Pål Aam har disputert
Fredag ettermiddag 1. mars kunne Pål Aam pusta letta ut etter vel gjennomført disputas ved NTNU på avhandlinga Fjernsynsforskaren - fra kritikar til innovatør.
Sentrale personar i disputasen. Frå venstre: Professor Gunnar Liestøl (1. opponent), prodekan Bjørn Kåre Myskja (NTNU), Pål Aam, lektor Ida Willig (2. opponent) og Svein Høier (3. opponent). Foto: Johann Roppen.
Både prøveførelesing og sjølve disputasen vart gjennomført på ein god måte, og Aam kan no kalle seg doktor designatus fram til han får det skriflege provet frå NTNU på at han har kvalifisert seg for PhD graden.
Høgskulen i Volda var representert på disputasen ved rektor Per Halse, visedekan på Avdeling for mediefag Ingvar Elgesem og Johann Roppen som var prosjektleiar for SHP-prosjektet "Journalistikk i endring" som Aams stipendiatstilling var tilknytta.
I sin tale til doktoranden framheva Halse det mangeårige gode samarbeidet mellom Høgskulen i Volda og NTNU, og peika på at det i vår er heile tre Volda-disputasar i Trondheim.
Glad doktor designatus og rettleiarar: Medrettleiar Lars Nyre (Universitetet i Bergen), Pål Aam og hovudrettleiar Bjørn Sørensen (NTNU). Foto: Johann Roppen.
Hovudrettleiar Bjørn Sørensen er professor II ved Avdeling for mediefag og underviser blant anna på mastergradsstudet i Dokumentar og journalistikk der Pål Aam er fagleg koordinator.
Medrettleiar på prosjektet har vore professor Lars Nyre ved Universitetet i Bergen, institutt for Informasjons- og medievitskap. Nyre har også vore stipendiat ved Høgskulen i Volda og tilknytt det same SHP-prosjektet.
Les meir om Pål Aams doktorgradsprosjekt
Pressebilete (alle foto Johann Roppen):