Alliansen fekk nei – Høgskulen i tenkeboksen

Tekst: Johann Roppen

- Oppdatert

Rektor Johann Roppen ved Høgskulen i Volda er overraska over at Kunnskapsdepartementet ikkje har sett potensialet i eit friviljug samarbeid mellom tre gode høgskular. - Vi må no drøfte situasjonen grundig i leiinga og i høgskulestyret, både for å vurdere  brevet og det vidare arbeidet i strukturprosessen, seier Roppen. – Eg er sikker på at vi vil finne gode løysingar for Høgskulen i Volda i det nye høgskulelandskapet, seier Roppen.

 Dei tilsette på Høgskulen i Volda er inviterte til allmøte onsdag 10. februar kl 14.15 der status i strukturprosessen vil bli drøfta. Neste ordinære styremøte ved Høgskulen i Volda er 10. mars.

Brevet frå KD (pdf-fil).

Del på