Sentralisering og skulenedlegging i Europa

Tekst: Per Arne Brandal

Professor Rune Kvalsund bidrar med eit kapittel i boka Educational Research and Schooling in Rural Europe. An Enganement with Changing Patterns of Education, Space and Place som samanliknar endringar i bygdeskular og lokalsamfunn i aust- og vesteuropeiske land.

– Sentralisering og skulenedlegging har vore eit tydleg trekk ved endringane av norske utkantar i lang tid. Dette er ikkje noko som er karakteristisk berre for den norske situasjonen men også i andre vestlege og ikkje minst austlege land, seier professor Rune Kvalsund som peikar på at ein i  denne boka får førstehands omtalar og forklaringar av politiske endringar dei siste femti åra på den europeiske landsbygda.

Rune Kvalsund
Professor Kvalsund har skrive
eit innleiande perspektivkapittel
med tittelen Rural Schools in
an Iron Cage. Words for
the reader.

– Endringane omfattar frigjeringa av dei baltiske og austeuropeiske statane frå kommunistisk og sovjetisk dominans, den økonomiske krisa i eurosona og den pågåande migrasjonen der folk frå til dømes Midtausten rømmer frå krig, forfølging og fattigdom. Dette skjer innanfor den globale konkurranseutsette økonomien der akademiske prestasjonar i abstrakte skulefag blir sett på som kriterium for økonomisk suksess. Det blir gjerne vist til globale endringskrefter. Skulenedlegging i rurale delar av aust-europeiske land er lite omtalte i vestleg forskingslitteratur om skule og utdanning. Sentrum-periferi og global-lokal er relevante dimensjonar for å forstå.  Tusenvis av bygdeskular og barn er fanga i negative straumen av endring, seier Kvalsund.

Skular blir endra og lagde ned

– Forskinga som er formidla i denne boka avdekkjer underrapporterte konsekvensar som er ovanfrå-og-ned styrte og urbant orienterte. Dette påverkar stad og lokalsamfunn der barn og unge veks opp, seier Kvalsund.

I boka gir samfunnsforskarar frå ulike fagfelt i 11 europeiske land (Austerrike, England, Finland, Italia, Nederland, Noreg og Spania) inklusive land frå den tidlegare sovjetiske blokka (Tsjekkia, Ungarn, Polen og Serbia), innsikt og forklaringar. Forskinga som denne boka formidlar har sitt opphav i forskingsnettverket European Educational Research Association (EERA).

Meir om boka

Boka har fire delar. Omgrepsfesting av det europesike rurale romet, dernest mønsterendringar i utdanning, rom og stad i ulike land. I den tredje delen blir teoretiske perspektiv utvikla og utvida vidare. Den siste delen samanfattar og viser vegar vidare for denne forskinga.

Redaktørar er Cath Gristy (University of Plymouth), Linda Hargreaves (University of Cambridge) og Silvie. R. Kucerova (Jan Evangelista Purkyne University in Usti nad Labem, Czechia.

Boka  er eit bind i serien Current Research in Rural and Regional Eduication på Forlaget IAP, Information Age Publishing.

 

Del på