Sosialt arbeid – barnevernspedagog
Barnevernspedagogen sin kompetanse er retta inn mot barn og unge sin familiesituasjon og nærmiljø. Oppgåvene omfattar både førebyggjande- og klientretta arbeid, sakshandsaming og oppfølging. I arbeidet sitt skal barnevernspedagogen leggje til rette for gode oppvekstvilkår gjennom omsorg og oppseding, og behandling ved spesielle høve. Barnevernspedagogen har eit ansvar for å ha barnet og den unge i fokus i arbeidet sitt, og til å rette arbeidet mot familie og miljøet elles.
Barnevernspedagogens arbeid vert utøvd både i og utanfor institusjonar, hovudsakleg innanfor kommunale og statlege tenester. Dei fleste barnevernspedagogar arbeider i institusjonar og ved barnevern-/Nav-kontor. Nokre arbeider også med førebyggande arbeid, i psykiatri- og rusfeltet, og i skule- og oppvekstsektoren.
Ved barnevernspedagogstudiet i Volda vert følgjande kompetansar og perspektiv sett som særleg sentrale utviklingsområde:
Studenten si innlevingsevne og relasjonskompetanse
Å arbeide som sosialarbeidar inneber å utøve omsorg, formidle tenester og forsvare rettane til brukarane, samtidig som rolla som sosialarbeidar innebærer å utøve sosial kontroll over andre menneske. Dette føreset at ein kan leve seg inn i brukaren sin livssituasjon og oppleving av hjelpeapparatet, kan etablere tillitsfulle relasjonar og samhandle med brukar og andre. For å kunne vere med å betre livsvilkår for brukarar, må sosialarbeidarar også ha kompetanse i tverrprofesjonell samhandling.
Solidarisk heilskapsperspektiv
Sosialt arbeid er verdibaserte handlingar. I møte med brukarar som på grunn av ulike hindringar ikkje vil vere i stand til, eller ha vanskar med å realisere sine menneskelege behov, treng sosialarbeidaren ei heilskapleg forståing av mennesket sin livssituasjon fysisk, psykisk, sosialt, materielt og kulturelt. Sosialarbeidaren skal gi bidrag til at den einskilde skal kunne kome over eller kompensere for slike hindringar, frigjere ressursar og utløyse meistringsevne, noko som også inneber evne til etisk refleksjon. Etikk vert tematisert i alle semestera i studiet.
Førebyggande perspektiv
Førebygging er eit generelt perspektiv som er relevant i dei fleste yrkesposisjonar og overfor dei fleste arbeidsoppgåver som sosialarbeidaren står overfor. Førebyggande tiltak kan rette seg mot individ, gruppe, organisasjon, og kan hindre at problem og vanskar oppstår, held seg ved like eller vert utvikla vidare.
Forvaltningskompetanse
Sosialarbeidaren forvaltar og formidlar samfunnsmessige ressursar. Til dette trengs kjennskap til ordningar og rettar, og evne til å forvalte desse med sosialfagleg kompetanse og godt skjønn i samsvar med gjeldande regelverk.
Analytisk kompetanse
I sosialt arbeid står sosialarbeidarar overfor komplekse tilhøve og problemstillingar i møte med sårbare menneske. Dette inneber at ein i yrkesutøvinga må sjå kvar situasjon for seg, samstundes som ein legg eit heilskapsperspektiv til grunn. Sosialarbeidarar treng både faktiske kunnskapar og kompetanse til å kunne analysere situasjonar som grunnlag for val av handlingar.
Studiet kvalifiserer for relevante vidareutdanningar og mastergradsstudium.
Studieplan for barnevernspedagutdanning er regulert av rammeplan og forskrift, fastsett av KUF 28.01.1999, seinare regulert 01.12.2005 av Utdannings- og forskningsdepartementet, med heimel i lov av 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studentane skal ha:
- kunnskap om og forståing for korleis samfunnsmessige strukturar og prosessar skaper og vedlikeheld sosiale problem
- kunnskap og forståing for barn og unges utvikling og læring, og kva som fremjer og hemmer gode oppvekstvilkår
- kunnskap om sosiale og psykososiale problem for barn, unge og deira pårørande
- kunnskap om generelle forvaltningsmessige prinsipp, kjenne lover som omhandlar barn og unge
- kunnskap om fleirkulturelle oppvekstmiljø
- kjennskap til hovudmål og verkemiddel i barne-, ungdoms- og familiepolitikken
- oversikt over hjelpeapparat og tenesteområde
Studentane skal:
- utføre saksbehandling som ivaretar barn og unges behov og rettigheter
- vurdere kritisk hovedmål og virkemidler i barne-, ungdoms- og familiepolitikken, og kan virke som premissleverandør for avgjerder i hjelpeapparatet og overfor politiske myndigheiter og andre samfunnsaktørar
- anvende kunnskap om hjelpeordningar i arbeidet med å redusere barn og unges sosiale problem i samarbeid og samhandling med brukarar/klientar og andre yrkesgrupper
- planlegge, iverksetje og evaluere tiltak for å betre og sikre barn og unges livsvilkår - i samarbeid og samhandling med dei det gjeld
- arbeide fagleg i barn og unge sitt daglege miljø, inkludert ulike institusjonar der barn og unge oppheld seg
- arbeide i relasjonar prega av krysspress og interessemotsetnadar og handtere konflikter med fokus på barn og unge sine interesser
- arbeide med menneske med ulik virkeligheitsoppfatning og ha evne til yrkesutøving i fleirkulturelle kontekster
Studentane skal:
- kunne møte barn og unge og deira pårørande med respekt og empati, og sjå respekt og likeverd som grunnleggende føresetnadar for yrkesutøving
- kunne vere solidarisk med menneske som befinn seg i ein utsett marginal posisjon når det gjeld livsvilkår og livskvalitet, ha kompetanse til å synliggjere og fremje deira rettar og interesser, og evne til å samarbeide med dei
- kunne ta utgangspunkt i brukarar sine behov i sitt arbeid, og kunne planlegge og organisere tiltak i samarbeid med dei menneske det gjeld
- kunne bidra til åleine eller gjennom tverrprfesjonell samhandling slik at den som treng hjelp frå barnevernstenester, helse- og sosialsektoren og spesialisthelsetenesta får eit eigna tilbod
- ha kunnskap om organisasjonens plass i samfunnet og eigen plass i organisasjonen
- ha kunnskap om andre yrkesgrupper, og vurdere eigen og andre sin kompetanse i konkrete samhandlings- og samarbeidssituasjonar
- kunne delta i fagleg utviklingsarbeid, ta i bruk nye arbeidsmåtar som følgje av forsking og anna fagleg innovasjon
- ha forståing for verdien av eigen personleg og fagleg vidareutvikling
- kunne reflektere over og grunngje si verksemd i forhold til overordna faglege og etiske perspektiv, og kunne sjå si eiga yrkesrolle i eit kritisk lys
- kunne dokumentere, kvalitetsutvikle og evaluere sitt arbeid
Organiseringa av studiet byggjer på dei faglege planane og Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda med tilhøyrande retningslinjer. Studentane har sjølve ansvar for å setje seg inn i studie- og emneplaner og gjeldande regelverk.
Felles studieprofil - samhandlingskompetanse
Høgskulen i Volda utdannar både barnevernspedagogar og sosionomar. Gjennom ein felles studieprofil og stor grad av felles undervisningsaktivitet får sosialarbeidarstudenten eit felles utgangspunkt for kunnskap og identifikasjon. Dette gjer at studentane får kjennskap til kvarandre sin særlege kompetanse, og gir grunnlag for større fokus på tverrfagleg og tverrprofesjonell samhandling.
Studentaktive læringsformer
Det blir lagt vekt på studentaktive arbeids- og læringsformer, som til dømes studentstyrte seminar, gruppearbeid, skriftlege arbeidskrav og ferdigheitstrening, i tillegg til tradisjonell undervisningsaktivitet.
Fleire læringselement i studiet, som til dømes kompetanse i samhandling og kommunikasjon, medvit om verdiar og haldningar til andre menneske, kan ein ikkje utan vidare tileigne seg berre ved sjølvstudium. Slik kompetanse utviklar ein best i felles læringsmiljø. Det er eigne reglar om nærvær, sjå under.
Deltaking og arbeidskrav
Studiet er sett saman av fleire emne slik det går fram av emnetabellen. I alle emne er det arbeidskrav som må vere oppfylte innanfor fastsett tid for å kunne framstille seg til eksamen. For dei fleste emna gjeld at eit særskild arbeidskrav (pensumprøve eller liknande) fell bort dersom studenten kan dokumentere minimum 80% frammøte til undervisningsaktivitetar. Enkelte undervisningselement kan ha særskilte deltakings- og nærværsreglar.
Pensum
Pensum er ei ramme for omfanget av faglitteratur som studia skal innehalde og som det kan eksaminerast i til eksamen. Pensum går fram av kvart emne sin semesterplan. Samla pensum er om lag 10.000 sider, fordelt på tre studieår. Deler av pensum kan vere sjølvvalt og skal vere godkjent av instituttet.
Studieprogresjon
Studiet er eit integrert 3-årig profesjonsstudium sett saman av sju emne. Som hovudregel gjeld at ein må ha gjennomført og bestått eit emne før ein kan ta det neste emnet.
Om vurdering og eksamen
Det er varierte vurderingsformer i studiet; frå skriftlege heimeoppgåver til skriftlege skuleeksamenar eller munnleg prøving. Det vil gå fram av den einskilde emneplan kva vurderingsform som er knytt til det einskilde emnet. Eksamen er elles regulert av "Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda".
Det er krav om obligatorisk frammøte til delar av studiet. Det vil gå fram av emneplaner kva som er obligatorisk.
Det er eigne forskrifter og retningsliner for godkjenning av klientretta praksisstudium og prosjektpraksis.
Emne | 2017 Haust | 2018 Vår | 2018 Haust | 2019 Vår | 2019 Haust | 2020 Vår |
---|---|---|---|---|---|---|
30 | ||||||
30 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
30 | ||||||
30 | ||||||
30 | ||||||
Sum (180 total) | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 |
Skikkavurdering av alle studentane skal foregå gjennom heile studiet og skal inngå i ein heilskapsvurdering av studenten sine faglege og personlege føresetnader for å kunne fungere som sosialpersonell. Jf. Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning fastsett av Kunnskapsdepartementet 30. juni 2006 med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler (universitets- og høyskoleloven) § 4-10 sjette ledd (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-06-30-859)
Praksisstudia er dei delane av utdanninga der studentane gjennom direkte kontakt med yrkesfeltet og brukarar av sosialfaglege tenester, skal få høve til både å kunne relatere dei teoretiske kunnskapane til praktisk sosialt arbeid, og få trening i praktisk yrkesutøving. Høgskulen har som mål å skape best mogleg samanheng og integrasjon mellom dei ulike læringsformene. I den samanheng vil det vere aktuelt å prøve ut ulike praksisformer.
Praksisstudia er ein viktig del av yrkesrettinga i utdanningane. Praksisstudia går i hovudsak føre seg i tilknyting til eksterne institusjonar/organisasjonar/nærmiljø under rettleiing av faglærarar og erfarne sosialarbeidarar. I studiet er det fleire praksiselement som i hovudsak vert avslutta med presentasjonsseminar. Praksisperiodane har eit samla omfang på om lag 20 veker.
Feltstudie - studentane skal i fleire semester gjere seg kjende med praksisfeltet gjennom t.d. ekskursjonar, observasjonar, arbeid med særskilte problemstillingar knytte til feltet og liknande.
Prosjektpraksis – i tredje semester skal studentar arbeide gruppevis med undersøking av ei problemstilling som tek utgangspunkt i utvalde tema til no i studiet, og som er relevant i forhold til yrkesfeltet.
Klientretta praksisstudium – i femte semester skal studentane ha rettleia praksis i eksterne institusjonar der sosialt arbeid vert praktisert, og der samarbeid og samhandling med klientar/brukarar og andre profesjonar er sentralt.
I tredje semester kan studentar studere ved internasjonale læreinstitusjonar og ha prosjektarbeid i utlandet. I femte semester kan studentar ut frå faglege og personlege føresetnader ha klientretta praksisstudium ved utanlandske organisasjonar og institusjonar som HVO gjer samarbeidsavtale med. Studentar som skal ha klientretta praksisstudium i utlandet må ha gode språkkunnskapar og ha eit karakternivå som tilsvarer C eller betre i gjennomsnitt hittil i studiet.
Det kan bli arrangert studieturar og ekskursjonar, der studentane er aktivt med i planleggingsprosessen.
Studieprogrammet skal verte systematisk evaluert ved at studentar evaluerer kvart emne individuelt og i evalueringsseminar. Det skal også vere jamlege møte i fagutval der tillitsvalde studentar frå barnevernspedagogstudiet og sosionomstudiet frå dei ulike emna møter ansvarlege ved instituttet.
Instituttet har eigne retningsliner for kvalitetssikring.