«Frå abstrakt til presentasjon til publisering»

Kontaktgruppa for Pedagogikk, fagdidaktikk og leiing i UH Nett Vest arrangerte i samarbeid med Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning seminaret «Frå abstrakt til presentasjon til publisering» 6. mai på Hotell Ivar Aasen i Ørsta.

dc0629c52137771162a331823c1bde726eb9a3eb
Frå venstre professor Kari Smith, Universitetet i Bergen, førsteamanuensis Frode Haara, Høgskulen i Sogn og Fjordane og førstelektor Bente Vatne, Høgskulen i Volda. Det var deltakarar frå både Høgskulen i Bergen, Norsk lærerakademi , Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskulen i Volda.

Professor Kari Smith (leiar av kontaktgruppa) innleidde om Spenningsfeltet mellom undervisning, forsking og publisering i lærarutdanningane. Ho fokuserte mellom anna på at krava til publisering går opp og at tid til forsking går ned. Førstelektor Bente Vatne føredrog om prosessen ved skriving og innsending av abstrakt, erfaringar ved presentasjon av paper på internasjonal konferanse og arbeidet med artikkelskriving i etterkant. Deltakarane fekk høve til å forfatte abstrakt ut frå eige forskingstema. Professor Frode Rønning, NTNU, tidlegare redaktør av tidsskriftet FoU i praksis, avslutta seminaret med tema Rutiner og kvalitetskriterier ved vurdering av vitskaplige artikler. I tillegg til å snakke om rutinar ved innsending og reviewprosessen,  la han vekt på krav til aksepterte artiklar og manglar ved artiklar som ikkje vert aksepterte.

I kontaktgruppa for Pedagogikk, fagdidaktikk og leiing i UH nett Vest sit professor Kari Smith, UiB, (leiar), førsteamanuensis Knut Steinar Engelsen, HSH, professor Torolf Krüger, HiB, førsteamanuensis Tom Are Trippestad, HiB, førsteamanuensis Frode Haara, HiSF og førstelektor Bente Vatne, HVO.

Tekst: Bente Vatne

Del på: