HMS-prisen gjekk til Alf Roger Djupvik

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

29361455dd68f046af722fbf91aedd08Frå treninga 7. juni 2007: Bak frå venstre: Knut Gjengedal, Frank, Erik Fooladi, Fred Igland og Alf Roger Djupvik. Framme frå venstre: Hans Jacob Orning, Jens Johan Hyvik og Sveinung Dimmen. Foto: Lubna Makhoul.

Alf Roger Djupvik blei tildelt HMS-prisen 2013 for mangeårig miljøfremjande innsats gjennom bedriftsfotballen. Prisen er 5000 kr til fagleg oppdatering.

─ Du har i mange år vore primus motor og sjølve organisatoren for HVO sin bedriftsfotball. Tiltaket er i tillegg til å vere helse- og miljøfremjande, avdelingsovergripande og samlar deltakarar frå begge kjønn, sa Kjøde jr.  

Tor Johan Ekeland, omtalt som ein av veteranane innanfor bedriftsfotballen, mottok i dag prisen på vegne av Djupvik.

─ Bedriftsfotballen er ikkje eit HMS-tiltak. Det er eit tiltak for å ha det kjekt, som også har HMS-verknadar.

Bedriftsfotballen er open for alle, og har som regel treningar torsdag kl 15 i Idrettsbygget. 

Del på