Semestre
- 2025 Haust
- 2024 Haust
- 2023 Haust
- 2022 Haust
- 2021 Haust
- 2020 Haust
- 2019 Haust
- 2018 Haust
- 2017 Haust
- 2016 Haust
IPA301 Regional planlegging og utvikling
Ingen
Emnet skal gje kompetanse om innhaldet i heilskapleg og berekraftig samfunnsutvikling, og korleis systematisk plan- og utviklingsarbeid kan fremme ei slik utvikling.
Emnet vektlegg utfordringar, men også moglegheiter, ulike regionar står overfor som utviklingsaktørar. Sentralt i emnet er såleis korleis ein kan stimulere og leie utviklings- og endringsprosessar i samfunn, men også i organisasjonar. Samskaping og partnarskap mellom det sivile samfunnet, næringsliv, demokratiske institusjonar og offentleg sektor, står sentralt. Likeins samanhengen mellom politikk, planlegging og ei berekraftig og heilskapleg samfunnsutvikling.
Emnet er eigna for planleggarar, leiarar og andre tilsette med ansvar for samfunnsplanlegging og regional utvikling i kommunar, fylke og stat, og tilsette i privat og frivillig sektor som har mykje kontakt med offentleg sektor om plan- og utviklingsarbeid. I tillegg er emnet eigna for studentar som ønsker å kvalifisere seg til slike stillingar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- avansert kunnskap om perspektiv, teoriar og metodar som er relevante for regional utvikling, planlegging og innovasjon
- avansert kunnskap om korleis kople instrumentell og kommunikativ rasjonalitet i kapasistesbyggande og legitimerande prosessar
- avansert kunnskap om samanhengen mellom proaktivt utviklingsarbeid og korleis planleggingssystem kan brukast til å skape innovasjon, endring og utvikling i samfunn og organisasjonar
Studenten skal sjølvstendig kunne
- analysere og forstå utviklingstrekka og utfordringane i samfunn og organisasjonar
- designe plan- og utviklingsprosessar
- planlegge i organisasjonar og samfunn
- leie plan- og utviklingsarbeid
Studenten skal sjølvstendig kunne
- kritisk vurdere ulike modellar og verktøy for regional utvikling, samfunnsendring, partnarskap mellom privat og offentleg sektor m.m.
- kritisk reflektere over rolla som planleggar og utviklingsaktør
Undervisninga er organisert i tre vekesamlingar, med mandag som studiedag (førebuing, kollokvium, avtalt rettleiing m.m.) og med organisert undervisning tirsdag til fredag.
Samling 1: Veke 35
Samling 2: Veke 41
Samling 3: Veke 46
Samlingane vil mellom anna ta for seg teoriar om samfunnsplanlegging, plan- og styringssystem i offentleg sektor, og innovasjon og samskaping som verktøy for regional utvikling. Vidare vil ein utforske innhaldet i berekraftig og heilskapleg planlegging i eit regionalt perspektiv.
Undervisninga er lagt opp med ein kombinasjon av forelesingar, dialog, gruppearbeid, presentasjon og drøfting i plenum m.m. Det er lagt vekt på praktiske øvingar med utgangspunkt i deltakarane sine eigne utfordringar. Mellom anna blir studentane oppfordra til å beskrive og analysere sine regionar/kommunar, og å presentere dette for medstudentane. På denne måten blir undervisninga også ein møteplass med praksisfeltet.
Deltakarane får tilgang til eit elektronisk klasserom (i Canvas) der program for samlingar, førelesingar m.m. vert tilgjengeleg for nedlasting, og der deltakaren kan levere oppgåver for kommentar og kommunisere med faglæraren og med kvarandre.
Arbeidskrav
Arbeidskrav 1: Levere eit utkast til semesteroppgåve på ca. 1500 ord innan oppgitt frist.
Arbeidskrav 2: Kommentere ein medstudent si semesteroppgåve (fagfellevurdering) innan oppgitt frist.
Instruksjonar for levering av semesteroppgåve og fagfellevurdering kjem fram av Canvas.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Samfunnsplanlegging og leiing - master
- Samfunnsplanlegging og leiing - master (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | Semesteroppgåve. Oppgåveteksten for artikkelen vert gitt ved starten av semesteret. Det blir høve til innlevering av utkast heile hausten som faglærar kommenterer og som studenten så kan bearbeide vidare før endeleg innlevering. Oppgåva skal formast som ein vitskapleg tidsskriftartikkel som skal synleggjere at kandidaten kjenner og kan bruke pensum eller tilsvarande litteratur på ein systematisk og vitskapleg måte. | Alle | Fagleg artikkel på 5000 ord (+/- 10%) inkludert tekst, figurar, tabellar og kjeldeliste. Innhaldsliste og vedlegg er ikkje vanleg i denne sjangeren. |
Heimeeksamen | Individuell | 3 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | Heimeeksamen. Oppgåveteksten blir gitt kl 09:00 fyrste eksamensdag, med innlevering kl 14:00 tredje eksamensdag. Heimeeksamenen skal skrivast utan rettleiing og den skal teste studentane sine evner til å bruke kunnskapen utvikla gjennom kurset i ein intensiv arbeidssituasjon. Heimeeksamenen skal formast som ein vitskapleg tidsskriftartikkel med tilsvarande krav som for semesteroppgåva. | Alle | Fagleg artikkel på 5000 ord (+/- 10%) inkludert tekst, figurar, tabellar og kjeldeliste. Innhaldsliste og vedlegg er ikkje vanleg i denne sjangeren. |