Med påhalden penn?

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

I kva grad deltok allmugen i 1814? Var folket aktive aktørar i 1814, eller bidrog dei med cf26866932dde2b5f7340e554e5c8a00«påhalden penn», som er omgrepet som blir nytta om nokon som skriv under for andre? Og, korleis prega dei politiske hendingane gjennom dette året periferien, områda utanfor det sentrale Austlandet, og vice versa? Dette er spørsmål som forfattarane av artikkelsamlinga Med påhalden penn? 1814 sett frå Nordvestlandet og Telemark har forsøkt å svare på. Med utgangspunkt i Telemark og Nordvestlandet (Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane) drøftar tolv forfattarar hendingane i 1814 på lokalt og regionalt nivå.

Boka er eit resultat av eit samarbeidsprosjekt mellom Høgskulen i Telemark, Høgskulen i Volda og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Boka er redigert av Oddmund Løkensgard Hoel (HSF), Jens Johan Hyvik (HIT) og Harald Krøvel (HVO).

Under lanseringa vil Harald Krøvel først leggje fram nokre hovudresultat av prosjektet, før to av forfattarane gjev ein presentasjon av sitt arbeid med tematikken.

Tidspunkt: Måndag 16. juni, kl. 14.15

Stad: BK159 (vesle auditoriet)

Program:

14.15: Harald Krøvel: Med påhalden penn? 1814 sett frå Nordvestlandet og Telemark

14.45: Jon Tvinnereim Kongetruskap og patriotisme i Nordfjord og på Sunnmøre

15.15: Oddbjørn Melle. Demokrati-synergi:’Folkesouverænitets-principet’ møter den ‘låge         danninga’.

Seminaret vert arrangert i samarbeid med Historisk foreining (Hifo) – Nordvestlandet.

Del på