Vil jobbe med arbeidsmiljøet på ein ny måte
Høgskulen i Volda tek i bruk eit heilt nytt opplegg for å utvikle arbeidsmiljøet i ønska retning.
Av Per Straume.
Tysdag presenterte Kirsti G. Undebakke frå NTNU ARK (Arbeidsmiljø- og klimaundersøkelser) for leiarar, verneombod og tillitsvalde ved HVO. Det var startskotet for det nye opplegget høgskulen sett i gong for å kartlegge arbeidsmiljøet.
Grundig prosess
Tidlegare har dette vore gjennomført gjennom bedriftshelsetenesta. No har ei prosjektgruppe ved HVO etter ei heilskapleg vurdering kome fram til at ARK – som er spesialtilpassa for høgskule- og universitetssektoren – er det beste alternativet for høgskulen.
– Før kunne vi samanlikne oss med andre bedrifter som brukte den same bedriftshelsetenesta. Men no kan vi måle oss mot andre i sektoren og sjå korleis vi ligg an. Vi vil utvikle arbeidsmiljøet i ønska retning, og denne modellen har eg forventningar til, seier personaldirektør ved HVO Nina Garshol.
Tysdag fekk dei frammøtte ein gjennomgang av bakgrunnen for heile ARK og blei forklart om korleis verktøyet er bygd opp. I tillegg fekk dei forklart korleis prosessen skal gå føre seg.
– Leiarar og verneombod skal vere med på ei kartlegging og fylle ut faktafelt. 25. november vil alle tilsette få eit spørjeskjema, som skal gi grunnlag for å lage rapportar. Ut i frå det vil det bli laga konkrete tiltak, som igjen skal setjast i verk. Tiltaka skal til slutt bli evaluert, forklarar Undebakke, som trur ein skal ha kome langt i prosessen når sommaren er her, utan at alle tiltaka må vere ferdige då.
Sterk oppmoding
I spørjeskjemaet vil det vere eit breitt utval av spørsmål som går på korleis ein har det som tilsett på arbeidsplassen.
– Vi er pålagt å jobbe systematisk med arbeidsmiljøet og dette er eitt av tiltaka. Noko som også er nytt er at vi no gjennomfører ei slik undersøking samla og ikkje avdelingsvis. Men avdelingane skal jobbe med spesifikt for seg etter at spørjeundersøkinga er ferdig, seier Garshol.
Det vil vere mogleg å svare på undersøkinga i perioden 25. november – 16. desember. Ifølgje Undebakke vil tek den 10-20 minuttar å svare på.
– Vi håpar på stor oppslutning, slik at tilbakemeldingane er representative, fortset Garshol. - Alle tilsette bør ta seg tid til dette for å hjelpe til med å utvikle arbeidsmiljøet i den retninga vi vil, avsluttar personaldirektøren.
Les meir om ARK
Les meir om ARK ved Høgskulen i Volda (Krev innlogging)