Semesters

KOH202 Bacheloroppgåve i design, kunst og handverk

Course code: 
KOH202
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2026 Spring
Assessment semester: 
2026 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

KOH131, KOH133, KOH138, KOH134 + KOH204 eller KOH203

Course content

Emnet er eit obligatorisk emne i studieprogrammet Bachelor i design, kunst og handverk. Emnet handlar om korleis kunnskap vert innhenta og utvikla innanfor faget, i eit utviklings- og fornyingsperspektiv. Studentane får trening i å gjennomføre eit sjølvstendig praktisk fagleg arbeid med forskingstilsnitt. Utviklingsarbeidet kan ha ei fagdidaktisk forankring. 

Learning outcome

I samsvar med det najonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten:

  • har brei kunnskap om relevante metodar innan kunstfagleg- og pedagogisk forskings- og utviklingsarbeid (FOU) 
  • har kjennskap til filosofi og vitskapsteori 
  • har inngåande kunnskap om valt problemområde for bachelorarbeidet  
  • har kunnskap om problemstilling, kjeldemateriale og empiri, presentasjon og vurdering av resultat  
  • har kunnskap om kunst- og formkultur relatert til eige prosjekt. 
Learning outcome skills

Studenten:

  • kan planleggje og gjennomføre eit sjølvstendig utviklingsarbeid  
  • kan avgrense eige problemområde og utforme problemstillingar  
  • kan analysere og bruke kjeldemateriale og empiri 
  • kan skape, presentere og vurdere resultat av eige utviklingsarbeid. 
Learning outcome qualification

Studenten:

  • kan vise fagleg engasjement i aktuelle spørsmål om kunst, design og handverksfaglege tema i ulike samanhengar. 
Working and learning activities

Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale formidlings- og læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing. Undervisninga vert organisert både individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt. Studenten får prosessevaluering i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar. Rettleiing er ein viktig del av vurderingsarbeidet, samt dialogseminar der alle involverte tek del i vurderingsarbeidet.  

Det er forventa at studentane tek del på ein dagstur i regionen. Studentane må sjølve dekkje reiseutgifter ved deltaking på studieturen. Om studentar ikkje har høve til å ta del på turen må dei i samråd med lærar utforme eit alternativt opplegg.  

Assessment requirements

Det er obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6. Studentar som er borte frå undervisninga, har sjølve ansvar for å setje seg inn i gjennomgått fagstoff i deira fråvær. 

Arbeidskrav: 

  • Det er obligatorisk framlegging i eit av plenumsmøta, og obligatorisk rettleiing. 
  • Prosjektskissa må vere godkjend før ein får gå opp til eksamen. 
  • Det er forventa at studentane tek del på ein dagstur i regionen. Dersom studenten ikkje har høve til å ta del må ein gjennomføre eit alternativt opplegg i samråd med lærar. 
Evaluation system
Minimum number of students: 
14
Maximum number of students: 
25
Person in charge: 
Cathrine Yksnøy
Expenses

Studentane betaler ei avgift på kr 300,-. 

Used in other programs
  • Design, Arts and Crafts - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual or Group exam
Semesters
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Eksamen består av: Ei praktisk fordjupingsoppgåve og ein skriftleg rapport (omlag 5000 ord). Desse gir ein foreløpig samla karakter. Ein munnleg presentasjon justerer karakteren.
Adjusting oral examination
Individual
30 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Approval signature: 
Unni Hagen