Semestre
- 2025 Haust
- 2024 Haust
- 2023 Haust
- 2022 Haust
- 2021 Haust
- 2020 Haust
- 2019 Haust
- 2018 Haust
- 2017 Haust
- 2016 Haust
IPA301 Regional planlegging og utvikling
Ingen
I dette emnet utforskar vi samfunnsplanlegging som praksis og teori, og forhaldet mellom desse. Vi tek føre oss utvikling av samfunn og regionar gjennom samskaping mellom sektorar og aktørar, medverknad og medborgarskap, og planlegging som innovasjon og entreprenørskap. Vidare drøftar vi korleis kommunikativ og kollaborativ planleggingspraksis og planleggarrolla kan fremme endring og berekraftig utvikling, først og fremst i norske regionar.
Studiet er eigna både for nyutdanna bachelorstudentar og for yrkesaktive som ønskjer kompetanse på masternivå. Emnet er eit obligatorisk innføringsemne på mastergraden i samfunnsplanlegging og leiing, men kan også gjennomførast som eit sjølvstendig emne i vidareutdanning.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- avansert kunnskap om grunnleggande planteoretiske perspektiv
- avansert kunnskap om korleis kommunikativ og kollaborativ planleggingspraksis kan nyttast til å fremme innovasjon og endring i samfunn og regionar
Studenten skal sjølvstendig kunne
- analysere og forholde seg kritisk til utviklingstrekk og utfordringar i samfunn og regionar ved hjelp av planteoretiske perspektiv
- finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff på ein sjølvstendig måte, og framstille og drøfte dette slik at det svarer på ei problemstilling
Studenten skal sjølvstendig kunne
- kritisk vurdere korleis planlegging som verktøy kan nyttast i ulike situasjonar og kontekstar for å fremme ei berekraftig utvikling.
- kritisk reflektere over planleggarrolla i praktisk og teoretisk planlegging
Emnet er samlingsbasert med tre samlingar. Samlingane er på fire dagar (tysdag til fredag), med ein kombinasjon av fysisk oppmøte og digital undervising.
Undervisninga er ein kombinasjon av forelesingar, nettleksjonar, seminar og studentaktivitetar. Undervisninga er i stor grad dialogbasert og det er lagt opp til at studentane møter opp og deltek aktivt.
Deltakarane får tilgang til eit elektronisk klasserom (Canvas) der program for samlingar, førelesingar m.m. vert tilgjengeleg, og der studentane kan levere oppgåver for kommentar og kommunisere med faglærar og med kvarandre.
Meir informasjon om tidspunkt for oppmøte og samlingar ligg her.
Arbeidskrav
Arbeidskrav 1: Gjennomføre litteratursøk.
Arbeidskrav 2: Levere eit utkast til heimeoppgåve.
Arbeidskrav 3: Gje fagfellevurdering (kommentar etter bestemt format) til ein medstudent sitt oppgåveutkast.
Instruksjonar og innleveringsfristar for arbeidskrava kjem fram av Canvas.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Samfunnsplanlegging og leiing - master
- Samfunnsplanlegging og leiing - master (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Alle | 5000 ord (+/- 10%) inkludert tekst, innhaldsliste, figurar, tabellar og kjeldeliste i tråd med APA 6th eller 7th. |
Arbeidet med heimeoppgåva føregår gjennom heile semesteret. Heimeoppgåva skal leverast i eiga eksamensmappe (Inspera) innan oppgitt frist. Studentane får rettleiing.
Heimeoppgåva skal skrivast på bakgrunn av oppgitt eller eit valfritt tema. Studentane skal formulere eiga problemstilling og diskutere denne ved bruk av relevant teori og empiri.