Er spent og har store forventningar til møtet med HISF

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

173416062534c0b5876121d1ddbb7f15

Vegen vidare i struktursaka stod på dagsorden då høgskulestyret ved Høgskulen i Volda var samla til eit omframt styremøte onsdag 24. februar. Etter at Kunnskapsdepartementet gav tommelen ned for alliansemodellen med høgskulane i Molde og Lillehammer ser ein no etter andre løysingar.

Eit samrøystes styre gjorde følgjande vedtak:

1)  Styret for HVO går inn for å halde felles styreseminar med Høgskulen i Sogn og Fjordane 10. mars 2016.

2) Etter styreseminaret tek styret stilling til vidare framdriftsplan i struktursaka.

3) Styret viser til sitt tidligare vedtak om at leiinga ved HVO vidarefører dialogen med Universitetet i Bergen om forpliktande fagleg samarbeid og set i verk tiltak for å realisere dette.

4) Styret ved HVO oppmodar administrasjonen om å ta nærare kontakt med Kunnskapsdepartementet for å avklare handlingsrommet til HVO i struktursaka.

Håper på viktig informasjon

Rektor Johann Roppen vart utfordra på å konkretisere korleis han ser for seg eit felles styreseminar med Høgskulen i Sogn og Fjordane, som skal finne stad på Hotel Alexandra i Loen 10. mars. Han orienterte at det vil vere eigne styremøte for dei to høgskulane i tillegg til plenumsmøte. Planen er også at både administrative og faglege tilsette ved begge høgskular skal delta.

– Høgskulen i Sogn og Fjordane er den næraste lærarutdanninga for oss og vi har hatt ulike faglege samarbeid i mange år. Uansett resultat i strukturprosessen, trur eg vi og Høgskulen i Sogn og Fjordane – særleg dei i Sogndal – vil ha glede av å samarbeide med kvarandre. Det eg har sett og høyrt frå Høgskulen i Sogn og Fjordane er at det mange der som er interessert i eit samarbeid med Volda. Dei som er mest interessert har adresse Sogndal, mens dei som held til i Førde er langt mindre interessert og at dei har større interesse av eit samarbeid med Høgskolen i Bergen, seier Roppen og legg til at Sogndal står langt nærare Volda fagleg sett enn det Førde gjer.

– Eg ser fram til å høyre om kor tungt dragninga mot sør frå Førde veg og det same med dragninga mot nord frå Sogndal. Det skal bli interessant å få dette på bordet. Eg er svært spent og har store forventingar til møtet med dei, medgjev Roppen.

HISF er samstundes i dialog med Høgskolen i Bergen og Høgskolen Stord/Haugesund, der sei ser på moglegheitene for ein felles høgskule på Vestlandet. Dei samtalane har ikkje HVO vore med i.

– Dei har starta sonderingar om ein profesjonshøgskule. På det felles styreseminaret kan vi få informasjon frå Høgskulen i Sogn og Fjordane om korleis ein slik prosess går føre seg, det trur eg dei kan gi oss på en betre måte enn andre aktørar etter som dei står midt oppi det. Eg håper vi får fleire svar om forholdet mellom oss og dei, profesjonshøgskulen, men også om sjølvstende som eit alternativ, seier Roppen.

KOntakt med departementet og lærarutdanninga

Punkt fire i vedtaket frå høgskulestyret kom etter forslag frå styremedlem Terje Heggem. Roppen informerte at leiinga ved HVO ikkje har vore i kontakt med Kunnskapsdepartementet etter at dei sa nei til alliansemodellen. Før styremøtet 10. mars skal leiinga ved HVO snakke med departementet om handlingsrommet høgskulen har i struktursaka og leggje det fram for styret.

I starten av møtet onsdag orienterte Arne Myklebust, dekan ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, om dei nye krava for å få godkjent grunnskulelærarutdanning. Han refererte til møtet NOKUT arrangerte 16. februar. Sjølv om alt ikkje er på plass enno, la Myklebust fram tal for styret som han meiner viser at HVO kan klare å drifte grunnskulelærarutdanninga aleine.

Del på