Skrivestipend tildelt tilsette ved HVO

Tekst: Webmaster Volda

736e22c9d0091be83254ec205f99ecaa68240ec4
MARDØLA-AKSJONEN

Høgskulelektor Marit Wadsten ved Nynorsksenteret har fått sju månadars skrivestipend frå NFF til eit bokprosjekt om Mardøla-aksjonen. Aksjonen er ein av verdas første og største aksjonar der det er blitt nytta sivil ulydighet. Naturverninteresser og akademiske interesser gjekk saman med grunneigarar om vern av Mardalsfossen. Wadsten har god kjennskap til aksjonen og har skrive litt om den tidlegare.

─ Eg har lokal forankring og var som tiåring med på aksjonen. Eg har slik eit personleg forhold til det eg skal skrive om, seier Wadsten.

e2bd4d7982d56e63d95dbd21f792f1031bf52d54
ARNE GARBORG

Professor ved institutt for sosialfag Jan Inge Sørbø, er tildelt åtte månadar skrivestipend til eit bokprosjekt om Arne Garborg. 

─ Dette er eit stort prosjekt som eg tek til med frå årsskiftet, seier Sørbø.

 Sørbø var Wadsten sin lærar på masterstudiet i nynorsk skriftkultur.

Del på