HMS-dag 15. oktober

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

For å sikre at tilsette har kjennskap til og kunnskap om rutine knytt til  helse, miljø og sikkerheit på arbeidsplassen inviterer vi alle tilsette til denne formiddagen som kulminerer i ein lett lunsj og ordskifte.

Høgskulen i Volda har endelig fått på plass HMS-handbok for alle tilsette.

I HMS-handboka kan du på ein enkel måte finne ut korleis spørsmål knytt til helse, miljø og sikkerheit skal handsamast, og ikkje minst kva som er viktig dersom du vert sjuk.

HMS-dagen er ein del av den interne opplæringa for tilsette.

Alle Høgskular skal ha ein beredskapsplan for å sikre at alle veit kva som skal gjerast dersom om ei krise oppstår.

Du vil få informasjon om lokal beredskapsplan og korleis dette vedkjem deg.

Program:

* Lansering av HMS-handboka på www.hivolda.no

* Premiere på film frå beredskapsøving i regi av AMF

* Arbeidet med beredskapsplan ved høgskulen

* Utdeling av HMS-prisen


Aasen-auditoriet kl. 0900-1200

Del på