Kriseøving: Slik er du best førebudd om noko skjer

Tekst: Line Lauvsnes Oddekalv , Foto: Line Lauvsnes Oddekalv


Kunnskap og erfaring kan vere med på å gjere ei krise eller andre uønska hendingar mindre alvorlege. Høgskulen i Volda er ein av institusjonane som nyttar sikresiden.no til å auke medvit, gi opplæring og råd.  


Nyleg hadde kriseleiinga og øvrige tilsette ved Høgskulen i Volda ei øving med temaet PLIVO på agendaen. PLIVO står for «pågående livstruende vold», og er eit omgrep nytta om mellom anna skuleskyting. 

- Sjølv om ein gjerne ikkje trur dette skal skje oss, er det likevel livsviktig å vere førebudd, var eit av hovudbodskapa kurshaldar Kenneth Nilsen, tryggleiksansvarleg ved Universitetet i Oslo, delte med dei HVO-tilsette. Også representantar frå politiet og Volda kommune deltok på kriseøvinga. 



Sikresiden.no med lokale varslingsnummer

Kurshaldaren oppmoda om å øve, å lære og sette seg inn i kva tryggleikstiltak ein kan gjere i ulike situasjonar. – Det handlar om å forebygge for å unngå at noko skal skje. Oppstår ein uønska situasjon av ulik art, handlar det vidare om å minimere skadene, forklara Nilsen. Dette prinsippet gjeld i alt frå flaum til ulukker eller valdsepisodar. 

Ei viktig kjelde for Høgskulen i Volda til denne type kunnskap, er sikresiden.no.

Dette er ein webapp med opplæring og råd om kva du skal gjere i krisesituasjonar. Løysinga er spesielt tilpassa studentar og tilsette på universitet og høgskular. Lokalt naudnummer er tilgjengeleg, og informasjonen er både på norsk og engelsk. HVO er ein av om lag 30 institusjonar i Noreg som nyttar seg av sikresiden.no.

 


- Lag snarveg på mobilen

- Vi oppmodar alle studentar og tilsette om å lage ein snarveg på mobilen til sikresiden.no, og å sette seg inn i den informasjonen som er tilgjengeleg der, seier direktør ved HVO, Karen Lomeland Jacobsen. 

Framover vil det også kome tilbod om e-læring på temaet. 
 


Det er fagpersonar frå UiO, UiB, OsloMet, (HiOA), UiT, NTNU, HSN og UNINETT som står bak innhaldet på sikresiden.no. Dei har også samarbeidd med ei rekkje ressursar frå Politiet, Helsedirektoratet, Nasjonal kompetansetjeneste for traumatologi, De nasjonale Forskningsetiske komiteene, NSM, Overgrepsmottaket i Oslo, Lykkepromille, UiS, HVL og NMBU.
 

Del på