Semestre

IPA301 Regional planlegging og utvikling

Emnekode: 
IPA301
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2019 Haust
Eksamenssemester: 
2019 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Formålet med emnet er å få offentleg tilsette og andre til å fremme heilskapleg sosial, økonomisk og økologis berekraftig samfunnsutvikling  basert på systematisk plan- og utviklingsarbeid innanfor demokratiske styringssystem. Regionomgrepet inkluderer i dette emnet landsdelar, fylke, kommunar, samarbeid mellom kommunar m.m. Det vil seie territoriale einingar med administrativ avgrensing og/eller sams identitet, sams næringsstruktur, sams bu-, arbeid- og serviceområde osv. Planlegging blir definert som det å knyte saman kunnskap og handling i ein målretta politisk aktivitet, og det blir i dette emnet lagt vekt på å få fram at planlegging inneber ein kombinasjon av instrumentell og kommunikativ rasjonalitet, noko som er nødvendig for å kunne fremme deltaking, demokrati, kapabilitet, læring og innovasjon.

Det blir lagt til grunn at politikk for samfunnsutvikling inkludert regionalpolitikk har bevega seg frå ein fordelingspolitikk til ein utviklingspolitikk basert på innovasjon og konkurranse der regionar/kommunar har blitt tillagt større makt og ansvar for eiga utvikling. Difor er det viktig for regionane/kommunane at dei står fram som sterke regionalpolitiske aktørar. Emnet legg difor vekt på utfordringane som ulike regionar står ovanfor, analysering av evnene dei har til å svare på slike, og utvikling av strategiar og tiltak for å møte utfordringane. Emnet fungerer som ein syntese av regional utvikling og heilskapleg samfunnsplanlegging med vekt på korleis ein kan stimulere og leie utviklings- og endringsprosessar i samfunn og organisasjonar. Samskaping (collaboration) og partnarskap mellom det sivile samfunnet, næringslivet, demokratiske institusjonar og offentleg administrasjon i endringsarbeidet står sentralt.

Emnet er eigna for planleggarar, leiarar og andre tilsette med ansvar for samfunnsplanlegging og regional utvikling i kommunar, fylke og stat, og tilsette i privat og frivillig sektor som har mykje kontakt med offentleg sektor om plan- og utviklingsarbeid. I tillegg er emnet eigna for studentar som ønsker å kvalifisere seg til slike stillingar.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • avansert kunnskap om perspektiv, teoriar og metodar som er relevante for regional utvikling, planlegging og innovasjon
  • avansert kunnskap om korleis kople instrumentell og kommunikativ rasjonalitet i kapasistesbyggande og legitimerande prosessar
  • avansert kunnskap om samanhengen mellom proaktivt utviklingsarbeid og korleis planleggingssystem kan brukast til å skape innovasjon, endring og utvikling i samfunn og organisasjonar
Ferdigheiter

Studenten skal sjølvstendig kunne

  • analysere og forstå utviklingstrekka og utfordringane i samfunn og organisasjonar
  • designe plan- og styringssystem
  • planlegge i organisasjonar og samfunn
  • leie plan- og utviklingsarbeid
Generell kompetanse

Studenten skal sjølvstendig kunne

  • kritisk vurdere ulike modellar og verktøy for regional utvikling, samfunnsendring, partnarskap mellom privat og offentleg sektor m.m.
  • kritisk  reflektere over rolla som planleggar og utviklingsaktør
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga er organisert i 3 vekesamlingar, med mandag som studiedag (førebuing, kollokvium, avtalt rettleiing m.m.) og med organisert undervisning tirsdag til fredag.

Samling 1: Veke 35

Samling 2: Veke 41

Samling 3: Veke 46

Undervisninga er lagt opp med ein kombinasjon av forelesingar, dialog, gruppearbeid, presentasjon og drøfting i plenum m.m. Det er lagt vekt på praktiske øvingar med utgangspunkt i deltakarane sine eigne utfordringar. Dette fordi dei fleste studentane som tek dette emnet har til dels lang og relevant arbeidslivserfaring og representerer ulike profesjonar og fagområde. Desse erfaringane og bakgrunnane blir aktivt brukt i undervisninga ved at studentane som del av den dialogbaserte undervisinga heile tida blir oppfordra til å kome med eksempel som kan illustrere forelesingane. Vidare blir alle studentane oppfordra til å  beskrive og analysere sine regionar/kommunar, desse arbeida får studentane høve til å presentere for medstudentane når presentasjonane kan brukast i undervisinga for å illustrere/utdjupe tema som det blir undervist i. Desse presentasjonane vekker normalt mykje interesse og bidreg til debatt og refleksjon. For dei studentane som ikkje har arbeidslivserfaring  blir undervisinga på denne måten ein møteplass med praksisfeltet, og for alle studentane blir undervisinga ein arena for studentaktive læringsformer.

Det blir forventa at deltakarane driv sjølvstudium mellom samlingane og at dei leverer heimeoppgåver for kommentar. Deltakarane får tilgang til eit eige elektronisk klasserom der program for samlingar, førelesingar m.m. vert tilgjengeleg for nedlasting, der deltakaren kan levere oppgåver for kommentar og kommunisere med faglæraren og med kvarandre. I dette inngår også at studentane fungerer som fagfellar for kvarandre.

Vurderingsforma er lagt nær opp til forventa arbeidsmåtar i praksisfeltet, det vil seie at studentane bruker pensumet til å forstå og forbetre praksis. Dei skal skrive to faglege artiklar, den eine under rettleiing heile semesteret og den andre i løpet av nokre dagar og utan rettleiing. Oppgåvene er utforma slik at sentrale teoriar, omgrep og modellar i emnet skal brukast til å forklare eller forstå praksis dokumenter gjennom forsking, utgreiingar, eksempel og eigne erfaringar. Vurderinga legg vekt på i kva grad studenten knyter saman teori og praksis i ei sjølvstendig og fagleg kritiske drøfting. Det er utarbeidd eigna rettleiing til studentane og sensorane om vurderingsforma, eksamenselementa og vektlegginga ved sensur.

Samling 1 Regionale utvikling og samfunnsplanlegging

På denne samlinga definerer vi omgrepet region og presenterer regionale utviklingstrekk med vekt på befolkningsutvikling, næringsvekst og attraktivitet. Deretter drøftar vi planlegging som omgrep og fenomen, herunder modernitet, tid og rom, aktørar og strukturar, instrumentell versus kommunikativ rasjonalitet. Vidare drøftar vi element som politikk, makt, roller, læring og legitimitet som alle inngår i planlegging. Vi presentere tradisjonar og teoriar i planleggingsfaget og klassifiseringar av desse, og vi avsluttar samlinga med å presentere ei samansett grunngjeving for planlegging og ein design av planleggingssystem som kan bidra til legitimering av planar.

Samling 2 Innovasjon, kapabilitet og institusjonell kapasitetsbygging

På denne samlinga definerer vi ulike former for innovasjon og entreprenørskap, og vi går grundig inn på offentleg innovasjon, behovet for offentleg innovasjon og hemmarar og fremmarar av innovasjon i offentleg sektor. Vi tydeleggjer parallellar mellom kollaborativ planlegging og kollaborativ innovasjon. Deretter drøftar vi regimer i regionalpolitikken, differensiert regionalpolitikk og fire utviklingsstrategiar. Dette fører oss fram til drøfting av behovet for institusjonell kapasitetsbygging, styrking av regional handlingskapasitet og til presentasjon av og argumentasjon for ei kapasitetsbyggande planlegging basert på kopling mellom variablar i utviklingsprosessar og verktøy i planprosessar. 

Samling 3 Regional planlegging og stadutvikling

Denne samlinga er meir praktisk orientert enn dei to første. Vi startar med å presentere region- og kommuneplanlegging som formelt system. Deretter drøfte vi konkurranse versus samarbeid og lokal og regional identitets betyding for regional utvikling. Vidare presenterer vi forsking på lokale og regionale utviklingsprosessar, stadutvikling på ulike nivå, perspektiv på bypolitikk og byplanlegging og voksande byar sine regionale løysingar. Samlinga blir avslutta med repetisjon av sentralt stoff i emnet.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Eksamen består av ei heimeoppgåve og ein heimeeksamen. Det er eit arbeidskrav at kvar student leverer eit utkast til heimeoppgåva seinast søndagen i den andre samlingsveka. Utkastet skal innehalde ein disposisjon, ei innleiing med tolking og avgrensing av oppgåva, og ein presentasjon av aktuelle teoriar/modellar/omgrep. Utkastet skal vere på minimum ca. 1500 ord. Både faglæraren og medstudentar skal kommentere utkastet før endeleg innlevering.

Sensorordning
Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Roar Amdam
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Samfunnsplanlegging og leiing - master
  • Samfunnsplanlegging og leiing - master (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Digital eksamen. Oppgåveteksten for artikkelen vert gitt ved starten av semesteret. Det blir høve til innlevering av utkast heile hausten som faglærar kommenterer og som studenten så kan bearbeide vidare før endeleg innlevering. Heimeoppgåva skal formast som ein vitskapleg tidsskriftartikkel som skal synleggjere at kandidaten kjenner og kan bruke pensum eller tilsvarande litteratur på ein systematisk og vitskapleg måte.
Alle
Heimeoppgåve. Fagleg artikkel på 5000 ord (+/- 10%) inkludert tekst, figurar, tabellar og kjeldeliste. Innhaldsliste og vedlegg er ikkje vanleg i denne sjangeren.
Heimeeksamen
Individuell
3 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Digital eksamen. Oppgåveteksten blir gitt kl 09:00 fyrste eksamensdag, med innlevering kl 14:00 tredje eksamensdag. Heimeeksamenen skal skrivast utan rettleiing og den skal teste studentane sine evner til å bruke kunnskapen utvikla gjennom kurset i ein intensiv arbeidssituasjon. Heimeeksamenen skal formast som ein vitskapleg tidsskriftartikkel med tilsvarande krav som for heimeoppgåva.
Alle
Heimeeksamen. Fagleg artikkel på 5000 ord (+/- 10%) inkludert tekst, figurar, tabellar og kjeldeliste. Innhaldsliste og vedlegg er ikkje vanleg i denne sjangeren.
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 28.02.19