Ny innsikt om Ibsen og Bjørnson

Tekst: Webmaster Volda

65c2cf449f38b6d255378c28c3f889453523c688


«DOMESTICATING IBSEN FOR ITALY»

Domesticating Ibsen for Italy er ein publikasjon basert på doktoravhandlinga til D'Amico. Den omhandla kva marknadsføringsmekanismar som vart sett i gang og kva endringar tekstane gjennomgikk då dei ble introdusert i Italia tidleg på 1890-talet. I boka har D’Amico studert Ibsen sine første italienske agentar og omsettingane dei produserte.

D'Amico skal halde foredraget «Ibsen i italiensk språkdrakt» under Forskingsdagane ved HiVolda 24.september og vil mellom anna vise døme frå omsettingane.

«DEN ENGASJERTE KOSMOPOLITT»

D'Amico har interessert seg for dei norske litterære klassikarane sidan han studerte norsk litteratur i Italia. Det var der han først blei introdusert for Ibsen, men han leste også Bjørnson samstundes. Han meiner at Bjørnson ikkje har fått den plassen han fortener i norsk litteraturhistorie.

─ Bjørnson har alltid vore litt i skuggen av Ibsen, og vi har gått glipp av mykje bra han har produsert. Det er ikkje mykje nyare litteratur om Bjørnson i forhold til kor mykje han har skrive, og vi håpar at Den engasjerte kosmopolitt kan bidra til å revitalisere Bjørnson som litterært forskingsfelt.

Boka, som D’Amico har redigert i lag med forskarar frå Universitetet i Oslo, Nasjonalbiblioteket og Høgskulen i Telemark, inneheld artiklar om Bjørnson sitt liv, verk og aktualitet, og har ei stor spennvidde.

SØKER NYE UTFORDRINGAR

Ibsen og Bjørnson er det D'Amico har forska mest på, og desse utgivingane er difor ganske representative for hans forsking hittil. Vidare tenker han i andre baner og ønskjer å utvide forskingsområdet sitt med å fokusere på samtidslitteratur. 

Del på