Ny opera frå komponist Magnar Åm

Tekst: Per Arne Brandal , Foto: pab

- Oppdatert

Under Dei nynorske festspela i juni 2018 vert det urpremiere på operaen «Kimen» av Magnar Åm, professor II ved Høgskulen i Volda. – Oppsetjinga er eit samarbeid mellom lokale regissør- og scenografkrefter, lokale kor og musikarar i alle aldrar og store nasjonale, profesjonelle aktørar, seier komponisten.

«Kimen» er den andre operaen Magnar Åm har skrive som baserer seg på romanar av Tarjei Vesaas. I 2014 hadde «Is-slottet» urpremiere i Esbjerg i Danmark.

– Arbeidet med «Is-slottet» var til stor inspirasjon og gav meg lyst til å skrive ein til, og kanskje vert det ein tredje. Det var for eksempel flott å oppleve kor godt Vesaas sin nynorsk fungerer i operasamanheng, seier Åm.

Operaen, som skal urpremiere i Propellhallen i Volda torsdag 7. juni, er bygd på romanen «Kimen» av Tarjei Vesaas. Boka vart skriven ved utbrotet av den andre verdskrigen. Handlinga er lagt seg på ei lita grøn øy der garden Li blir sentrum for hendingane. Ein ukjend mann, Andreas Vest, kjem til øya. Ingen veit kven han er, og folket på øya er skeptisk til han.Så skjer det eit drap. Og med dette byrjar ei nådelaus jakt på den ukjende mannen. Alle har ei formeining om kva som har skjedd – og kva som bør gjerast.

Kimen-hus
Enkle, men talande kulissar.

Før Kimen var Tarjei Vesaas kjend for å skrive realistiske romanar og noveller. Men med denne boka skjer eit stilskifte i forfattarskapen, der han tek steget over i allegorien, blir meir særeigen og finn si stemme innanfor det ein kanskje kan kalle symbolsk modernisme. I dag ragar Kimen som ein av dei verkeleg store Vesaas-romanane.

– Eg synest «Kimen» er aktuell i vår tid. I urolege tider er det lett å gå etter dei framande, seier Åm.

Oppsetjinga er eit samarbeid mellom lokale regissør- og scenografkrefter, lokale kor og musikarar i alle aldrar og store nasjonale, profesjonelle aktørar.

– På denne måten vonar vi å sveise saman entusiastiske kulturaktørar frå heile Sunnmøre og kanskje inspirere til nye framtidige opera- og musikarstjerner, seier komponist Magnar Åm før han må vende merksemda mot ein ny lastebil som kjem med kulissar til oppsetjinga.

Lastebil
Travle tider for komponist Magnar Åm. Mange detaljar som skal på plass.

Regissør er Jiri Nagy og scenograf Kristof Asbot frå Opera Nordfjord.

På lista over aktørar står Telemark Kammerorkester, Ålesund strykekvartett, Indre strøk ungdomsstrykeorkester, Volda Vokal, Ørstakoret, Volda og Ørsta korskule og ei lokal ungdomsdansegruppe. Solistar er Karen Rosenberg Olsen, Magne Fremmerlid, Eivind Kandal, Thomas Røshol, Ingeborg Fangel Mo, Ragnhild Engeset, Louise Engeseth og Karina Holkestad.

Propellhallen

Meir om Magnar Åm.

Magnar Åm og Sunnmøre kammermusikkfestival.

Musikkutdanningar ved Høgskulen i Volda.

Tags

Del på