Endra pålogging i SAP-portalen
Frå 25.9.2014 vil pålogging til SAP-portalen gå til ein ny URL. Årsaka til endringa er at DFØ (Direktoratet for økonomiforvaltning) tek i bruk ny løysing for pålogging, som vil gi ei pålogging for mange av DFØ sine system. Dei tilsette som kun brukar SAP-portalen vil ikkje merke endringa på anna måte enn at pålogging no skjer til ny URL. Endringa vil gjelde for administrativt tilsette som registrerer både arbeidstid og fråvær, og for fagleg tilsette i samband med registrering av fråvær.