Semesters

IPA173 Innføring i arealplanlegging og GIS (Geografiske Informasjonssystem)

Course code: 
IPA173
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2018 Autumn
Assessment semester: 
2018 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Godkjende arbeidkrav i emna IPA111 og IPA112

Course content

Emnet er todelt og skal gi ei innføring og eit oversyn over arealplanlegging etter Plan- og bygningslova på kommunalt og regionalt nivå, og ei innføring i GIS både teoretisk og metodisk med fokus på GIS som planverkty.

Emnet skal etablere ei forståing for Plan- og bygningsloven som planverkty, og knyte dette til praktisk arealplanlegging. Sentralt i emnet er ei fordjuping i arealplansystemet med plantypar, planprosessen og medverknad, generelle utgreiingskrav og føringar for arealplanlegging. Emnet har fokus på overordna arealplanlegging og tek føre seg sentrale arealplandokument; Planprogram, planomtale og føresegner, plankart med arealføremål, og konsekvensutgreiing og ROS-analyse. Planleggaren si rolle vert diskutert. Emnet vil også gi ein innføring i rettsverknaden av arealplanar.

Praktisk og teoretisk kjennskap til GIS er ein føresetnad for å legge til rette for gode arealplanprosessar og for å kommuniserer godt med dei mange aktørane i planprosessen. Studentane skal difor også presenterast for dei moglegheitene og utfordringane GIS- som planverktøy representerer. Gis-undervisninga vil bli organisert rundt praktiske øvingar der studentane får metodisk erfaring med enkel bruk av GIS.

Emnet vil i størst mogleg grad bruke konkrete arealplanar og arealplanprosessar i undervisninga, og slik halde eit praksisnært fokus. Emnet gir ein god basis for dei som skal arbeide (og samarbeide) i kommunal sektor med planfaglege oppgåver, og for dei som ynskjer å gå vidare i eit planorientert masterstudium ved annan institusjon. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha

  • kunnskap om innhaldet i plankart og plandokument, og rettsverknader av planar
  • inngåande kunnskap om medverknad i arealplanarbeidet
  • kunnskap om geografiske informasjonssystem (GIS) som eit viktig verktøy for arealplanlegging
  • grunnleggande kunnskapar om geografiske data og kartografi
  • teoretisk og metodisk kjennskap til GIS i eit medverknadsperspektiv
Learning outcome skills

Kandidaten skal kunne:

  • medverke i og legge til rette for planprosessar på overordna nivå (kommuneplanen sin arealdel/kommunedelplan)
  • gjere bruk av styrande dokument i arealplanarbeidet
  • hente inn og samanstille geografiske data ved hjelp av eit GIS-verktøy
  • arbeide fram enkle kart til publikasjon/saksgrunnlag
Learning outcome qualification

Studenten skal ha innsikt i arbeid med (og samarbeid om) arealplanfaglege oppgåver knytt til oversiktsplanlegging i kommunal sektor.

Working and learning activities

Undervisinga i emnet går over eit semester. I tillegg til førelesingar vert det gitt rettleiing i samband med øvingar. Arbeidskrav vert utforma som øvingar i kombinasjon med refleksjonstekstar på omlag 1500 ord (+/- 10%) som skal løysast individuelt.

Assessment requirements

Frammøtekrav: Emnet har krav om frammøte i minimum 80% av undervisningstida.

Arbeidskrav: Tre arbeidskrav må vere godkjende for å få gå opp til eksamen. To av desse skal studenten velje ut og levere inn til eksamensvurdering.

Evaluation system
Minimum number of students: 
5
Maximum number of students: 
25
Person in charge: 
Kjersti Straume
Used in other programs
  • Planning and administration - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
1 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
To godkjende arbeidskrav skal leverast til mappeeksamen.
Kvart av desse to arbeidskrava skal innehalde eit kartarbeid og vere på omlag 1500 ord +/- 10%
Approval signature: 
Odd Ragnar Hunnes 07.02.18