Rapport om ungdom på Sunnmøre

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

fadb7e05652629b3452e9083a6ef8c6b
Johann Roppen (til venstre) og Lars Jørgen Vik har skrive rapporten «Ung på Sunnmøre 2013».

Ca 1.700 ungdomsskule- og vidaregåande elevar i seks kommunar på Sunnmøre har svara på spørsmål om familie, skule og fritid gjennom den nasjonale spørjeundersøkinga Ungdata. Ungdommane svarte på spørsmåla gjennom eit webskjema i løpet av ein skuletime, og forskarane Lars Jørgen Vik og Johann Roppen ved Høgskulen i Volda har skrive den første rapporten frå undersøkinga for seks kommunar på Sunnmøre. Det var ungdom frå Giske, Hareid, Sande, Vanylven, Ørsta og Volda som var med i første runde av undersøkinga. Rapporten har eit særleg fokus på idrett og fysisk aktivitet.

Dei første resultata frå undersøkinga tyder på at det er store skilnader mellom dei aktuelle kommunane når det gjeld ungdomanes deltaking i idrettsaktivitetar og kulturelle aktivitetar, og også når det gjeld trivsel på skulen og bruk av rusmiddel.

Rapporten og datamaterialet har vorte stilt gratis tilgjengeleg for kommunane som deltek i undersøkinga slik at det kan nyttast i lokal samfunnsplanlegging. Forskarar og masterstudentar ved Høgskulen i Volda og Møreforsking vil også kunne nytte materialet i forskingsprosjekt.

Ungdata er ei nasjonal undersøking som vert utført av NOVA, Norsk Institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring. Særskilt for Møre og Romsdal vart det laga eit eige sett av spørsmål som særleg gjekk på idrett og fysisk aktivitet, og dette skjedde i eit samarbeid mellom Møre og Romsdal Fylkeskommune, Sunnmøre Fotballkrets, KORUS (Kompetansesenter for Rus Midt-Noreg) og Høgskulen i Volda.

Rapporten er gratis tilgjengeleg på nettsidene til Høgskulen i Volda:

Nr. 45: Ung på Sunnmøre 2013. Lars Jørgen Vik og Johann Roppen.
 

Pressebilde: INFO_FOTO_TILSETTE_JOHANN_ROPPEN_OG_LARS_JORGEN_VIK_RGB_ANN_KARENE_RASMUSSEN_2014_01.JPG

Del på