Samarbeider om direktesende førelesingar
Fredag fekk studentar ved fire ulike høgskular følgje same førelesning.
Høgskulen i Volda har saman med høgskulane i Sogndal, Stord/Haugesund og Norsk lærerakedemi i Bergen utvikla fjernundervisning i Norsk 2 for lærarstudentar. Samarbeidet mellom desse fire høgskulane skjer under paraplyen UH-nett Vest, eit samarbeid mellom universitet og høgskular på Vestlandet mellom Stord og Volda.
– Fagleg samarbeid og bruk av ny teknologi gjer at vi no kan tilby Norsk 2 ved studiestader som i utgangspunktet ikkje har mange nok studentar til å kunne ha norsk som fagval. Med dette pilotprosjektet ønskjer vi å hauste erfaringar som seinare kan kome andre fagmiljø til gode, fortel Hamre.
KLAR FOR UNDERVISNING: Dei vel 20 lærarstudentane ved Høgskulen i Volda gir her klarsignal til dagens førelesar, Ingunn Flatøy, lærar ved Høgskulen i Stord/Haugesund.
Stolt over tilbodet
Bakgrunnen for samarbeidet er at den tidlegare allmennlærarutdanninga no er erstatta av to grunnskulelærarutdanningar: Grunnskulelærarutdanning for klassetrinna 1-7 og Grunnskulelærarutdanning for klassetrinna 5-10. For høgskulane gjer denne delinga det vanskeleg å tilby valfridom knytt til studentane sine fagval og skulane sine behov i regionen. Samarbeidet gir også faglege gevinstar.
– Når fire fagmiljø er involverte, blir det lettare å finne faglege ressurspersonar på dei ulike emna i studiet. Det gjer at studentane heile tida møter faglege ressurspersonar som underviser i «sine» fagemne, seier Hamre.