Semesters

KOH204 Objekt i rom

Course code: 
KOH204
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2026 Spring
Assessment semester: 
2026 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
KOH131 Visual Communication
KOH133 Drawing and painting
KOH134 Introduction - craft and material studies
KOH138 Art and design education in creative industries
Course content

Objekt i rom er eit obligatorisk emne i studieprogrammet Bachelor i design, kunst og handverk, og er på fordjupingsnivå.  

Emnet byggjer på det faglege nivået som årsstudiet i design, kunst og handverk gir, og skal vidareutvikle studenten sin kompetanse knytt til skapande arbeid av tre-dimensjonale uttrykk. Emnet gir kunnskap om og forståing for samtidskunsten. Dette er særleg knytt til objekt- og installasjonskunst. Utforskande arbeidsmåtar, og refleksjon knytt til fagteori, vert vektlagt.  

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

 

Learning outcome knowledge

Studenten:

  • har brei kunnskap om ulike teknikkar, materialitet og uttrykksformer innan samtidskunst 
  • har kunnskap om utforskande og skapande prosessar i møte med samtidskunst 
  • har kunnskap om estetisk teori 
  • har kunnskap om relevante område innanfor samtidskunsten, med særleg fokus på objekt- og installasjonskunst. 
Learning outcome skills

Studenten:

  • kan arbeide i utforskande, skapande prosessar, samt reflektere over desse 
  • kan vurdere og ta i bruk materialitet og estetiske verkemiddel i eige skapande arbeid 
  • kan utvikle konsept for kunstprosjekt som kommenterer ulike forhold i samtida 
  • kan bruke kunst- og formkulturen som referanse i eige arbeid.
Learning outcome qualification

Studenten:

  • har evne til å reflektere kring etiske aspekt knytt til kunsten i samtida  
  • kan reflektere kring relevante helse-, miljø- og sikkerheits-tiltak knytt til fagområdet  
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med bakgrunn i fagområdet, og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis. 
Working and learning activities

Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale formidlings- og læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing. Undervisninga vert organisert både individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt. Studenten får prosessevaluering i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar. Refleksjon og diskusjon kring arbeidet står sentralt i emnet.  

Det vert gjennomført studietur til relevante kunstinstitusjonar i inn- eller utland. Turen vil gå over 4-5 dagar. Studentane må sjølve dekkje reiseutgifter ved deltaking på studieturen. Dersom studenten ikkje har høve til å ta del må ein så tidleg som mogleg i semesteret, søkje om å kunne få gjennomføre eit alternativt opplegg i samråd med faglærar.  

  

Assessment requirements

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6, om obligatorisk frammøte og deltaking. Med deltaking meiner ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysing slik at lærar og medstudentar kan få innsyn i læringsprosessane. Studentar som er borte frå undervisninga, har sjølve ansvar for å setje seg inn i gjennomgått fagstoff i deira fråvær.        

Desse arbeidskrava må vere gjennomførte og godkjende, før studenten får gå opp til eksamen i emnet: 

  • Utstilling og framlegg av eit praktisk arbeid i plenum. 
  • Eitt skriftleg arbeid innan fastsett frist. 
Evaluation system
Minimum number of students: 
14
Maximum number of students: 
50
Person in charge: 
Cathrine Yksnøy
Expenses

Studentane betalar ei materialavgift på kr 600,- til innkjøp av fellesmateriale. Studenten må pårekne kjøp av litt materiale tilpassa eiga eksamensoppgåve. 

Used in other programs
  • Design, Arts and Crafts - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamen
Individual
5 Weeks
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Ei praktisk oppgåve med tilhøyrande dokumentasjon.
Approval signature: 
Unni Hagen