Semesters
- 2025 Spring
- 2024 Spring
- 2023 Spring
- 2022 Spring
- 2021 Spring
- 2020 Spring
- 2019 Spring
- 2018 Spring
- 2017 Spring
- 2016 Spring
KOH204 Objekt i rom
Objekt i rom er eit obligatorisk emne i studieprogrammet Bachelor i design, kunst og handverk, og er på fordjupingsnivå.
Emnet byggjer på det faglege nivået som årsstudiet i design, kunst og handverk gir, og skal vidareutvikle studenten sin kompetanse knytt til skapande arbeid av tre-dimensjonale uttrykk. Emnet gir kunnskap om og forståing for samtidskunsten. Dette er særleg knytt til stadsspesifikk kunst, og objekt- og installasjonskunst. Utforskande arbeidsmåtar, og refleksjon knytt til fagteori, vert vektlagt.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kunnskap om utforskande og skapande prosessar, i teori og praksis
- har kunnskap om ulike materiale sine eigenskapar, samt moglegheiter for teknisk bearbeiding
- har kunnskap om estetisk teori
- har kunnskap om relevante område innanfor samtidskunsten, med særleg fokus på objektkunst, installasjon og stadsspesifikk kunst
- har kjennskap til kvalitetsomgrepet knytt til ulike materiale
Studenten:
- kan arbeide i utforskande, skapande prosessar, samt reflektere over desse
- kan arbeide med samanstilling av ulike objekt og materiale
- kan ta i bruk relevante estetiske verkemiddel i skapande arbeid med romlege uttrykksformer
- kan bruke kunst- og formkulturen som referanse i eige arbeid
- kan gjennom eige arbeid vise kjennskap til og forståing for kvalitetsomgrepet knytt til ulike materiale
Studenten:
- har evne til å reflektere kring etiske aspekt knytt til materialval i skapande prosessar
- kan utnytte faget sitt potensiale i å fremme gjenbruk og berekraftig utvikling
- kan reflektere over relevante HMS-tiltak knytt til fagområdet.
Arbeids- og undervisningsformene i emnet er ein kombinasjon av førelesingar, digitale formidlings- og læringsressursar, praktisk og teoretisk oppgåveløysing og sjølvstudium, både individuelt og i grupper. Studentane får individuell rettleiing undervegs i arbeidsøktene. Refleksjon og diskusjon kring arbeidet står sentralt i emnet.
Det vert gjennomført studietur til relevante kunstinstitusjonar i inn- eller utland. Turen vil gå over 4-5 dagar. Studentane må sjølve dekkje reiseutgifter ved deltaking på studieturen. Dersom studenten ikkje har høve til å ta del må ein så tidleg som mogleg i semesteret, søkje om å kunne få gjennomføre eit alternativt opplegg i samråd med faglærar.
Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, om obligatorisk frammøte og deltaking. Med deltaking meiner ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysning slik at lærar og medstudentar kan få innsyn i læringsprosessane. Studentar som er borte frå undervisninga, har sjølve ansvar for å setje seg inn i gjennomgått fagstoff i deira fråver.
Desse arbeidskrava må vere gjennomførte og godkjende, før studenten får gå opp til eksamen i emnet:
- Utstilling/framlegging av eit praktisk arbeidskrav i plenum.
- Innlevering av eitt skriftleg arbeid innan fastsett frist (omlag 1000 ord).
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Studentane betalar ei materialavgift på kr 400,- til innkjøp av fellesmateriale. Studenten må pårekne kjøp av litt materiale tilpassa eiga eksamensoppgåve.
- Design, Arts and Crafts - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Group | 4 Weeks | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 60 | |||
Rapport | Individual | 4 Weeks | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 40 |