varig endring for utsette grupper.
Utdanninga er regulert av Forskrift om felles rammeplan for helse- og sosialfagutdanninger og Forskrift om nasjonal retningslinje for barnevernspedagogutdanning. I samsvar med denne skal studentane ha læringsutbytte etter fullført studieprogram innan fire kompetanseområde: 1) samfunn, oppvekst og familie, 2) barnevern og barnevernsfagleg arbeid, 3) yrkesrolle, etikk, samarbeid og innovasjon til det beste for barnet og 4) kritisk tenking og kunnskapsbasert praksis.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten:
- Har kunnskap om strukturelle rammevilkår og sosioøkonomiske faktorar som påverkar levekåra for grupper og enkeltindivid i samfunnet, og om kva som bidreg til god helse og inkludering
- Har kunnskap om barnevernet sitt samfunnsmandat, samarbeidspartnarar, ansvar og oppgåvefordeling i velferdsforvaltninga
- Har kunnskap om relevant juridisk metode og gjeldande norsk og internasjonal rett som er relevant for barnevernsfeltet, som FNs barnekonvensjon art 3, 12 og 30
- Har kunnskap om utfordringar blant urbefolkning- og minoritetsposisjonar i samfunn og oppvekstmiljø
- Har kunnskap om barns oppvekst i eit familie- og nettverksperspektiv, sosialisering, samspel, meistring og utviklingsstøttande omsorg, og om årsaker til og uttrykk for omsorgssvikt, vald og overgrep
- Har kunnskap om barnevernsfagleg og miljøterapeutisk arbeid på ulike arenaer for barn og unge, vurdering og forståelse av barnets beste, og om rus og psykisk helse som problemskapande samanhengar
- Har kunnskap om tverretatleg og tverrprofesjonelt samarbeid, kommunikasjon, konflikthandtering og samarbeid i eit mangfaldig samfunn
- Har kunnskap om vitskapsteori, samfunnsvitskapleg metode, forskingsetiske utfordringar og relevant forskings- og utviklingsarbeid
- Har kunnskap om profesjonsetikk, etiske verdiar, dilemma og problemstillingar i barnevernsfeltet
Studenten:
- Kan anvende fleirfagleg kunnskap frå forsking, kunnskapsbasert praksis, erfaring og kunnskap frå barn, unge og foreldre i yrkesutøvinga
- Kan anvende fagleg kunnskap og miljøterapeutisk kompetanse i møte med barn og unge i sårbare situasjonar, for å bygge relasjonar og samarbeide for å fremme meistring, inkludering og medverknad
- Kan anvende relevant lovverk, regelverk og generelle forvaltningsmessige prinsipp
- Kan utgreie barn og unge sin omsorgssituasjon og atferd, bruke skjønn og vurdere og ta vare på barns beste og barn og familiar sine rettar
- Kan reflektere kritisk om maktforhold, strukturelle rammevilkår og sosioøkonomiske faktorar som påverkar leveforholda til barn, unge og deira familiar og eiga yrkesrolle
- Kan arbeide forebyggande og helsefremjande, initiere og delta i tverrfagleg samarbeid
- Kan anvende kunnskap om kulturelt mangfald og vise kultursensitivitet i yrkesutøvinga
- Kan anvende fagleg kunnskap og skjønn på ein metodisk og vitskapleg måte for å planlegge og dokumentere barnevernsfagleg arbeid
- Kan anvende fagleg kunnskap og skjønn til å rettleie barn, unge og deira familie i lærings- meistrings- og endringsprosessar
Studenten:
- Kan analysere, planlegge, grunngi og gjennomføre barnevernsfagleg arbeid sjølvstendig og saman med andre på ein etisk og fagleg forsvarleg måte
- Kan planlegge, gjennomføre, dokumentere og evaluere tiltak og tenester med utgangspunkt i barnets beste, og møte barn, unge og familiar i vanskelege livssituasjonar med forståing og empati
- Kan etablere relasjonar og handtere etiske dilemma innan fagområdet og i eiga fagutøving
- Kan formidle og dokumentere faglege vurderingar både munnleg og skriftleg, og ha innsikt i eiga forforståing, haldningar og verdiar
Organiseringa av studiet byggjer på studie- og emneplanar, Forskrift om nasjonal retningslinje for barnevernspedagogutdanning § 16 om studiets oppbygging og Forskrift for opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda med tilhøyrande retningslinjer. Studentane har sjølve ansvar for å setje seg inn i studie- og emneplanar og gjeldande regelverk.
Læringsaktivitetar
Alle læringsaktivitetar er obligatoriske. Studieprogrammet er eit heiltidsstudium og det er forventa at studentane er fysisk til stades og aktivt deltakande i organiserte læringsaktivitetar. I det enkelte emne er det frammøtekrav og arbeidskrav som må vere oppfylte innanfor fastsett tid for å kunne framstille seg til eksamen, jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §§ 6-6 og 6-7. Alle arbeidskrav skal skrivast/gjennomførast på norsk. Det vert lagt vekt på varierte og studentaktive læringsformer, som til dømes studentstyrte seminar, gruppearbeid, skriftlege arbeid og ferdigheitstrening, i tillegg til tradisjonelle forelesingar. Delar av utdanninga har felles undervisningsopplegg med Bachelor i sosialt arbeid - sosionom.
Pensum
Pensum er ei ramme for omfanget av faglitteratur som studiet skal innehalde og som det kan eksaminerast i ved eksamen. Pensumliste knytt til kvart emne vert publisert på høgskulen sine nettsider.
Vurdering og eksamen
Det er varierte vurderingsformer i studiet; frå skriftlege heimeoppgåver til skriftlege skuleeksamenar eller munnleg prøving. Det vil gå fram av den einskilde emneplan kva vurderingsform som gjeld. Kandidaten vel sjølv om eksamenssvaret vert halde/skrive på norsk eller engelsk.
Studieprogresjon
Studiet er eit integrert treårig profesjonsstudium sett saman av fleire emne som byggjer på kvarandre. Forkrava til dei einskilde emna går fram av emneplanane.
Emne | 2025 Haust | 2026 Vår | 2026 Haust | 2027 Vår | 2027 Haust | 2028 Vår |
---|---|---|---|---|---|---|
10 | ||||||
20 | ||||||
10 | ||||||
20 | ||||||
* | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
30 | ||||||
30 | ||||||
* | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
Sum (180 total) | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 |
Skikkavurdering foregår gjennom heile studiet, og inngår i heilskapsvurdering av studenten sine faglege og personlege føresetnader for å fungere som profesjonsutøvar. Vi viser til Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning.
Barnevernspedagogutdanninga har to praksisperiodar med eit samla omfang på 20 veker, fordelt på fire veker i andre semester og 16 veker i femte semester. Desse er organisert i to praksisemne. Her skal studentane få høve til å relatere teoretisk kunnskap til praktisk barnevernsfagleg arbeid, og få trening i praktisk yrkesutøving under rettleiing av erfarne profesjonsutøvarar og kontaktlærarar. Studentane skal få erfaring med å etablere kontakt med barn og deira familiar, utgreie/undersøke, vurdere og ta avgjerder i barnevernssaker. Vidare skal studenten delta i samarbeidsmøte og få kjennskap til tverrfagleg samarbeid på individ- og systemnivå. Hovudvekta av praksisstudiua bør gjennomførast innanfor kommunalt og statleg barnevern. Praksis vert vurdert som stått/ikkje stått. Nærare informasjon om innhaldet i praksisstudia går fram av emneplanane.
Vi har lang tradisjon for internasjonal praksis i barnevernspedagogutdanninga, og legg vekt på at det globale perspektivet i undervising og praksisstudium skal komplementere kvarandre.
Vi viser til Forskrift om nasjonal retningslinje for barnevernspedagogutdanning § 17 om praksis, § 6-8 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda om praksis/praksisstudium, og Retningslinjer for praksisstudium ved utdanningane Bachelor i sosialt arbeid - sosionom og Bachelor i sosialt arbeid - barnevernspedagog ved Høgskulen i Volda.
I tredje semester kan studentar som har fullført 60 studiepoeng ved barnevernspedagogutdaninga før utreise, søkje om å få studere ved internasjonale læreinstitusjonar som HVO har avtale med.
I femte semester kan studentar søkje om praksis ved utanlandske organisasjonar og institusjonar som HVO gjer samarbeidsavtale med. Praksisplass i utlandet vert tildelt ut frå ei vurdering av studenten sine faglege og personlege føresetnadar.