Gode kritikkar for «Romans and Romantics»

Tekst: Webmaster Volda

Romans and Romantics blir omtalt som den første omfattande diskusjonen om forholdet mellom romantikken og den romerske antikken. I kritikken står det mellom anna at

Ein viktig, om urovekkande, lærdom vi får frå boka er at vi til ei viss grad må avlære ei rekke av dei djuptsittande oppfatningane om romantikken og den romerske antikken som har sive inn i kvardagens diskurs.

─ Vi fekk ein god kritikk, og det er veldig viktig for oss. Det er ikkje ofte bøker blir anmeldte der. TLS blir lest av mange innanfor forskjellige fagfelt, og ein kritikk der betyr at det er fleire som er interesserte i boka, seier Saunders.

Eit av essaya til Saunders blir i kritikken framheva som særskilt viktig og originalt. Han er ein av fire redaktørar av boka som har engelske, norske, amerikanske og italienske forfattarar.

MØTE MELLOM ROMARANE OG ROMANTIKARANE

Romans and Romantics omhandlar møtepunkt mellom det klassiske Roma og dei romantiske forfattarane på 1800-talet.

– Vi ville sjå på kva forhold dei romantiske forfattarane, inkludert norske Henrik Wergeland, hadde til dei gamle romerske forfattarane. Begge desse gruppene er populære i klassisk litteratur, men det er ingen som tidlegare har sett på forholdet mellom desse, fortalde Saunders i eit tidlegare intervju.

Les meir om Romans and Romantics

Del på