Blanda tilbakemelding frå NOKUT

NOKUT-komitane har kome med sine første vurderingar av Høgskulen i Voldas søknad om akkreditering av dei nye femårige grunnskulelærarutdanningane (1-7 og 5-10) og det står att mykje arbeid.

NOKUT-komiteane har vurdert det overordna læringsutbytet som tilfredsstillande og vidare vurdert blant anna planane for praksis, internasjonalisering og studentutveksling som gode. Fagmiljøa sine samarbeid og nettverk, nasjonalt og internasjonalt er også vurdert som tilfredsstillande. På mange andre punkt må høgskulen  kome tilbake til NOKUT med meir informasjon og nye løysingar. Blant anna må høgskulen levere pensumlister for ca 90 emneplanar. Konklusjonen så langt er at det er mykje arbeid å gjere for Høgskulen i Volda fram til neste NOKUT-frist i november. Heile søknadsprosessen skal vere avslutta i januar 2017 og det blir tett dialog mellom høgskulen og NOKUT i tida framover. 

Sjå også: Rekordmykje papir til styremøte (7. september 2016)

Del på: