See list of study plans starting on:

Sosialt arbeid – barnevernspedagog

Studieprogram: 
Sosialt arbeid, barnevernspedagog - bachelor
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
180
Studielengd: 
6 semester
Kull: 
2022
Studieplassar: 
60
Studietype: 
Bachelorgradsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Om studiet

Barnevernspedagogstudiet passar for deg som ønskjer å jobbe med barn, unge og deira familiar, og som samtidig er oppteken av samfunnsspørsmål og sosiale problem. Studiet gir deg kunnskap om korleis desse gruppene - på deira arenaer - kan hjelpast til å meistre ulike livsutfordringar.

Barnevernspedagogen sitt hovudfokus er barn, unge og deira familiar. Barnevernfagleg arbeid handlar om å analysere og vurdere samspelet mellom barn, familie og omgivnader, og å setje i verk utviklingsfremmande tiltak på førebyggande og intervenerande nivå. Ein naturleg hovudkomponent i den faglege kompetansen til barnevernspedagogar er difor samhandling, som er kunnskap om og evne til å etablere og handtere relasjonar til menneske i vanskelege livssituasjonar. Den andre hovudkomponenten er kompetanse til å forstå korleis strukturar i samfunnet verkar inn på og formar det enkelte barnet og familien sine liv og ressursar, og å forstå korleis strukturar påverkar vilkåra for yrkesutøving.

Den faglege profilen i barnevernspedagogutdanninga er retta mot familie, oppvekst og barnets beste. Miljøterapi, praktisk analytisk handlingskompetanse, beslutningsprosessar, omsorgsvurderingar og tiltak er sentrale element i utdanninga. Kunnskap om og kompetanse på desse områda vil bidra til å bygge den handlingskompetente barnevernspedagogen, som kan etablere og handtere relasjonar til barn, unge og deira familiar, og bidra til varig endring for utsette grupper.

Følgjande kompetanseområde er sentrale i barnevernspedagogutdanninga:
Oppvekst og familieliv
Barnevernspedagogen skal arbeide med barn, unge og deira familiar, der dei til ei kvar tid er. Barn og unge flest veks opp i familiar. Å kjenne til ulike familiestrukturar og faktorar for risiko og beskyttelse av deira livsvilkår er difor sentralt. Problemstillingar som gjeld barndom og utvikling, sosialisering og danning er ein viktig del av dette, og femner alle arenaer der barn ferdast. Mange menneske i barnevernspedagogen sine målgrupper lever utsette liv. Difor må barnevernspedagogen ha ei særleg forståing for barn, unge og familiar som er i vanskelege livssituasjonar.

Vern av barn og å legge til rette for deltaking og medverknad
Barnevernspdagogen si hovudoppgåve er å beskytte barn i vanskelege situasjonar. Ein sentral kompetanse er difor å kunne identifisere kjenneteikn på ulike former for omsorgssvikt, funksjonsnedsetting og utviklingsforstyrring. Barnevernspedagogen må ha evne til å ta barn sitt perspektiv, og sjå på og behandle barn som skapande subjekt, som skal ha innverknad på eige liv. Sentrale kompetanseområde er å ha respekt for barn og familie, kunne lytte til og samtale med barn, og ha vilje til å sikre barn medverknad i saker som gjeld dei sjølve. Barnevernspedagogen skal representere barns interesser også på systemnivå. Studiet legg vekt på at studentane blir i stand til å reflektere kritisk over korleis barn har det i samfunnet, og korleis barnevernspedagogen kan bidra til at barna sine stemmer blir høyrde i samfunnet.

Forvaltningskompetanse
Barnevernsfagleg arbeid inneber å gi velferdstenester til barn og deira familiar. Tenestene kan vere å gi råd og rettleiing, økonomisk støtte eller gjere vedtak om avlasting og omsorgsovertaking. Det er viktig med kvalifiserte avgjerder i alle vedtak. I saker som gjeld omsorgsovertaking er det spesielt avgjerande med høg kvalitet og legitimitet. For å kunne ta vare på rettstryggleiken, må barnevernspedagogen ha kunnskap om lover, rettar og relevante ordningar. Å ha analytisk kompetanse, kunne gjere gode vurderingar og ha god rolleforståing er nødvendig for å gjere godt barnevernsarbeid. 

Samarbeids- og relasjonskompetanse
Å arbeide som barnevernspedagog vil seie å gi omsorg, formidle tenester og forsvare rettane til menneske med behov for hjelp, samtidig som rolla inneber å utøve sosial kontroll. Dette føreset at ein kan lytte til menneske og leve seg inn i ulike livssituasjonar. Å undersøke og prøve å forstå korleis andre menneske opplever møta med hjelpeapparatet, og ta den kunnskapen med seg i eiga fagutvikling, er viktig kompetanse. Slik kompetanse inneber å kunne oppnå tillit og etablere gode samarbeidsrelasjonar. Barnevernspedagogen må også kunne samarbeide med andre hjelpeinstansar til barnets beste.

Personleg kompetanse, kritisk refleksjon og sjølvrefleksjon
Personleg kompetanse er ein kombinasjon av kunnskapar, eigenskapar, haldningar og ferdigheiter. Personleg kompetanse er viktig for utøving av godt barnevernsfagleg arbeid, fordi slik kompetanse til ei kvar tid spelar på lag med den profesjonelle kompetansen. I utdanninga blir det lagt til rette for utvikling av personleg kompetanse gjennom sjølvrefleksjonsprosessar og deltaking i refleksjonsgrupper.

Praktisk analytisk kompetanse og kunnskapsbasert praksis
Barnevernspedagogen skal arbeide systematisk og gjennom verksame arbeidsmåtar og metoder. Samtidig møter barnevernspedagogen i si yrkesutøving komplekse situasjonar der kva som er verksam hjelp ikkje er like tydeleg, og der det kan vere utfordrande å ta avgjerder. Kunnskapsbasert praksis handlar om å ta i bruk forskings- og teoretisk kunnskap, brukarkunnskap og erfaringsbasert kunnskap i yrkeskonteksten. Dette krevjar eit godt oppøvd skjønn, og gode ferdigheiter i etisk og kritisk refleksjon. I utdanninga vert det difor lagt vekt på å øve opp analytiske ferdigheiter for å styrke vurderings- og avgjerdskompetansen gjennom praktiske øvingar. Fagteori, vitskapsteoretiske perspektiv, empiri, metodiske val, skjønnsutøving og etiske vurderingar inngår i desse øvigane. Barnevernspedagogen skal også ha evne til å oppdatere kunnskapen sin på fagområdet.

Tverrprofesjonell samhandlingskompetanse 
Barnevernspedagogen må ha kunnskap om andre tenester som det er nødvendig å samarbeide med for å betre situasjonen til barnet og/eller familien, og for å utvikle kompetanse i tverrprofesjonell samhandling. Utdanninga er delvis integrert med Bachelor i sosialt arbeid – sosionom, noko som legg til rette for å gje studentane erfaringar med tverrprofesjonell samarbeidslæring. Studentane tek elles del i tverrprofesjonelle prosjekt, der andre velferdsprofesjonar er med. På den måten får studentane utvikla forståing for kor viktig samarbeid er for å løyse sosiale problem.

Internasjonalisering og kultursensitivitet
Internasjonalisering og mangfald er sentralt i barnevernspedagogutdanninga. Globale prosessar, som migrasjon og flukt, har gjort Noreg til eit meir samansett og fleirkulturelt samfunn, som har skapt nye utfordringar for barnevernspedagogar. Det globale perspektivet, utvikling av kultursensitivitet og ei opa og undersøkande innstilling til menneske med ulike sosiale identitetar, er difor sentrale tema i utdanninga. Global forståing og kulturell kompetanse kan også utviklast gjennom studentutveksling og klientpraksis i utlandet.

Nasjonale føringar

Utdanninga er regulert av Forskrift om felles rammeplan for helse- og sosialfagutdanninger. Vidare er utdanninga regulert av Forskrift om nasjonal retningslinje for barnevernspedagogutdanning, og i samsvar med denne skal studentane ha læringsutbytte etter fullført studieprogram innan fire kompetanseområde: 1) samfunn, oppvekst og familie, 2) barnevern og barnevernsfagleg arbeid, 3) yrkesrolle, etikk, samarbeid og innovasjon til det beste for barnet og 4) kritisk tenking og kunnskapsbasert praksis.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

 

Kunnskapar

Studentane skal ha kunnskap om:

  • strukturelle rammevilkår og sosioøkonomiske faktorar som påverkar levekåra for grupper og enkeltindivid i samfunnet, og om kva som bidreg til god helse og inkludering
  • barnevernet sitt samfunnsmandat, samarbeidspartnarar, ansvar og oppgåvefordeling i velferdsforvaltninga
  • relevant juridisk metode og gjeldande norsk og internasjonal rett som er relevant for barnevernsfeltet, som FNs barnekonvensjon art 3, 12 og 30 
  • utfordringar blant urbefolkning- og minoritetsposisjonar i samfunn og oppvekstmiljø
  • barns oppvekst i eit familie- og nettverksperspektiv, sosialisering, samspel, meistring og utviklingsstøttande omsorg, og om årsaker til og uttrykk for omsorgssvikt, vald og overgrep
  • barnevernsfagleg og miljøterapeutisk arbeid på ulike arenaer for barn og unge, vurdering og forståelse av barnets beste, og om rus og psykisk helse som problemskapande samanhengar
  • tverretatleg og tverrprofesjonelt samarbeid, kommunikasjon, konflikthandtering og samarbeid i eit mangfaldig samfunn 
  • vitskapsteori, samfunnsvitskapleg metode, forskingsetiske utfordringar og relevant forskings- og utviklingsarbeid
  • profesjonsetikk, etiske verdiar, dilemma og problemstillingar i barnevernsfeltet
Ferdigheiter

Studentane skal ha ferdigheiter i:

  • å bruke fleirfagleg kunnskap frå forsking, kunnskapsbasert praksis, erfaring og kunnskap frå barn, unge og foreldre i yrkesutøvinga
  • å bruke fagleg kunnskap og miljøterapeutisk kompetanse i møte med barn og unge i sårbare situasjonar, for å bygge relasjonar og samarbeide for å fremme meistring, inkludering og medverknad
  • å bruke relevant lovverk, regelverk og generelle forvaltningsmessige prinsipp
  • å utgreie barn og unge sin omsorgssituasjon og atferd, bruke skjønn og vurdere og ta vare på barns beste og barn og familiar sine rettar
  • å reflektere kritisk om maktforhold, strukturelle rammevilkår og sosioøkonomiske faktorar som påverkar leveforholda til barn, unge og deira familiar og eiga yrkesrolle 
  • å arbeide forebyggande og helsefremjande, initiere og delta i tverrfagleg samarbeid
  • å bruke kunnskap om kulturelt mangfald og vise kultursensitivitet i yrkesutøvinga
  • å bruke fagleg kunnskap og skjønn på ein metodisk og vitskapleg måte for å planlegge og dokumentere barnevernsfagleg arbeid
  • å bruke fagleg kunnskap og skjønn til å rettleie barn, unge og deira familie i lærings- meistrings- og endringsprosessar
Generell kompetanse

Studentane skal kunne:

  • analysere, planlegge, grunngi og gjennomføre barnevernsfagleg arbeid sjølvstendig og saman med andre på ein etisk og fagleg forsvarleg måte
  • planlegge, gjennomføre, dokumentere og evaluere tiltak og tenester med utgangspunkt i barnets beste, og møte barn, unge og familiar i vanskelege livssituasjonar med forståing og empati
  • etablere relasjonar og handtere etiske dilemma innan fagområdet og i eiga fagutøving
  • formidle og dokumentere faglege vurderingar både munnleg og skriftleg, og ha innsikt i eiga forforståing, haldningar og verdiar
Organisering og arbeidsmåtar

Organiseringa av studiet byggjer på studie- og emneplanar, Forskrift om nasjonal retningslinje for barnevernspedagogutdanning § 16 om studiets oppbygging og Forskrift for opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda med tilhøyrande retningslinjer. Studentane har sjølve ansvar for å setje seg inn i studie- og emneplanar og gjeldande regelverk.

Læringsformer
Det blir lagt vekt på studentaktive arbeids- og læringsformer, som til dømes studentstyrte seminar, gruppearbeid, skriftlege arbeidskrav og ferdigheitstrening, i tillegg til tradisjonell undervisningsaktivitet. Fleire læringselement i studiet, som til dømes kompetanse i samhandling og kommunikasjon, medvit om verdiar og haldningar til andre menneske, kan ein ikkje utan vidare tileigne seg berre ved sjølvstudium. Slik kompetanse er ferdigheiter som ein utviklar best i felles læringsmiljø.

Deltaking og arbeidskrav
Studiet er sett saman av fleire emne, slik det går fram av emnetabellen. I dei fleste emna er det arbeidskrav som må vere oppfylte innanfor fastsett tid for å kunne framstille seg til eksamen. Vidare har enkelte undervisningselement særskilte reglar for deltaking og nærvær. Alle arbeidskrav skal skrivast/gjennomførast på norsk.

Pensum
Pensum er ei ramme for omfanget av faglitteratur som studiet skal innehalde og som det kan eksaminerast i ved eksamen. Deler av pensum kan vere sjølvvalt og skal vere godkjent av instituttet.

Vurdering og eksamen
Det er varierte vurderingsformer i studiet; frå skriftlege heimeoppgåver til skriftlege skuleeksamenar eller munnleg prøving. Det vil gå fram av den einskilde emneplan kva vurderingsform som gjeld. Studenten vel sjølv om eksamensbesvarelsen vert skrive på norsk eller engelsk.

Studieprogresjon
Studiet er eit integrert treårig profesjonsstudium sett saman av fleire emne som byggjer på kvarandre. Forkrava til dei einskilde emna går fram av emneplanane.

Krav om skikkavurdering og autorisasjon

Skikkavurdering foregår gjennom heile studiet, og inngår i heilskapsvurdering av studenten sine faglege og personlege føresetnader for å fungere som profesjonsutøvar. Jf. Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning.

Praksis

Praksisstudia er dei delane av utdanninga der studentane gjennom direkte kontakt med yrkesfeltet og får høve til å relatere teoretisk kunnskap til praktisk barnevernsfagleg arbeid, og få trening i praktisk yrkesutøving. Praksisstudia er ein viktig del av yrkesrettinga i utdanningane, og Høgskulen i Volda har som mål å skape best mogleg samanheng og integrasjon mellom dei ulike læringsformene. Praksis går føre seg i eksterne institusjonar/organisasjonar under rettleiing av erfarne profesjonsutøvarar og faglærarar.

Studiet har to praksisperiodar med eit samla omfang på 20 veker, fordelt på fire veker i andre semester og 16 veker i femte semester. Hovudvekta av prakssistudia bør gjennomførast innanfor kommunalt og statleg barnevern. I praksisstudia skal studentane få erfaring med å etablere kontakt med barn og deira familiar, utgreie/undersøke, vurdere og ta avgjerder i barnevernssaker. Vidare skal studenten delta i samarbeidsmøte og få kjennskap til tverrfagleg samarbeid på individ- og systemnivå.

Vi viser til Forskrift om nasjonal retningslinje for barnevernspedagogutdanning § 17 om praksis. Nærare informasjon om praksis går fram av emneplanane. For vurdering og godkjenning av praksis gjeld "Retningsliner for praksis ved utdanningane Bachelor i sosialt arbeid sosionom og Bachelor i sosialt arbeid barnevernspedagog ved Høgskulen i Volda".

Internasjonalisering

I tredje semester kan studentar som har fullført 60 studiepoeng ved barnevernspedagogutdaninga før utreise, søkje om å få studere ved internasjonale læreinstitusjonar som HVO har avtale med.

I femte semester kan studentar søkje om praksis ved utanlandske organisasjonar og institusjonar som HVO gjer samarbeidsavtale med. Praksisplass i utlandet vert tildelt ut frå ei vurdering av studenten sine faglege og personlege føresetnadar. 

 

Ansvarleg
Betina Haug Olson, betina.haug.olson@hivolda.no tlf. 70 07 54 69