Semestre

IPA301 Regional planlegging og utvikling

Emnekode: 
IPA301
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2016 Haust
Eksamenssemester: 
2016 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet legg vekt på at offentleg tilsette har eit stort samfunnsansvar som kan ivaretakast gjennom systematisk plan- og utviklingsarbeid. Regionomgrepet inkluderer i dette emnet landsdelar, fylke, kommunar, samarbeid mellom kommunar m.m. Det vil seie territorielle einingar med administrativ avgrensing og/eller sams identitet, sams næringsstruktur, sams bu-, arbeid- og serviceområde osv. Planlegging blir definert som det å knyte saman kunnskap og handling i ein målretta politisk aktivitet, og det blir i dette emnet lagt vekt på å få fram at planlegging inneber ein kombinasjon av instrumentell og kommunikativ rasjonalitet, noko som er nødvendig for å kunne fremme deltaking, demokrati, kapabilitet, læring og innovasjon.

Vidare er det slik at politikk for samfunnsutvikling inkludert regionalpolitikk har bevega seg frå ein fordelingspolitikk til ein utviklingspolitikk basert på konkurranse der regionar/kommunar har blitt tillagt større makt og ansvar for eiga utvikling. Difor er det viktig for regionane/kommunane at dei framstår som sterke regionalpolitiske aktørar. Emnet legg difor vekt på utfordringane som ulike regionar står ovanfor, analysering av evnene dei har til å svare på slike, og utvikling av strategiar og tiltak for å møte utfordringane. Emnet fungerer som ein syntese av regional utvikling og heilskapleg samfunnsplanlegging med vekt på korleis ein kan stimulere og leie utviklings- og endringsprosessar i samfunn og organisasjonar. Partnarskap mellom det sivile samfunnet, næringslivet, demokratiske institusjonar og offentleg administrasjon i endringsarbeidet står sentralt.

Emnet er eigna for planleggarar, leiarar og andre tilsette med ansvar for samfunnsplanlegging og regional utvikling i kommunar, fylke og stat, og tilsette i privat og frivillig sektor som har mykje kontakt med offentleg sektor om plan- og utviklingsarbeid. I tillegg er emnet eigna for studentar som ønsker å kvalifisere seg til slike stillingar.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar
  • Avansert kunnskap om perspektiv, teoriar og metodar som er relevante for regional utvikling, planlegging og innovasjon. 
  • Avansert kunnskap om korleis kople instrumentell og kommunikativ rasjonalitet i kapasistesbyggande og legitimerande prosessar.
  • Avansert kunnskap om samanhengen mellom proaktivt utviklingsarbeid og korleis planleggingssystem kan brukast til å skape innovasjon, endring og utvikling i samfunn og organisasjonar. 
Ferdigheiter
  • Til å analysere og forstå utviklingstrekka og utfordringane i samfunn og organisasjonar. 
  • Til å designe plan- og styringssystem.
  • Til å planlegge i organisasjonar og samfunn. 
  • Til å leie plan og utviklingsarbeid.
Generell kompetanse

Gjennom forelesingar, dialog, heimeoppgåver og praktiske øvingar skal studentene oppnå kompetanse til:

  • Kritisk å vurdere ulike modellar og verktøy for regional utvikling, samfunnsendring, partnarskap mellom privat og offentleg sektor m.m.
  • Kritisk å reflektere over rolla som planleggar og utviklingsaktør. 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga er organisert i 3 vekesamlingar, med mandag som studiedag (førebuing, rettleiing, kollokvium m.m.) og med organisert undervisning tirsdag til fredag.

Samling 1: Veke 36

Samling 2: Veke 41

Samling 3: Veke 47

Undervisninga er lagt opp med ein kombinasjon av forelesingar, dialog, gruppearbeid, presentasjon og drøfting i plenum m.m. Det er lagt vekt på praktiske øvingar med utgangspunkt i deltakarane sine eigne utfordringar. Det blir forventa at deltakarane driv sjølvstudium mellom samlingane og at dei leverer heimeoppgåver for kommentering. Deltakarane får tilgang til eit eige elektronisk klasserom (Fronter) der program for samlingar, førelesingar m.m. vert tilgjengeleg for nedlasting, der deltakaren kan levere oppgåver for kommentar og kommunisere med faglæraren og med kvarandre.

Samling 1: Regional utvikling og samfunnsplanlegging.

I denne samlinga drøfter vi drivkrefter i regionale nærings- og samfunnsstrukturar i Noreg og i utlandet og ulike teoretiske perspektiv på regional utvikling, og vi utviklar ei kritisk forståing av kva for utviklingsprosessar og politikk som har ført til den noverande strukturen. Like eins drøftar vi kva utfordringar som noverande utviklingstrekk kan føre til av omfordeling og endring i ein territoriell samanheng. Samlinga gir ein oversikt over utviklingsteoriar og planleggingsteoriar, offentlege planleggingssystem, og kva utviklingsstrategiar som kan nyttast for å få endra utvikling og kva teoretisk grunnlag som strategiane har.

Samling 2: Innovasjon, kapabilitet og institusjonell kapasitetsbygging.

Samlinga bygger vidare på samlinga 1 og vi drøftar korleis utfordringar i regional utvikling kan møtast med institisjonsbyggande prosessar. Eit sentrale omgrep er regional kapabilitet, det vil seie regionale samfunn si emne til å møte utfordringar. Herunder korleis forvaltninga kan fremme innovasjon i offentleg, privat og frivillig sektor. Følgjande spørsmål blir drøfta: Er det mogleg å styre regional utvikling utanfrå eller innanfrå - eller må det brukast meir konkurransebaserte, proaktive og mobiliserande arbeidsmåtar? Kva er grensene for og rolla til planlegging og planleggarar av regional utvikling under ulike forhold? Kva virkemiddel og arbeidsmåtar er aktuelle for å stimulere regional utvikling - kva bruksområde har dei? Kva slags utviklings- og planleggingsteoriar, og utviklingsstrategiar kan nyttast for å skape ønskt endring. Det er lagt stor vekt på kva som stimulerer regionale utviklingsprosessar, og korleis kommunar, fylke og stat kan bidra til utvikling av samfunn i samarbeid med private partnerar.

Samling 3: Regional planlegging og stedsutvikling.

Samlinga tek for seg ulike politiske retningar og strategiar innan regional utvikling og planlegging i spesielt Europa og i Noreg. Forholdet mellom politikk og planlegging for utvikling av regional framtid står sentralt - spesielt kva rolle det regionale nivået kan ha i forhold til lokale, nasjonale og internasjonale strukturar og prosessar - partnarskap med andre aktørar lokalt og nasjonalt. Det er spesielt fokus på interessekonfliktar, men også samarbeidsmoglegheiter mellom aktørar. Stedsutvikling blir brukt som illustrasjon på regionalt plan- og utviklingsarbeid.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Innlevert eigenvurdering

Evaluering og kvalitetssikring

Studentane vel tre representantar som saman med emneansvarleg og ein annan frå instituttet utgjer fagutvalet for emnet. Fagutvalet har møte på kvar samling. Vi viser elles til ordningar som gjeld for kvalitetssikring ved HVO.

Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Roar Amdam
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Samfunnsplanlegging og leiing - master
  • Samfunnsplanlegging og leiing - master (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Oppgåveteksten for artikkelen vert gitt ved starten av studiet. Det blir høve til innlevering av utkast heile hausten som faglærar kommenterer og som studenten så kan bearbeide vidare før endeleg innlevering. Oppgåva skal formast som ein vitskapleg tidsskriftartikkel som skal synleggjere at kandidaten kjenner og kan bruke pensum eller tilsvarande litteratur på ein systematisk og vitskapleg måte.
Alle
Fagleg artikkel på 5000 ord (+/- 10%) inkludert tekst, figurar, tabellar og kjeldeliste. Standard framside tel ikkje med, og innhaldsliste og vedlegg er ikkje vanleg i denne sjangeren.
Heimeeksamen
Individuell
2 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Digital eksamen. Oppgåveteksten blir gitt i slutten av semesteret og med frist på 53 timar for levering. Heimeeksamenen skal skrivast utan rettleiing og den skal teste studentane sine evner til å bruke kunnskapen utvikla gjennom kurset i ein intensiv arbeidssituasjon. Heimeeksamenen skal formast som ein vitskapleg tidsskriftartikkel med tilsvarande krav som for oppgåva.
Alle
Fagleg artikkel på 5000 ord (+/- 10%) inkludert tekst, figurar, tabellar og kjeldeliste. Standard framside tel ikkje med, og innhaldsliste og vedlegg er ikkje vanleg i denne sjangeren.
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 15.04.16