DNA som verktøy i slektsgransking

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

─ Slektsgransking er i nær slekt med lokalhistorie, som i stor grad er tverrfagleg orientert. Difor er det heilt naturleg at slektsgranskarar prøver å utnytte den relativt nye kunnskapen ein har om DNA, sa foredragshaldar Gunnar Sigve Aurdal. 

f71cd5173842d995521bced450f4458c
Gunnar Sigve Arudal fortel tilskodarane om dei forskjellige haplogruppene for Y-DNA.

For første gang er DNA og slektsgransking tema under Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda. Aurdal er lektor i musikk ved Volda vidaregåande og har eit år med historie i frå Høgskulen i Volda. Han er også ein av administratorane for Norgesprosjektet eller The Norway DNA Project, som er eit DNA-prosjekt innanfor Family Tree DNA/Genographic. Prosjektet tar sikte på å samle flest mogeleg  av norske testarar, kartlegge haplogrupper i Noreg, vise resultatlister for Y-DNA og mtDNA for norske linjer og være eit bindeledd mellom slektsgransking og DNA-testing.
 

c2da23fc170277dc83daa803a26304c3
Førsteamanuensis i historie ved HVO Arnfinn Kjelland tar ein autosomal DNA-test. Kjelland underviser også i nettstudiet Slektsgransking, som tar for seg tradisjonell slektsgransking. 

Det er mogeleg å ta fire ulike DNA-testar. Menn kan ta ein Y-DNA-test som testar den direkte farslinja, og kvinner kan til dømes teste ein bror eller ein onkel. Både kvinner og menn kan teste sitt mitokondrielle DNA (mtDNA) som testar morslinja. Både son og dotter arvar mtDNA, men berre dottera kan føre det vidare til neste generasjon. Gjennom ein Y-DNA-test eller ein mtDNA-test kan ein bli plassert i ei gruppe der alle har same stamfar eller stammor, kalla haplogruppe. Ei ny haplogruppe oppstår når det skjer ein mutasjon i DNA-et, og denne mutasjonen er heilt nødvendig for å kunne nytte DNA i slektsgransking. Ein kan også ta ein autosomal DNA-test, også kalla family finder. Arvemateriale ein finn i denne testen kan vere frå kven som helst av forfedrene våre. Ein kan også ta ein X-DNA-test, men det er dei tre første som har størst nytteverdi i slektsgransking.

Del på