Sosialt arbeid, barnevernspedagog - bachelor
Barnevernspedagogstudiet passar for deg som ønskjer å jobbe med barn, unge og deira familiar, og som samtidig er oppteken av samfunnsspørsmål og sosiale problem. Studiet gir deg kunnskap om korleis desse gruppene gjennom systematisk barnevernsfagleg arbeid kan hjelpast til å meistre ulike livsutfordringar på deira arena. Dette gjer barnevernspedagogen gjennom å analysere og vurdere samspelet mellom barn, familie og omgivnadar og setje i verk utviklingsfremmande tiltak på førebyggande og intervenerande nivå. Ein naturleg hovudkomponent i den faglege kompetansen til barnevernspedagogar er difor samhandling, som er kunnskap om og evne til å etablere og handtere relasjonar til menneske i vanskelege livssituasjonar. Den andre hovudkomponenten er kompetanse til å forstå korleis strukturar i samfunnet verkar inn på og formar det enkelte barnet og familien sine liv og ressursar, og å forstå korleis strukturar påverkar vilkåra for yrkesutøving. Synet på barn og barns medverknad er gjennomgåande i studiet. Gjennom studiet skal studentane oppleve danning og utvikling av yrkesidentitet.
Barnevernspedagogutdanninga byggjer på følgjande kompetanseområde:
Barn, unge og familiar
Barnevernspedagogen skal arbeide med barn, unge og deira familiar, der dei til ei kvar tid er. Barn og unge flest veks opp i familiar. Å kjenne til ulike familiestrukturar og faktorar for risiko og beskyttelse av deira livsvilkår er derfor sentralt. Problemstillingar som gjeld barndom og utvikling, sosialisering og danning er ein viktig del av dette, og femner alle arenaer der barn ferdast. Dette inneber også ferdigheiter i å kartlegge nettverk og identifisere ressursar, og eit syn på barn, unge og familiar som aktørar. Minoritetsperspektivet, med fokus på samer som urbefolkning, andre nasjonale minoritetar og menneske på flukt, men også andre minoritetar, krev vidare kultursensitivitet og ei opa og undersøkande innstilling til menneske med ulike sosiale identitetar.
Samtidig lever mange menneske i barnevernspedagogen sine målgrupper utsette liv. Derfor må barnevernspedagogen ha ei særleg forståing for barn, unge og familiar som er i vanskelege livssituasjonar, prosessar i samfunnet som fører til marginalisering og ekskludering, og arbeid med sosial inkludering og deltaking. Barnevernspedagogen skal ha evne til å fremje familiar sine interesser, også på systemnivå. Studiet legg vekt på at studentene blir i stand til å reflektere kritisk over korleis barn og familiar har det i samfunnet, og korleis barnevernspedagogen kan bidra til at deira stemmer blir høyrde.
Personleg kompetanse, samarbeids- og relasjonskompetanse
Menneske som kjem i kontakt med barnevernspedagogen er ofte i ein sårbar situasjon. Personleg kompetanse er ein kombinasjon av kunnskapar, eigenskapar, haldningar og ferdigheiter. Personleg kompetanse er viktig for utøving av godt barnevernsfagleg arbeid, fordi slik kompetanse til ei kvar tid spelar på lag med den profesjonelle kompetansen. I utdanninga blir det lagt til rette for utvikling av personleg kompetanse gjennom sjølvrefleksjonsprosessar og deltaking i refleksjonsgrupper.Å arbeide som barnevernspedagog vil seie å gi omsorg, formidle tenester og forsvare rettane til menneske med behov for hjelp, samtidig som rolla inneber å utøve sosial kontroll. Dette føreset at ein kan lytte til menneske og leve seg inn i ulike livssituasjonar. Å undersøke og prøve å forstå korleis andre menneske opplever møta med hjelpeapparatet, og ta den kunnskapen med seg i eiga fagutvikling, er viktig kompetanse som inneber å kunne oppnå tillit og etablere gode samarbeidsrelasjonar.
Forvaltningskompetanse
Barnevernsfagleg arbeid inneber å gi velferdstenester til barn og deira familiar. Barnevernspedagogen si hovudoppgåve er å beskytte barn i vanskelege situasjonar. Det er difor sentralt at barnevernspedagogen kan identifisere kjenneteikn på ulike former for omsorgssvikt, funksjonsnedsetting og utviklingsforstyrring. Tenestene utførast ofte i kommunalt og statleg barnevern, som barnevernstenester og barnevernsinstitusjonar, og kan innebere miljøterapeutisk arbeid, saksbehandling, å gi råd og rettleiing, økonomisk støtte eller gjere vedtak om avlasting og omsorgsovertaking. Det er viktig med kvalifiserte avgjerder, og i saker som gjeld omsorgsovertaking er det spesielt avgjerande med høg kvalitet og legitimitet. For å kunne ta vare på rettstryggleiken, må barnevernspedagogen ha kunnskap om lover, rettar og relevante ordninger. Skriftlege kunnskapar og øving i å dokumentere og drøfte informasjon og faglege, juridiske og etiske vurderingar er sentralt i studiet.
Analytisk kompetanse
Å ha analytisk kompetanse, kunne gjere gode vurderingar og ha god rolleforståing er nødvendig for å gjere godt barnevernsarbeid. Barnevernspedagogen skal arbeide systematisk og gjennom verksame arbeidsmåtar og metoder. Samtidig møter barnevernspedagogen i si yrkesutøving komplekse situasjonar der kva som er verksam hjelp ikkje alltid er like tydeleg, og der det kan vere utfordrande å ta avgjerder. Kunnskapsbasert praksis handlar om å ta i bruk forskings- og teoretisk kunnskap, brukarkunnskap og erfaringsbasert kunnskap i yrkeskonteksten. Dette krev eit godt oppøvd skjønn, og gode ferdigheiter i etisk og kritisk refleksjon. I utdanninga vert det difor lagt vekt på å øve opp analytiske ferdigheiter for å styrke vurderings- og avgjerdskompetansen gjennom praktiske øvingar. Fagteori, vitskapsteoretiske perspektiv, empiri, metodiske val, skjønnsutøving og etiske vurderingar inngår i desse øvigane. Barnevernspedagogen skal også ha evne til å oppdatere kunnskapen sin på fagområdet.
Tverrprofesjonell samhandlingskompetanse
Samarbeid på tvers av profesjonar og etatar er svært sentralt i barnevernsfagleg arbeid. Barnevernspedagogen må også kunne samarbeide med andre hjelpeinstansar til barnets beste. Barnevernspedagogen må ha kunnskap om andre tenester som det er nødvendig å samarbeide med for å betre situasjonen til barnet og/eller familien, og for å utvikle kompetanse i tverrprofesjonell samhandling. På den måten får studentane utvikle forståing for kor viktig samarbeid er for å løyse sosiale problem. Utdanninga er delvis integrert med Bachelor i sosialt arbeid – sosionom, noko som legg til rette for å gje studentane erfaringar med tverrprofesjonell samarbeidslæring.
Kunnskap om og kompetanse på desse områda vil bidra til å bygge den handlingskompetente barnevernspedagogen, som kan etablere og handtere relasjonar til barn, unge og deira familiar, og bidra til varig endring for utsette grupper.
Utdanninga er regulert av Forskrift om felles rammeplan for helse- og sosialfagutdanninger og Forskrift om nasjonal retningslinje for barnevernspedagogutdanning. I samsvar med denne skal studentane ha læringsutbytte etter fullført studieprogram innan fire kompetanseområde: 1) samfunn, oppvekst og familie, 2) barnevern og barnevernsfagleg arbeid, 3) yrkesrolle, etikk, samarbeid og innovasjon til det beste for barnet og 4) kritisk tenking og kunnskapsbasert praksis.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten:
- Har kunnskap om strukturelle rammevilkår og sosioøkonomiske faktorar som påverkar levekåra for grupper og enkeltindivid i samfunnet, og om kva som bidreg til god helse og inkludering
- Har kunnskap om barnevernet sitt samfunnsmandat, samarbeidspartnarar, ansvar og oppgåvefordeling i velferdsforvaltninga
- Har kunnskap om relevant juridisk metode og gjeldande norsk og internasjonal rett som er relevant for barnevernsfeltet, som FNs barnekonvensjon art 3, 12 og 30
- Har kunnskap om utfordringar blant urbefolkning- og minoritetsposisjonar i samfunn og oppvekstmiljø
- Har kunnskap om barns oppvekst i eit familie- og nettverksperspektiv, sosialisering, samspel, meistring og utviklingsstøttande omsorg, og om årsaker til og uttrykk for omsorgssvikt, vald og overgrep
- Har kunnskap om barnevernsfagleg og miljøterapeutisk arbeid på ulike arenaer for barn og unge, vurdering og forståelse av barnets beste, og om rus og psykisk helse som problemskapande samanhengar
- Har kunnskap om tverretatleg og tverrprofesjonelt samarbeid, kommunikasjon, konflikthandtering og samarbeid i eit mangfaldig samfunn
- Har kunnskap om vitskapsteori, samfunnsvitskapleg metode, forskingsetiske utfordringar og relevant forskings- og utviklingsarbeid
- Har kunnskap om profesjonsetikk, etiske verdiar, dilemma og problemstillingar i barnevernsfeltet
Studenten:
- Kan anvende fleirfagleg kunnskap frå forsking, kunnskapsbasert praksis, erfaring og kunnskap frå barn, unge og foreldre i yrkesutøvinga
- Kan anvende fagleg kunnskap og miljøterapeutisk kompetanse i møte med barn og unge i sårbare situasjonar, for å bygge relasjonar og samarbeide for å fremme meistring, inkludering og medverknad
- Kan anvende relevant lovverk, regelverk og generelle forvaltningsmessige prinsipp
- Kan utgreie barn og unge sin omsorgssituasjon og atferd, bruke skjønn og vurdere og ta vare på barns beste og barn og familiar sine rettar
- Kan reflektere kritisk om maktforhold, strukturelle rammevilkår og sosioøkonomiske faktorar som påverkar leveforholda til barn, unge og deira familiar og eiga yrkesrolle
- Kan arbeide forebyggande og helsefremjande, initiere og delta i tverrfagleg samarbeid
- Kan anvende kunnskap om kulturelt mangfald og vise kultursensitivitet i yrkesutøvinga
- Kan anvende fagleg kunnskap og skjønn på ein metodisk og vitskapleg måte for å planlegge og dokumentere barnevernsfagleg arbeid
- Kan anvende fagleg kunnskap og skjønn til å rettleie barn, unge og deira familie i lærings- meistrings- og endringsprosessar
Studenten:
- Kan analysere, planlegge, grunngi og gjennomføre barnevernsfagleg arbeid sjølvstendig og saman med andre på ein etisk og fagleg forsvarleg måte
- Kan planlegge, gjennomføre, dokumentere og evaluere tiltak og tenester med utgangspunkt i barnets beste, og møte barn, unge og familiar i vanskelege livssituasjonar med forståing og empati
- Kan etablere relasjonar og handtere etiske dilemma innan fagområdet og i eiga fagutøving
- Kan formidle og dokumentere faglege vurderingar både munnleg og skriftleg, og ha innsikt i eiga forforståing, haldningar og verdiar
Organiseringa av studiet byggjer på studie- og emneplanar, Forskrift om nasjonal retningslinje for barnevernspedagogutdanning § 16 om studiets oppbygging og Forskrift for opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda med tilhøyrande retningslinjer. Studentane har sjølve ansvar for å setje seg inn i studie- og emneplanar og gjeldande regelverk.
Læringsformer
Fleire læringselement i studiet, som til dømes kompetanse i samhandling og kommunikasjon, medvit om verdiar og haldningar til andre menneske, kan ein ikkje utan vidare tileigne seg berre ved sjølvstudium. Slik kompetanse er ferdigheiter som ein utviklar best gjennom nærvær i felles læringsmiljø. Det blir derfor lagt vekt på studentaktive arbeids- og læringsformer, som til dømes studentstyrte seminar, gruppearbeid, skriftlege arbeid og ferdigheitstrening, i tillegg til tradisjonell undervisningsaktivitet.
Deltaking og arbeidskrav
I dei fleste emna er det arbeidskrav som må vere oppfylte innanfor fastsett tid for å kunne framstille seg til eksamen. Vidare har enkelte undervisningselement særskilte reglar for deltaking og frammøte. Alle arbeidskrav skal skrivast/gjennomførast på norsk.
Pensum
Pensum er ei ramme for omfanget av faglitteratur som studiet skal innehalde og som det kan eksaminerast i ved eksamen. Pensumliste knytt til kvart emne vert publisert på høgskulen sine nettsider.
Vurdering og eksamen
Det er varierte vurderingsformer i studiet; frå skriftlege heimeoppgåver til skriftlege skuleeksamenar eller munnleg prøving. Det vil gå fram av den einskilde emneplan kva vurderingsform som gjeld. Studenten vel sjølv om eksamensbesvarelsen vert halde/skrive på norsk eller engelsk.
Studieprogresjon
Studiet er eit integrert treårig profesjonsstudium sett saman av fleire emne som byggjer på kvarandre. Forkrava til dei einskilde emna går fram av emneplanane.
Emne | 2023 Haust | 2024 Vår | 2024 Haust | 2025 Vår | 2025 Haust | 2026 Vår |
---|---|---|---|---|---|---|
10 | ||||||
20 | ||||||
10 | ||||||
20 | ||||||
* | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
30 | ||||||
30 | ||||||
* | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
Sum (180 total) | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 |
Skikkavurdering foregår gjennom heile studiet, og inngår i heilskapsvurdering av studenten sine faglege og personlege føresetnader for å fungere som profesjonsutøvar. Vi viser til Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning.
Barnevernspedagogutdanninga har to praksisperiodar med eit samla omfang på 20 veker, fordelt på fire veker i andre semester og 16 veker i femte semester. Desse er organisert i to praksisemne. Her skal studentane få høve til å relatere teoretisk kunnskap til praktisk barnevernsfagleg arbeid, og få trening i praktisk yrkesutøving under rettleiing av erfarne profesjonsutøvarar og kontaktlærarar. Studentane skal få erfaring med å etablere kontakt med barn og deira familiar, utgreie/undersøke, vurdere og ta avgjerder i barnevernssaker. Vidare skal studenten delta i samarbeidsmøte og få kjennskap til tverrfagleg samarbeid på individ- og systemnivå. Hovudvekta av praksisstudiua bør gjennomførast innanfor kommunalt og statleg barnevern. Praksis vert vurdert som stått/ikkje stått. Nærare informasjon om innhaldet i praksisstudia går fram av emneplanane.
Vi har lang tradisjon for internasjonal praksis i barnevernspedagogutdanninga, og legg vekt på at det globale perspektivet i undervising og praksisstudium skal komplementere kvarandre.
Vi viser til Forskrift om nasjonal retningslinje for barnevernspedagogutdanning § 17 om praksis, § 4-8 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda om praksis/praksisstudium, og Retningslinjer for praksisstudium ved utdanningane Bachelor i sosialt arbeid - sosionom og Bachelor i sosialt arbeid - barnevernspedagog ved Høgksulen i Volda.
I tredje semester kan studentar som har fullført 60 studiepoeng ved barnevernspedagogutdaninga før utreise, søkje om å få studere ved internasjonale læreinstitusjonar som HVO har avtale med.
I femte semester kan studentar søkje om praksis ved utanlandske organisasjonar og institusjonar som HVO gjer samarbeidsavtale med. Praksisplass i utlandet vert tildelt ut frå ei vurdering av studenten sine faglege og personlege føresetnadar.